Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tenk om livet blir godt etter det grøne skiftet?

Historier om håp

Verda endrar seg. Endrar det historiene som blir fortalt? For to veker sidan var eg på ein konferanse som tok opp dette spørsmålet. Free Word Centre i London husar ei rekke organisasjonar som jobbar med litteratur og ytringsfridom. Der var rundt seksti forskarar og forfattarar samla til konferansen «Weatherfronts», og der møtte eg folk som ikkje har blitt hengande fast i spørsmålet om forfattarar har noko i klimakampen å gjere, men verkeleg har begynt å tenke rundt temaet.