Tirsdag 12. april 2016
NY BOK: Professor i forvaltningsøkonomi Bjarne Jensen (t.v.) og professor emeritus i administrasjons- og organisasjonsvitskap Alf-Inge Jansen, har redigert boka «Folkestyre eller elitestyre?», der blant anna ei rekke forskarar bidrar.
Kommunesamanslåing har gitt mindre folkevekst, ifølge professor i ny bok:
Bygdejobbar forsvinn
JOBBTAP: Både kommunejobbar og andre arbeidsplassar kan gå tapt med samanslåing, åtvarar professor ved Høgskolen i Hedmark Bjarne Jensen i ny bok.

KOMMUNEREFORM

– Kommunereforma vil svekka busetnaden i distrikta. Det vil bli færre kompetansearbeidsplassar ute i landet, seier professor i forvaltningsøkonomi ved Høgskolen i Hedmark Bjarne Jensen.

Han viser til fasiten etter tidlegare samanslåingar. Frå 1987 til 2012 blei totalt 39 kommunar slått saman til 14 større kommunar.

I 28 av 39 samanslåtte kommunar var veksten i befolkninga svakare enn gjennomsnittet for den kommunegruppa dei høyrde til, to hadde same vekst, mens ni hadde sterkare vekst.

Særleg kommunar som mista kommunesenteret kom dårleg ut, skriv Jensen i antologien «Folkestyre eller elitestyre? Kommunereform i perspektiv», som han og Alf-Inge Jansen, professor emeritus ved Universitetet i Bergen, er redaktørar for.

Jensen skriv at det empiriske materialet ikkje er foreineleg med Vabo-utvalets hypotese om at større kommunar gir sterkare befolkningsvekst.

«Tvert imot indikerer det at veksten blir svakere», skriv han.

Fakta

«Folkestyre eller elitestyre?»:

• Boka blei lansert i går på Litteraturhuset i Oslo.

• Er gitt ut på forlaget Res Publica og er redigert av Bjarne Jensen og Alf-Inge Jansen.

• 13 bidragsytarar skriv om kva kommunane er og kva rolle kommunane har i det norske samfunnet.

Ulike jobbar kan gå tapt

– Kommuneadministrasjonen er ein viktig arbeidsplass i dei mange bygdebyane og sentra me har i Norge. Når dette senteret blir lagt ned, blir det ein reduksjon i talet på arbeidsplassar, seier Jensen.

Han meiner det òg er grunn til å tru at ikkje-kommunale arbeidsplassar går tapt.

– Me kan rekna med at det gir ringverknad til andre typar verksemder, som sparebank, Nav-kontor, lokal frisør, helsetenester, seier han.

Jensen peiker på at mange kommunar som no er i dialog om samanslåing, ser ut til å vera merksame på problemstillinga, gjennom å laga intensjonsavtalar som skal sikra ei fordeling av kommunetenester i ulike geografiske delar i den nye storkommunen.

Han trur slike intensjonsavtalar kan bli vanskelege å følga opp, og at dei berre vil gjelda ein kommunestyreperiode.

Jensen trekk også fram kompetanse- og rekrutteringsutfordringar i Kommune-Norge.

– Størst mangel på inteniørar, pedagogar og sjukepleiarar er i dei sentrale kommunane, skriv Jensen, og viser til ein Fafo-rapport som kom i 2013 og konkluderer med at det ikkje er systematiske forskjellar mellom kompetanse. og rekrutteringsutfordringar i små og store kommunar.

– Det er situasjonen på arbeidsmarknaden, ikkje kommunesorleiken som styrer dette, seier Jensen.

–Bygger på ideologi

Jensen og Jansen meiner at informasjonsgrunnlaget som kommunereforma bygger på er for einsidig.

– Det er mykje kommuneforsking som ikkje er brukt. Det er blind ideologi om at stort er godt, seier dei.

– Er denne boka einsidig frå andre kanten?

– Me trekk fram dei fremste forskarane, seier dei.

Begge er sterke i trua på at smått er godt, og at kommunereforma vil endra samfunnet.

– Me må spør kva som er Norges suksess. Eg trur det at me har halde på ei desentralisering, at det er liv i heile landet, er ein viktig faktor, seier Bjarne Jensen.

Alf-Inge Jansen peiker på at langt færre kommunestyrerepresentantar i landet vil gi større elite-dominans.

– Folks erfaring av utvikling er ulik ute i landet og i Oslo-eliten. Det gjeld både leveforhold og næringsforhold, seier Jansen.

Han seier at små kommunar ofte har ein motmaktsfunksjon.

anneh@klassekampen.no

Onsdag 17. april 2019
ADVARER: Per Olaf Lundteigen (Sp) sier at regningen for fri arbeidsinnvandring kommer nå og vil at staten skal ta tilbake styringen av arbeidsstokken.
Tirsdag 16. april 2019
OMSTILLING: Kværner-sjef Sturla Magnus tror lønnsomheten vil synke og arbeidsplassene forsvinne ut av landet dersom verftet i Verdal skal slutte å levere til oljeindustrien.
Mandag 15. april 2019
NY RAPPORT: Lavere lønninger, mer økonomisk kriminalitet og flere biler på tomgang i sentrum. Dette blir konsekvensen av regjeringens drosjereform, ifølge Transportøkonomisk institutt.
Lørdag 13. april 2019
KALDT: Amerikanske bombefly langs norskekysten og en russisk skyteøvelse utenfor Lofoten. Forsvaret bekrefter at situasjonen i nord har tilspisset seg etter høstens Nato-øvelse.
Fredag 12. april 2019
I BLINDE: Forsvarets overvåkingsfly skal holde oppsikt over de enorme norske havområdene i nord. Denne bered­skapen er nå kraftig svekket.
Torsdag 11. april 2019
NOK: Ordførere på Nordmøre lover å utrede innmelding i Trøndelag etter folkekrav. Bygdeforsker mener det kan bli slutten for Møre og Romsdal som eget fylke.
Onsdag 10. april 2019
OLJESØL: Statens miljøekspertar frykta oljeutslepp kunne gje samanbrot i sjøfuglbestandar rundt Bjørnøya. Eit eksternt konsulentselskap meinte det var ugrunngitt.
Tirsdag 9. april 2019
SAMARBEID: Martin Kolberg (Ap) sier nei til samarbeid mellom Rødt og Ap. Raymond Johansen (Ap) er uenig. Ap-leder Jonas Gahr Støre mener det kommer an på partienes utvikling.
Mandag 8. april 2019
ULIKHET: En økende andel nordmenn mener personlig økonomi påvirker hvor god behandling man får i helsevesenet, ifølge årets helsebarometer.
Lørdag 6. april 2019
DYRT: Sju kraftkrevjande industrilokomotiv kan få ei ekstrarekning på 3,4 milliardar viss straumprisane aukar med 10 øre, ifølge ein ny rapport.