Klassekampen.no
Onsdag 13. juli 2016
Nyord: Teleskopord er samantrekte ord.
Uvanlege hendingar gir uvanlege ord.
Expertexit

Midt i ferien skal me sjå på ordleik … for den leiken, den ville han sjå! Ingen dag går utan at nokon lagar eit nytt ord. Dei fleste forsvinn att like snøgt som dei kom – dei er språklege døgnfluger. Men tvil ikkje på at mennesket er språkleg kreativt.

Kjem nylaginga på ei førsteside eller i munnen til ein mektig påverkar, kan ho slå rot, setjast i omløp og til slutt hamna i ordboka. Då får me eit genuint nyord, ein såkalla neologisme. Eg held meg her langt unna innovasjon, det ordet er for lengst brukt og oppbrukt; har verkeleg ikkje pratarane i næringslivet oppfatta det? Innovasjon Norge! Kor mykje skapartrong genererer dét? Namnet osar av mote og manglande originalitet.

Me har ein sommar med mykje uvanleg ordskaping. Årsaka er opplagd; me har vore vitne til uvanlege hendingar. Når noko utruleg eller dramatisk skjer, dukkar det alltid opp nye ord. Eller når eit tomrom må få sitt ord. Språklov: Språk speglar samfunn. Å nava kom i 2012, sakte-tv i 2013, framandkrigar i 2014, det grøne skiftet i 2015. Dei fire er ulike; dei representerer fire ulike kategoriar. Brexitbølgja (ja då, nyord, laga av meg her og no!) tok til i fjor med grexit, gresk + exit. Sisteleddet kjem frå latin, exitus, «ut-gang».

Brexit er døme på ein viss kategori nyord, såkalla teleskopord. Dei blir til ved at starten på eitt ord blir sett saman med slutten på eit anna; det skjer ei «fjernkopling». Motell er eit veletablert og tydeleg døme: motor + hotell. Engelske språkbrukarar laga òg motsvaret til brexit: bremain (remain tyder «bli verande»). I skrivande stund har me fått svexit (Sverige), nexit (Nederland), frexit (Frankrike), krexit (Krekar), komexit (kommunereforma) – det dreiar seg utan tvil om årets ordsuksess. Kjetil B. Alstadheim i Dagens Næringsliv laga nyleg blåxit og presiserte at det ikkje var snakk om skismurning, men om eventuell nedtur for Solberg-prosjektet. Alstadheim er god.

Ein rettskrivingsdetalj i all kreativiteten: Ordtypen brexit bør no skrivast med liten bokstav; det er ikkje lenger tale om namn, men om eit fenomen. Mange aviser, til dømes Aftenposten og Klassekampen, har veksla mellom Brexit og brexit. Det er det ingen grunn til.

Det me har lært i sommar, om me ikkje visste det frå før, er at ekspertar ofte ikkje fortener ordet. Expertus på latin tyder «ut-prøvd». Det gjeld så vel i politikk som i fotball. Det er den lettaste sak i verda å dokumentera at dei fleste ekspertane tok feil då dei vurderte for oss andre korleis det ville gå i England den 23. juni, like lett som det er å dokumentera at fleirtalet av ekspertane tok feil då dei vurderte korleis det ville gå med England den 27. juni. Dei er avslørte. Har dei kommentert dét? Nei. Endå den tredje sensasjonen, etter brexit I og brexit II, er at me andre står like godt rusta til å kommentera den slags som dei.

Kvifor kommenterer dei då? Den nyheita har ikkje kome på førstesidene. Heller ikkje nyordet expertexit. Men dét ordet blir vel for lite innovativt?

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«‘Innovasjon Norge!’ Namnet osar av mote og lite originalitet»

Artikkelen er oppdatert: 20. juli 2016 kl. 10.43