Klassekampen.no
Lørdag 2. april 2016
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Å påstå at ein forvaltar sanninga er ikkje det same som å faktisk gjere det.
Ikkje ein spade

Folk ser ut til å samle seg rundt politikarar som «seier det som det er». Eller, rettare sagt, politikarar som seier at dei «seier det som det er». For det er vel ein forskjell mellom å påstå at ein forvaltar sanninga og å faktisk gjere det? Om ikkje anna, så er det forskjell på sanning og sanning.

I det vanlege livet er det å «seie det som det er», å seie det som ein oppriktig meiner er sant og riktig. Slik er det ikkje i politikken, verken her heime eller ute. Når tilhengarar av Donald Trump blir spurde om kvifor dei vil stemme på han, svarar alle som ein at det er fordi han «seier det som det er». Mykje av det Trump seier er beviseleg usant, og det veit han, så saka er ikkje at han forvaltar sanninga. Men kvifor føler folk det slik?

Her heime har innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug fått ord på seg for å «seie det som det er». Ho har sjølv sagt at ho likar å kalle ein spade for ein spade. Eg skal gå med på at ho er veldig klar på kva ho meiner og kva politikk ho ønskjer å føre. Men det er ikkje alltid ho «seier det som det er». Og det er i alle fall ikkje slik at ho alltid kallar ein spade for ein spade. Her om dagen kalla ho ein pisk for ei gulrot. Det var da regjeringa gav kommunane rett til å halde tilbake pengestøtte til innvandrarar som ikkje består norskprøva. Listhaug sa at dette er ei gulrot som vil få fleire til å legge seg i selen. Heisann: Ein spade er ein pisk er ei gulrot er ein spade.

Så var det denne gullstolen. Når Listhaug seier gullstol, så meiner ho ikkje ein faktisk, konkret gullstol. Ho brukar ein metafor. Og er det ein ting norske politikarar burde ha lært, så er det at bruk av metaforar, same kor elegante dei er, sjeldan fører noko godt med seg. Thorbjørn Jaglands norske hus blei plukka frå kvarandre, spikar for spikar. Månelandinga til Jens Stoltenberg har laga eit stort og varig krater i kraftsosialismens grunn. Og gullstolen til Listhaug mista litt av glansen i det grelle lyset i nord, etter kvart som flyktningar kom syklande inn og blei bussa ut att i kalde minusgradar. Metaforar er fine, men lumske saker.

Ceci n’est pas une pipe – «dette er ikkje ei pipe», skreiv kunstnaren René Magritte under eit realistisk måleri av ei pipe. Måleriet heiter «La trahison des images» – «Bildenes forræderi». Eit bilde av ein spade er ikkje ein spade. Det å påstå at noko er ein spade, treng heller ikkje å garantere for at det faktisk er ein spade. Sikkert er det i alle fall at Sylvi Listhaug sin spade ser annleis ut enn min spade. Og når veljarar seier at dei elskar at politikarar «seier det som det er», meiner dei nok helst at dei elskar at politikarar seier det som dei sjølve tenker. Eller at politikarar seier det som dei sjølve nesten ikkje tør å tenke.

Fenomenet Donald Trump viser at det ikkje betyr ein døyt om det han seier, er sant eller ikkje, om det han seier er seriøst eller ikkje. Dess frekkare og meir fornærmande utsegnene til Trump er, dess meir heiar folk på han fordi han «seier det som det er».

Men veljarane som er lei av tåkeprat, får berre ei annan form for tomsnakk. For kva skal vi med det som kjem rett frå levra dersom det ikkje kan brukast til noko? Kva gjer vi med spaden til Listhaug viss den viser seg å ikkje vere ein spade, men for eksempel ei hakke? Eller eit greip? Paradoksalt nok ser det ut til at det i ei tid da mange fort kjenner seg krenka, veks fram ein trong til rått snakk, fornærmingar, overdrivingar og samanlikningar – forkledd som direkte og klar tale. Her har populistar i alle land fått eit enormt spelerom.

Og dei veit å bruke det, veit å utvide det. Når nyslått fiskeriminister Per Sandberg plasserer vitskapsfolk på «the dark side», ser alle at det er i drygaste laget. Men det signaliserer at det er greitt å ause ut forakt over folk ein ikkje er samde med – i dette tilfellet ei yrkesgruppe som ideelt sett strevar mot ei slags objektiv sanning.

Vi lar bølla i skolegården overta regjeringskontora. Vi aksepterer at Kardemomme by, det samfunnet vi har levd så vel i, får nye lovar: «Det er greit å plage andre, det er dumt å være snill. For poenget er å gjøre som man vil.»

bbildoen@gmail.com

Skribentane Karin Moe, Bent Sofus Tranøy, Brit Bildøen, Olav Elgvin og Maria Dyrhol Sandvik analyserer og kommenterer dagsaktuelle tema og politiske fenomen laurdagar.

Artikkelen er oppdatert: 19. april 2016 kl. 11.25