- Nei-sigeren i den britiske EU-avstemminga har utløyst nærmast hysteriske reaksjonar. I Storbritannia blir brexit brukt for å dolke Labour-leiaren, det er Tory-strid om ny statsminister, meir enn to millionar britar krev ny folkerøysting – og skottane vil sjølvsagt nytte høvet til å få ny avrøysting om lausriving frå England. EU-toppane varslar at britane skal kastast ut raskt, og at dei skal få svi på pungen. Her heime har statsministeren valt å tolke brexit som ei «vitamininnsprøytning til ekstreme krefter», og ho spår svekt norsk økonomi. Såkalla ekspertar hevdar til Dagens Næringsliv at brexit kan gi terrorisme og eit utrygt Europa.
Etter brexit
Leder