Innovasjonsprofessor trur fantasi og teknologi kan hjelpe syriske flyktningar i Jordan.
Karen E. Fishers prosjekt handlar om å skape ei framtid for dei som føler at dei har mista si, ved hjelp av teknologi, informasjon og design. Meir enn 60 millionar menneske er no på flukt i verda, halvparten av desse er ungdommar. Fisher meiner dei kan finne igjen eit slags fotfeste ved å få høve til å vere kreative og til å hjelpe andre.