BLENDA: Då forfattar Olaug Nilssen hadde vaskehjelp, betalte ho svart. Ho trur at mange i middelklassen er blinde for eigne privilegium.
For tre år sidan gav forfattar Olaug Nilssen ut boka «Kjøkenbenkrealisme», der ho gir eit innblikk i kvardagane til norske småbarnsforeldre. Her fortel par, mellom anna Aslak Sira Myhre og Cathrine Sandnes, om kva dei har gjort for å møte tidsklemma, som blant anna å kjøpa vaskehjelp.