Mandag 18. april 2016
PROTEST: London var åstad for store demonstrasjonar mot David Cameron i helga. Budsjettkutt og Panama-lekkasjar gjer britane sinte. foto: Neil Hall, Reuters/NTB SCANPIX
Masseprotestar mot David Cameron etter skatteparadisskandale og budsjettkutt:
Krev at Cameron går av
Jeremy Corbyn
DODGY DAVE: 150.000 demonstrantar kravde laurdag at David Cameron trekkjer seg som stats­minister.

STOR­BRITANNIA

Demonstrantar har rasa etter at det var avslørt at stats­minister David Cameron har eigd aksjar i eit skatteparadis-selskap eigd av Camerons eigen far.

Laurdag følgde 150.000 demonstrantar opp og samla seg i protest mot Tory-regjeringa sine kuttplanar, ifølge The Independent. Demonstrasjonen var organisert av gruppa The People’s Assembly Against Austerity, som har som mål å drive kampanje mot alle dei økonomiske kutta i helse-, bustads-, arbeids- og utdanningssektoren.

Rørsla vart for første gong lansert i 2013 då gruppa sendte eit lesarinnlegg til avisa The Guardian der det gjekk fram at dei ville ta opp kampen mot eliten i landet.

Fakta

Demonstrasjonar mot Cameron:

• I løpet av Panama-skandalen har det kome fram at den britiske statsministeren David Cameron har hatt aksjar i faren sitt skatteparadis-selskap.

• Tusen demonstrantar kravde at Cameron skal gå av grunna avsløringane.

• Skandalen er spådd å påverka britane sitt lokalval 5. mai og folkerøystinga om EU-medlemskap 23. juni.

• 150.000 menneske demonstrerte laurdag på grunn av regjeringa sine budsjettkutt i helse, utdanning, arbeid og bustadsektoren.

Svekkjer bli-kampanjen

Det er venta at Camerons politiske motstandarar – som no har gitt han kallenamnet «Dodgy Dave» – vil bruka Panama-avsløringane i den oppheita EU-debatten. Cameron er på si side på vikande front.

– Regjeringa sine budsjettkutt og Panama-avsløringane kunne ikkje kome på eit verre tidspunkt for Dei konservative og «bli»-kampanjen, seier John Todd til Klassekampen.

Todd er stipendiat ved Universitetet i Oslo og har studert Storbritannia sitt forhold til EU.

Han trur ikkje avsløringane er eit vendepunkt i EU-debatten, men at det vil ha ein merkbar effekt for statsministeren.

– Cameron er ansiktet til «bli»-kampanjen. Dei nye avsløringane vil vera øydeleggjande for kredibiliteten hans og det hjelper i alle fall ikkje «bli»-tilhengarane. Budsjettkutta var ein katastrofe og regjeringa vil bli stilt til veggs, seier han vidare.

Todd var nyleg i London og fekk då eit klart bilete av situasjonen blant britane som ønskjer å bli verande i EU.

– Fleire er bekymra over den dårlege jobben som politikarane i «bli»-kampanje gjer. Det kan sjå ut som dei tapar kampanjen, seier Todd.

Eit av dei mest interessante utslaga av avsløringane ifølge Todd, er at Corbyn no er meir populær på meiningsmålingane som mogleg statsminister enn den noverande konservative finansministeren George Osborne.

– Det har med budsjettkutta å gjere. Sjølv om Cameron går ned på meiningsmålingane, vil han alltid ha eit fortrinn i forhold til Corbyn.

Todd meiner leiaren i Labour alltid vil vera i ein indre konflikt med seg sjølv om partiet i spørsmålet om britisk EU-medlemskap. Corbyn var tidlegare motstandar av EU-medlemskap, men har det siste året teke del i Labour sin «bli»-kampanje.

– Eg trur at budsjettkutta og Panama-avsløringane vil hjelpa Labour i lokalvalet. Opposisjonen pleier å gjere det betre i dette valet enn dei gjere i nasjonalvalet. Men Labour er framleis splitta.

Auka popularitet

For første gong sidan Jeremy Corbyn vart utnemnt som leiar for Labour i september, viser meiningsmålingane at han no er meir populær blant britane samanlikna med Cameron, skriv The Independent.

Berre 34 prosent av dei spurde meiner at Cameron har gjort ein god jobb den siste tida, viser ei ny meiningsmåling gjennomført av YouGov.com. 58 prosent meiner derimot at han gjer ein dårleg profil.

Popularitetspila har svinga drastisk oppover for Corbyn og viser at 30 prosent av britane meiner han gjer ein bra jobb. 52 prosent er ikkje samde. Skilnaden på dei 24 prosentane til Cameron er likevel større enn Corbyn sine 22 prosentpoeng.

Corbyn viser si støtte til demonstrantane som krev at Cameron går av i ein sjølvlaga video laurdag.

– Eg kunne ikkje sjølv delta i protestane fordi eg for tida driv kampanje for Labour i Liverpool som skal sikra partiet sigeren i det kommande lokalvalet, seier Corbyn i videoen. Torsdag 5. mai skal britane gå til valurnene å stemma under lokalvalet.

– Labour er no eit anti-elite parti og me stiller oss i opposisjon til den mislykka politikken til toryane i det konservative partiet, seier Corbyn vidare i videoen.

Anti-elite

Ein av parlamentarikarane som tala under demonstrasjonen i London, var Diane Abbott. Ho stod saman med doktorane som protesterte mot den nye helsekontrakten som helseminister Jeremy Hunt har lagt fram.

– Dette er ein av dei viktigaste demonstrasjonane i vår tid. Regjeringa sine økonomiske innstrammingar er ein trussel mot vår nasjonale helseteneste. Vi må stå samla for å kjempa mot dei, sa ho under talen, ifølge The Independent.

utenriks@klassekampen.no

Lørdag 17. november 2018
VERRE: Theresa May mener hun har oppnådd en bedre avtale med EU enn det Norge har. Men brexit-avtalen ville vært grunnlovsstridig i Norge, fastslår Nupi-direktør Ulf Sverdrup.
Fredag 16. november 2018
NÆR STUPET: Ministerflukt og mistillit sender Theresa Mays brexit-plan nærmere nederlag i parlamentet, sier britiske eksperter til Klassekampen.
Torsdag 15. november 2018
STOPP: Theresa Mays utmeldingsavtale med EU møter motbør fra høyre og venstre. Mays partifelle Peter Lilley tror ikke avtalen overlever i parlamentet.
Onsdag 14. november 2018
ØST OG VEST: Ledere fra ulike deler av Libya møttes i Italia, men strides ennå om hvem som skal ha ansvar for landets væpnede styrker.
Tirsdag 13. november 2018
ADVART: Allerede for ti år siden visste forskerne at klimaendringene ville gi flere og større skogbranner. Nå har det begynt å skje.
Mandag 12. november 2018
PÅ MARSJ: Migrantkaravanen fra Honduras fortsetter mot nord. Mange velger å bli i Mexico framfor et usikkert møte med den amerikanske grensa.
Lørdag 10. november 2018
SANKSJONER: EU vil gi Italia bøter om ikke regjeringen strammer inn statsbudsjettet. – Italia står overfor et fryktelig dilemma, sier professor emeritus Steinar Stjernø.
Fredag 9. november 2018
I KLINSJ: Jeff Sessions føyer seg til den lange lista av politikere Donald Trump har avsatt. Men presidenten kan ha skapt en større en brann enn den han ønsket å slukke.
Torsdag 8. november 2018
DELSEIER: På tross av at Donald Trump er mislikt av et flertall i USA, klarte presidenten å sikre en delseier i mellomvalget. Nå venter Russland-etterforskningen.
Onsdag 7. november 2018
PÅSKUDD: USA og Russland anklager hverandre for å bryte INF-avtalen, men er egentlig ikke interesserte i å beholde den. Det sier Nupi-forsker Sverre Lodgaard.