Lørdag 30. januar 2016
Dobbeltskift: Ana Maria Tatu, som vart intervjua i Klassekampens artikkel om vaskehjelp laurdag, vaskar òg heime hos seg sjølv, skriv Lars Ove Seljestad. Foto: Line Ørnes Søndergaard
La oss berre si det som det er: Det er pengar denne debatten handlar om, skriv Lars Ove Seljestad.
Vaskekluten i rommet

kronikk

«Det personlege er politisk», heiter det i eit av kvinnerørslas mest sentrale slagord frå 1970-talet. Slik klarte kvinnerørsla å flytta det usynleggjorte og underkjente kvinnelege husarbeidet ut i den politiske sfæren og gjorde det til eit spørsmål om anerkjenning og likestillingspolitikk.

At dei to leiarane av venstresida sine tenketankar, Cathrine Sandnes i Manifest og Marte Gerhardsen i Agenda, sist laurdag står fram i Klassekampen og fortel at dei betaler nokon for å vaska heimane sine slik at dei «får liva sine til å henge sammen» (Gerhardsen), eller slik at både Sandnes og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre får tid til å arbeida fulltid, gjer på ny at det personlege blir politisk.

Slik eg ser det, demonstrerer Sandnes og Gerhardsen på ein eksemplarisk måte eit av grunnproblema på norsk venstreside. Dei som ropar seg ut for å vera venstresida sine talspersonar, og som i ord visar at dei er solidariske og kjempar for dei svake og undertrykte sine interesser, viser med sin livspraksis og sine handlingar at dei har heva seg over dei som dei seier å representera, og lever liva sine på same måten som samfunnselitane alltid har gjort.

«Den herskande klasses tankar er i kvar epoke dei herskande tankar», skriv Karl Marx. Om enn mangt har endra seg opp gjennom historia, så er det ein ting som likevel har stått fast. Samfunnselitane har alltid sett ned på det nødvendige arbeidet i heimen og gjort det dei har kunna for å fri seg frå det gjennom å skyva det over på andre som er mindre privilegerte.

I den athenske bystaten for 2000 år sidan var dei mest menneskeverdige aktivitetane å driva politikk og å nå fram til episteme, å skoda dei absolutt sanne, vakre og gode ideane. Dette var sjølvsagt aristokratane og dei frie mannlege borgarane sine aktivitetar.

Husarbeid, vasking, matlaging og andre aktivitetar som var nødvendige for å oppretthalda livet, blei sett på som umenneskelege aktivitetar som ein måtte gjera alt ein kunne for å unngå. Det nødvendige slitet blei difor utført av slavar.

Den same nedvurderinga av det nødvendige livsoppretthaldande husarbeidet finn vi i det gamle romar­riket. Og den same slaveøkonomien til å frisetta borgarane frå dette slitet.

Det er difor ein lang elitistisk tradisjon for nedprioritering, eller skal vi like godt seia det rett ut, nedvurdering av det nødvendige arbeidet, leiarane av venstresida sine tenketankar skriv seg inn i når dei (saman med mennene sine) kjøper seg fri frå vaskearbeidet i eiga hushaldning.

Og dei er i det beste selskap. Nyare norsk forbruksforsking viser at 32 prosent av alle hushaldningar med samla årsinntekt over ein million kroner kjøper vask av eigen heim. Snittet for alle ligg i dag på 11 prosent.

I kva grad dei som tener minst i samfunnet vårt kjøper vasketenester, seier tala ingenting om. Men Ana Maria Tatu med mastergrad i offentleg administrasjon frå Romania, som lever av å vaska andre sine heimar og tener under 300.000 kr i året, og som også blei intervjua i den same reportasjen som tenketankleiarane, vaskar huset sitt sjølv.

Då eg ringde mor mi, som i løpet av sin livslange yrkeskarriere aldri har hatt eit arbeid som ikkje har inkludert vask i ei eller anna form, og spurde kva ho trudde om dette, lo ho og sa: Det handlar om pengar. Dei kjøper vasketenester fordi dei har råd til det. Den som har dårleg råd, kjøper ikkje vasketenester.

Og det er her eg tenker at vi er framme ved «vaskekluten i rommet». Dei som i løpet av den siste veka har uttalt seg i denne saka, som oftast godt betalte kvinnelege leiarar, har prøvd å bagatellisera kjøp av vasketenester med at det handlar om tid, og har såleis adoptert reklamens språk der det til dømes i vaskebyrået CityMaid sin presentasjon heiter at «Vi gir tid».

Enten det, eller dei prøver å avspora debatten gjennom å hevda at det er ei privatsak korleis dei brukar pengane sine, at dei er lei av denne evige moraliseringa som skal gi kvinner dårleg samvett og at det aldri hadde blitt ein debatt dersom tenketankleiarane hadde vore menn.

Slik prøver dei å banalisera debatten eller gjera den om til eit spørsmål om kjønn. Men det er mor, som sjølv har levd av å vaska, som kjem nærast sanninga. Det handlar nemleg om pengar.

La oss gjera eit lite tankeeksperiment: I dag tener ei vaskehjelp ifølgje Finn småjobbar si nettside 100–150 kroner timen, truleg svart. Ei vaskehjelp med eit kvitt enkeltpersonføretak tener 200–300 kroner timen, men tar også all risiko sjølv. Ein tenketankleiar som Marte Gerhardsen tener om lag 700 kroner timen pluss alle styrehonorar, arbeidstakarrettar og fordelar i form av sjuketrygd, pensjonsinnbetalingar og så bortetter.

Men ville ho framleis kjøpt vaskehjelp dersom det var motsett? Dersom Marte Gerhardsen fekk betalt brutto 200 kroner timen i den sjølvrealiserande, spennande og status­gjevande jobben sin som tenketankleiar, ville ho då betalt Ana Maria Tatu eller andre 700 kroner timen for å ta det kjedelege, tunge, men akk så nødvendige arbeidet med å vaska heimen sin?

For mor mi er svaret opplagt.

larsoveseljestad@gmail.com