Mandag 15. februar 2016
HAR EIN PLAN: Trygve Magnus Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet, vil stanse det nye, blåblå inntektssystemet. Foto: Anniken C. Mohr
• Sp vil stanse det nye inntektssystemet for kommunane • Kan få med seg Ap
Vil snu Sanners system
U-Sving: Regjeringas nye inntektssystem for kommunane har fått kritikk for å vere sentraliserande, kaotisk og ulogisk. No seier Sp-Vedum at han kan stanse heile opplegget dersom venstresida vinn valet neste haust.

Kommunereforma

Det nye inntektssystemet for kommunane skaper uvisse i mange norske lokalsamfunn. Men no kan venstresida stoppe heile pengeflyttinga.

I desse dagar er store pengar i spel i kommunesektoren. Kommunalminister Jan Tore Sanner har sendt eit nytt inntektssystem ut på høyring. Dette kan verke teknisk, men det er her pengane til barnehage, skule, eldreomsorg og anna velferd ligg.

Får regjeringa det som den vil, skal det nye inntektssystemet gjere det økonomisk tyngre for småkommunar å stå åleine dersom det finst aktuelle samanslåingskandidatar, ved at eit nytt kriterium straffar småkommunar med kort avstand til eit bysentrum.

Verst kjem dei minste ut: 52 kommunar med under 3000 innbyggjarar kan ifølgje KS tape nesten 1500 kroner per innbyggjar som ei følgje av omlegginga.

Kommunar med over 20.000 innbyggjarar kan samla tene over éin milliard i året, ifølgje utrekningar KS har gjort. Pengane kjem frå kommunane med under 20.000 innbyggjarar (sjå faktaboks).

Fakta

Inntektssystemet:

• Stortingets system for kommunesektoren. Til saman omfattar sektorens inntekter om lag 18 prosent av brutto nasjonalprodukt for Fastlands-Noreg.

• Regjeringa har sendt på høyring eit nytt inntektssystem, slik dei tidlegare har varsla i kommuneproposisjonen.

• Systemet har fått kritikk fordi det ikkje blir vedteke før midt i juni, medan kommunanes frist for å melde inn samanslåingar er allereie 1. juli. I tillegg har systemet fleire utslag, som at alle dei 59 norske kommunane mellom ti og tjue tusen innbyggjarar vil tape pengar, ifølgje KS.

Kjelder: Kommunal- og regionaldepartementet og KS

Siste innspurt

Etter planen skal systemet vedtakast i Stortinget til sommaren og tre i kraft frå nyttår 2017.

Men dersom venstresida vinn stortingsvalet hausten 2017, blir det eit kort liv for det blåblå systemet, ifølgje Trygve Magnus Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet.

– De vil stanse endringane i strukturkriteriet, og då får det i praksis ingenting å seie?

– Neste år er det val. Dette er siste fulle året denne regjeringa har, og ein ser jo kor stabilt styringsgrunnlag den har for tida, seier Vedum til Klassekampen.

Han meiner at kriteriet som straffar småkommunar må reverserast frå nyttår 2018, og har med seg fleire parti på dette.

– No prøver Sanner å bruke den krafta han har som statsråd til å gjere flest mogleg endringar. Men vi, Ap og Sp har vore veldig tydelege på at vi ikkje vil stø dette. Til og med KrF og Venstre har vore skeptiske, meiner Sp-leiaren.

Vedum trur det er god sjanse for at han kan stoppe endringa.

– Sannsynet for at Høgre og Frp har fleirtal åleine på Stortinget etter 2017 er svært, svært, svært låg.

SV stadfestar overfor Klassekampen at dei meir enn gjerne er med på å stoppe omlegginga av inntektssystemet ved fyrste og beste høve.

Entusiasme og raseri

– Men kan Senterpartiets svar berre vere å la ting vere som i dag? Vil ikkje krava til stadig høgare velferd gjere at nokre oppgåver må sentraliserast, elles vil folk flytte frå bygdene?

– Det Sanner og andre ikkje tek inn over seg, er at folk er mest nøgde med tilbodet i småkommunane.

– Men no er jo ein masse Sp-ordførarar i forhandlingar. Gjer dei det av frykt?

– Dei gjer det på bakgrunn av eit veldig press frå fylkesmannen og regjeringa. Dei gjer det av frykt, ikkje entusiasme. Nokon gjer det fordi dei vil, men det store fleirtalet gjer det fordi dei føler dei må, seier Vedum, som trur debatten om inntektssystemet har ført til at fleire føler dei må.

Støtte hos Ap

Helga Pedersen er kommunalpolitisk talsperson i Ap. Ho kan ikkje garantere ei reversering, men går langt i å stadfeste at Senterpartiet får storebror Ap med på laget:

– Dersom 2017-landsmøtet står på den same lina som 2015- og 2013-landsmøta, så står dagens politikk i Ap seg, seier ho til Klassekampen.

– Og den er?

– Vi vil styrkje kommune­økonomien, sikre omfordeling og likeverdige tenester i heile landet, ta reelt omsyn til at vi har både små og store kommunar, og sikre at samanslåingar er friville, seier Pedersen.

Ho meiner det er viktig at kommuneøkonomien ikkje blir sett på som eit nullsumspel der nokon må få mindre dersom andre skal få meir.

– Det blir sagt at vi nektar Oslo pengar ved å seie nei til dette systemet frå regjeringa. Men i vårt alternative inntektsopplegg for kommunane ville Oslo fått 250 millionar meir enn i dag, og Bergen ville fått 71 millionar kroner meir, fordi vi legg meir pengar i potten.

– Er dette systemet tvangsbruk frå regjeringa?

– Ja, heilt klart. Regjeringa har sagt at kommunesamanslåing skal vere frivillig. Vi er òg for økonomiske insentiv for samanslåingar, men dei må vere tru mot prinsippet sitt. Med dette systemet blir det eit enormt press på kommunane, og då er det ikkje lenger frivillig, seier Aps Helga Pedersen.

– Ap ønskjer òg ein annan kommunestruktur. Er det ikkje behageleg å la høgresida ta støyten?

– Nei. Vi er ikkje nøgde i det heile tatt med denne prosessen. Landsmøtet vårt har slått fast at den skal vere basert på frivillige samanslåingar.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 26. mars 2019
SPRIK: Ap kritiserer Sp for ikkje å binde seg til raudgrønt samarbeid. Men partiet har tydd til dei borgarlege i ein tredel av kommunane der dei har ordførar.
Mandag 25. mars 2019
KALD SKULDER: Aps Kjersti Stenseng og Fagforbundets Mette Nord vil ha raudgrøn samarbeidsvilje i haustens lokalval, men møter ei kald skulder frå Sp.
Lørdag 23. mars 2019
SYSTEMFEIL: Flere av feilene som førte til Kebne­kaise-ulykken er fremdeles ikke rettet opp, sju år etter dødsulykken.
Fredag 22. mars 2019
FATALT: Mannskapet som døde i ­Kebnekaise-ulykken fikk utdelt et ­mangelfullt og feilaktig kart før fly­turen. Luftforsvaret fant aldri ut hvordan det kunne skje.
Torsdag 21. mars 2019
UTRO: Senterpartiet er rødgrønne nasjonalt, men hopper gjerne i høyet med høyresida lokalt. Nå vil Fagforbundet ha slutt på lokale flørter med de blå.
Onsdag 20. mars 2019
OPPVASK: Mattilsynets ledelse har satt en veterinær og en regiondirektør på plass etter beskyldninger om rolleblanding fra oppdretternes forening Sjømat Norge.
Tirsdag 19. mars 2019
SKATT: Statsminister Erna Solberg (H) åpner for å se på skattesystemet for å motvirke økt ulikhet. Hun sier fordelingseffekten av grønne skatter er «pervers».
Mandag 18. mars 2019
ULIKT HØYRE: Heidi Nordby Lunde refser eget parti i ulikhets­debatten og mener Høyre må ta et oppgjør om skatte­dogmer.
Lørdag 16. mars 2019
OFFER: – Hun er ikke hardhudet. Det har vært veldig tøft for henne, sier fylkesleder i Oslo Frp Tone Ims Larssen. Hun ser fortsatt på Waras samboer som offer.
Fredag 15. mars 2019
POLITISK: PR-byråene Geelmuyden Kiese, Kruse Larsen, Rud Pedersen og First House har lokalpolitikere fra Høyre, Ap, KrF og Venstre i staben.