Klassekampen.no
Torsdag 9. juni 2016
Klar til dyst: Forfattar Jan Erik Vold har drive med formidlingsarbeid i ein mannsalder og stiller meir enn gjerne til debatt om den norske litterære kanon.
Modernismedebatten i Noreg er ikkje avslutta. Det meiner bokaktuelle Jan Erik Vold:
Slik er eg blitt ein krigar
Forfattar Jan Erik Vold vil utvide den norske litterære kánon med stemmer som blant andre komikar Harald Heide-Steen Jr.

Bøker

Jan Erik Vold har i 50 år kjempa for neglisjerte forfattarar sin plass i den norske litterære offentlegheita. Det nye kjempeverket, essaysamlinga «Kánon/kannon/kanón», er inkje unntak. Her han samla mange av kjepphestane sine i kampen mot ein mangelfull kánon.

– Eg skriv om det som det manglar nok informasjon om og det som det ikkje blir tatt tak i, seier Vold.

– Om andre hadde skrive om dette, hadde jo ikkje eg måtta gjere det. Slik er eg blitt ein krigar.

Fakta:

Jan Erik Vold:

• Jan Erik Vold (f. 1939) er ein norsk forfattar med bakgrunn frå Oslo, busett i Stockholm.

• Vold var eit sentralt medlem av Profil-kretsen på 1960-talet og er blitt ein av dei mest innflytingsrike lyrikarane i sin generasjon.

• Den moderne lyrikken har stått særleg sentralt i Volds formidlingsarbeid.

• Han er no aktuell med essaysamlinga «Kánon / kannon / kanón» på Gyldendal.

Kanón mot kánon

Boka har fått undertittelen «En krønike om litterær kvalitet» og består av det meste av det Vold har drive med av skriftleg formidlingsarbeid – avisartiklar, debattinnlegg, forord og etterord til antologiar – frå 1980-talet og fram til i dag. Åtte av essaya er nyskrivne til denne utgivinga.

– Eg har alltid syntest det har vore komisk at kánon og kanón skrivast likt. Dei betyr jo så vidt forskjellige ting, seier Vold.

– Kánon er jo ei rettesnor, men kanón er eit våpen.

Den siste utgåva av ordet ‘kannon’ i tittelen er knytt til det å vere overstadig – men her altså i tydinga engasjert, begeistra. Dei tre ordtydingane representerer viktige aspekt ved boka; ho skal løfte fram framifrå forfattarar, tekstar og periodar som ikkje har fått tilstrekkeleg merksemd og kritisere det Vold ser på som store manglar i den norske litterære kánon, med konkrete innvendingar på rekkje og rad.

På toppen kjem kritikk av Kulturrådets nye ordning med fjerning av ankenemnda og direkte krav til ulike instansar om å gjere sitt for å bidra til kanoniseringa av viktige røyster i norsk litteraturhistorie.

I ein av dei nye tekstane rettar han til og med ei direkte bøn til Oslo kommune om at Olaf Bull-plassen på Skillebekk må få att namnet sitt. Namnet vart fjerna i 1981, og plassen har stått namnlaus i 35 år.

Vold har skrive mang ein tekst om litterære stemmer som ikkje er like kjende for alle, og mange av desse frå dei siste 30 åra er samla i den nye boka – til dømes ein tekst om avis- og Oslo-poeten Gunnar Larsen (1900–1958) (som for dei fleste nok er meir kjend som redaktør i Dagbladet), som aldri har vore rekna som diktar fordi han trykte dikta sine i dagspressa, og ein tekst om Arvid Torgeir Lie (f. 1938) frå Telemark. Lie er vår fremste sosialdemokratiske poet, skriv Vold, og ved sidan av Einar Økland vår fremste nynorskpoet. Og om hovudstadsdiktaren Sigurd Bodvar (1901–1996) spør Vold i ein Samtiden-artikkel frå 2002: «Hvorfor trives den lesemåte at en underdog-forfatter som Sigurd Bodvar alltid skal holdes utenfor?»

Ein plass i sola

I Volds formidlingsarbeid er det gjennomgåande ei hårfin grense mellom ovundring og frustrasjon, det første retta mot den oversette litteraturen, det andre mot dei som har oversett han. Forfattarar som Vold har kjempa for i fleire tiår, som Rolf Jacobsen, Gunvor Hofmo, Bjørn Aamodt, Ellen Einan, og så bortetter, er også representerte med tekstar i samlinga.

Vold vil utvide rammene for kva som kan reknast som poesi, blant anna med ein nyskriven tekst om komikaren Harald Heide Steen Jr.

– Eg er stolt av å ha skrive det første essayet om Harald Heide Steen Jr.. Han er det skrive ingenting om. Ein så populær mann. Han har skapt så mykje som folk veit om. Han hadde språket i si makt. Eg ser på han som ein poet.

Vold gir også visediktarane ein velfortent plass i sola og løftar fram både Lillebjørn Nilsen, Alf Prøysen og den mindre kjende Nicolette (Karen Sofie Hanssen) som poetar.

I etterordet til boka «Udnæs: Aske / Visittid / I dette hvite lyset» frå 2009, som er trykt her, ber han NRK gjere sitt for å hente fram att regissør og dramatikar Sverre Udnæs, som han ser på det største dramatiske talentet vi har hatt i Noreg sidan Ibsen.

Vold har også kasta lys over meir eller mindre kjende sider ved forfattarskapen til kanoniserte diktarar, blant anna i teksten «Å forklare Wergeland for svensker».

– Wergeland er vår største poet. Det er det jo mange som meiner, men det blir altså ikkje skrive særleg mykje om han. Han er den einaste i norsk litteratur som har noko shakespearsk over seg. Han er eit mirakel – og vi har ikkje eingong eit Wergeland-museum.

Mangelfullt poesifelt

Vold har tidlegare skulda konkrete verk og personar for å bidra til at einskilde forfattarar blir verande i skuggen av den kanoniserte litteraturen. Særleg er det ei samla framstilling av modernismen i den norske litteraturen han saknar.

I 1980 byrja Jan Erik Vold og forfattar og litteraturforskar Kjell Heggelund på eit verk som skulle tilby ei oversikt over modernismen med utgangspunkt i dikt med frie vers, antologien «Moderne norsk lyrikk: Frie vers 1890–1980: en antologi».

– Vi ettersøkte frie vers og fann fram til 700 dikt som aldri var blitt trykte i nokon antologi. Vi ville syne fram meir av den modernistiske diktinga, men fordi feltet er så stort, tok vi utgangspunkt i dikt med i frie vers, seier Vold.

– Det betyr ikkje at vi ser på modernisme og frie vers som einstydande. Boka kom, men vart slakta. Vi vart skulda for å vere så uvitande at vi ikkje skjønte det. Det er det eg kallar den institusjonaliserte norske seindrektigheit.

Fleire gonger har han protestert mot Kulturrådets nulling av diktsamlingar, seinast i fjor i samband med nullinga av poetane Annabelle Despard og Jan Jakob Tønseth. Han har fått få reaksjonar på debattinnlegga han hadde i Morgenbladet og i Klassekampen i vinter om det han kallar Kulturrådets feilvurdering.

– Dei må svare for seg. At ankenemnda er borte, er heilt uhøyrt.

Mykje av det Vold har skrive oppigjennom, har blitt ståande ukommentert.

– Eg føler meg klippa vekk, seier han.

Sjå til Danmark!

I Samtiden i 2002 skreiv Vold essayet «Begrepet roskompetanse» om tre sentrale aktører i forvaltningen av moderne norsk lyrikk, der han rettar ein sterk kritikk mot dei litteraturhistoriske verka og diktantologiar som er utgitte, blant anna mot professor i litteratur ved Universitetet i Oslo, Per Thomas Andersen, og hans «Norsk litteraturhistorie» frå 2001. I skildringa av moderne lyrikk er verket ifølgje Vold uakseptabelt.

Jamvel om vi har fått fleire litteraturhistorieverk etter den tid, er essensen i Volds kanón at det er ingen som legg særleg vekt på modernismen.

– Det finst ikkje eit einaste verk om den lyriske modernismen på norsk – kor rart er ikkje det? I Danmark finst det mellom 20 og 30, det er klart det skapar ein heilt annan balanse i rekneskapen, seier Vold.

– Eg opplever poesifeltet i Noreg som merkverdig mangelfullt. Likevel driv alle og snakkar om postmodernismen for tida. Vi kan jo ikkje snakke om den når vi ikkje eingong veit kva modernismen er! Modernismedebatten i Noreg er ikkje avslutta.

runa.kvalsund@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 13. juni 2016 kl. 14.37