- Kommunereforma er det mest ambisiøse prosjektet til den blåblå regjeringa. Målet er at flest mogleg kommunar skal slå seg saman, og lokalpolitikarane har fått frist til å fatte vedtak innan utgangen av juni i år. Hittil har ikkje kommunereforma vore møtt med begeistring, og den såkalla «nabopraten» har gått trått. Eit halvår før dødlinja har det likevel skjedd eit temposkifte. Ei oversikt frå Kommunal Rapport viser at 124 av 428 kommunar er i forhandlingar, og hittil har 11 kommunar søkt om samanslåing. Fram til sommaren vil det komma fleire tilsvarande vedtak.
Pengemakt
Leder