Lørdag 20. februar 2016
MAKTESLØYSE: Noreg tok svært godt imot Édouard Louis sin roman «Farvel til Eddy Bellegueule». I Russland er det verre. Foto: Christopher Olssøn
Utstøytt blant utstøytte
Marginalisert: Eg kom frå ei verd av ekstrem fattigdom. Litteraturen var flukta mi, skriv Édouard Louis. No har han vansker med å kome ut i Russland.

Alle store litterære verk er store politiske verk. Marguerite Duras, William Faulkner, Marcel Proust, Toni Morrison, Céline: Dei har tatt med inn i litteraturen personar og liv som tidlegare var utestengde derifrå: dei svarte i Amerika hos Morrison, dei seksuelle minoritetane hos Proust, dei koloniserte eller dei som galskapen tærte på hos Duras, dei fattigaste sosiale klassane hos Faulkner.

Forfattarane har funne nye former, radikalt fornyande måtar å skrive på, for å få fram i lyset liv og personar som fram til da var forviste ut i skuggane og stilla. Slik sett kan ein seie at litteratur, frå byrjinga av, har dreidd seg om å nekte å bidra til verdas ordoverflødigheit. Å nekte å gjenta røynda slik ho er presentert i ein stor del av journalistikken, den politiske verda og den institusjonelle litteraturen, for å skape andre verdsbilde.

Eg skreiv «Farvel til Eddy Bellegueule» utifrå denne innsikta. Eg spurde meg sjølv: Kva røynder er i dag dei mest fråverande, dei mest usynlege i litteraturen og den offentlege samtalen generelt?

Svaret låg i barndommen min. Eg skjønte at eg ikkje trong skrive fiksjon, sidan eg hadde levd saman med dei usynlege, at eg hadde vore ein del av det i den vesle fattige bygda i Nord-Frankrike der eg vaks opp, der far min og mor mi avslutta skulegangen da dei var 15 år, der, som eg seier i boka, vi ikkje kunne ete mat kvar dag, i mangel på pengar.

Så eg byrja skrive historia om denne barndommen: «Jeg har ingen lykkelige minner fra barndommen [...].»

Eg skildra familien min, omgangskrinsen min, det vil seie dei fattigaste kvinnene og mennene i Europa etter den industrielle æra, som i går var arbeidarar, men som i dag ikkje har arbeid lenger, desse utstøytte, rundstolne folka, dei som Marx kalla filleproletariatet; litteraturen skildrar ofte arbeidarane, men svært sjeldan filleproletariatet. Eg ville gjenskape, i eitt og same verk, valden som herskar i denne verda mot framande, kvinner eller homofile — vald som i seg sjølv kjem av marginaliseringa som dei aller fattigaste klassane lid under.

Dette er dagens usynlege, som eg ville ta med inn i litteraturen: dei dominerte blant dei dominerte. Ikkje berre homofile som hos Proust, kvinner som hos Simone de Beauvoir eller dei fattigaste klassene som hos Zola, men: Kva vil det seie å vere kvinne eller homofil blant dei fattigaste klassene? Kva betyr det å vere ein utstøytt blant utstøytte? Kva fortel det om verda vi lever i?

«Farvel til Eddy Bellegueule» er altså ein sjølvbiografisk roman. Han inneheld ikkje det minste spor av fiksjon. Alt som står skrive der, har eg levd, og arbeidet med å skrive det, har for meg betydd å gripe til litteraturens våpen og verktøy for å seie det som er sant.

Om eg skulle samanfatte boka med to setningar, ville eg ha sagt at ho for det første fortel historia om ei verd med ekstrem fattigdom, marginalisering, vald: mi barndomsverd, men som nettopp eksisterer overalt, om det er i Spania, Russland eller Noreg. For det andre teiknar boka opp flukta mi vekk frå denne verda, eg som var fødd liten, tynn, feminin, homofil i dette universet der maskulinitet var den sterkaste norma. Korleis eg allereie frå fødselen av gjorde skam på foreldra mine, familien min, korleis dei hata meg allereie frå eg sa mine første ord. Altså, historia om ein utstøytt blant utstøytte.

Men det er klart, når eg seier «Eg», snakkar eg ikkje berre om meg. Det dreier seg om ei kollektiv historie. Eg tar mi historie som eit høve til å sondere dei meir generelle forholda. Kven har ikkje på eit tidspunkt i livet blitt dominert? Kvinner, jødar, homofile, migrantar, svarte… lista er lang.

Eg fekk ein dag ein telefon frå den franske redaktøren min. Han sa: «Nokre redaktørar hadde ønskt å publisere boka di «Farvel til Eddy Bellegueule» i Russland, men dei er redde. Dei er redde fordi homofili er for til stades i boka. Om dei publiserer boka di, risikerer dei svært brutale represaliar.»

Putin hadde nokre månader før underskrive dei avskyelege og sterkt homofobe lovene mot «homofil propaganda». Kvar dag såg eg videoar på internett av unge russiske lesbiske og homofile som vart banka opp på gata av fascistar i rein straffridom, ofte rett framfor auga til russisk politi, som lét det skje.

I løpet av nokre år har Putins Russland sett i verk utryddinga av LHBT-personar. Og sjølvsagt, som i alle diktatur, er Putins regime oppsett på å stilne all demokratisk motstand mot hans makt: Pride-paradar vert forbodne eller slått ned på, bøker som handlar om homofili, vert umoglege å gi ut. «Farvel til Eddy Bellegueule» har blitt omsett til eit tjuetals språk, i Japan, i USA, til og med i Tyrkia… men ikkje i Russland, eit av dei landa der det hadde vore viktig å gi ho ut.

Eg vil ikkje seie at boka mi er absolutt naudsynt for frigjeringa. Det finst mange andre bøker om temaet, store klassikarar, og dessutan, det finst jo ikkje berre litteratur, men også film, målarkunst. Det som har plaga meg med at «Eddy Bellegueule» ikkje har blitt publisert i Russland, er ikkje at akkurat den boka ikkje kjem ut i det landet. Det er å vite at denne ikkje-publiseringa er eit meir generelt symptom på sjukdommen som er Putin-regimet, der ein kvar tekst som nemner LHBT-personar vert sensurert — anten offisielt og eksplisitt, eller i det stille, i frykt og under truslar.

Eg leitte, etter eg fekk denne beskjeden frå redaktøren min, etter ein måte å få gitt ut boka i Russland på, men eg fann ingen.

Eit av hovudkjenneteikna ved dei politiske strukturane til ikkje-demokratiske land er å skape maktesløyse. Det er tilfellet i Russland. Ein ønsker å handle, men desse landa gjer alt for at ein ikkje skal vite kva gjere, eller korleis gjere det, korleis gå fram. Denne maktesløysa som det russiske regimet skaper, produserer i sin tur håpløyse. Og kor mange er vi ikkje som lever i ein slags tilstand av permanent politisk håpløyse!

Håpet kom tilbake ein dag i Noreg. Eg deltok i ein samtale om «Eddy Bellegueule». Ida Hove Solberg kom bort til meg etterpå. Ho føreslo å gi ut omsette utdrag frå «Eddy Bellegueule» på russisk, først i eit tidsskrift, sidan gjere det allment tilgjengeleg. Eg sa ja med det same. Det eg håper i dag, er at denne typen initiativ, opposisjon, kan føde fleire, som føder fleire og fleire igjen, som formeirar seg, og som, saman, umogleggjer eit slikt avskyeleg og fråstøytande regime som det Putin tvinger på Russland.

Omsett av Ida Hove Solberg. Teksten er henta frå tidsskriftet Mellom nr. 1/2016, der dei også trykkjer eit russisk utdrag frå Louis sin tekst.Sitat frå «Farvel til Eddy Belleguele» (Aschehoug 2015) er omsett av Egil Halmøy.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 19. januar 2019
Dramatisk: Virkeligheten er hard i Sara Stridsbergs «Kjærlighetens Antarktis», men det finnes også fliker av håp.
Lørdag 12. januar 2019
En kunst: Samtalene i «Lyset i støvsøylen» gir et rørende og presist bilde av hele mennesket Håkon Bleken.
Lørdag 5. januar 2019
Hysteri: I svenske Johanna Frids første roman er smerta og sjalusien bunadskledd og blid.
Lørdag 29. desember 2018
Pushwagner: Et biografisk verk like omfattende som kunstnerens eget liv og virke viser fram Terje Brofos’ livskamp mot seg selv.
Lørdag 22. desember 2018
Bevegelsens dikter: Arild Bye viser hvordan Arne Paasche Aasen traff folket, i arbeideroppstand og i tryggheten ved radioapparatet.
Lørdag 15. desember 2018
Livsvilje: I blandingen av liv og verk trer Anne Karin Elstad fram i Hilde Hagerups biografi.
Lørdag 8. desember 2018
Debatt: Hvorfor venstresida bør begynne å argumentere, og det litt brennkvikt.
Lørdag 1. desember 2018
Inkludering: I «Brev til Noreg» er Mona Ibrahim Ahmed krystallklar i sitt ønske om at Norge skal stille krav.
Lørdag 24. november 2018
Til kjernen: Gunnhild Øyehaugs metalitterære Bergens-drama i «Presens Maskin» er en hyllest til fantasien.
Lørdag 17. november 2018
Å vite: Michelets bok er en undersøkelse formulert som en dom.