- Låg oljepris har gjort spørsmålet om kva Norge skal leva av etter oljen meir presserande. Det spesielle med den norske oljeformuen er at han har komme, og vil komma, heile folket og framtidige generasjonar til gode. Grunnen er at oljen har vorte sett på som eigedommen til heile folket, blir det understreka i boka «Hvem skal eie Norge?». Forfattarane Knut Gjerseth Olsen, Askild M Aasarød og Jo M. Bredeveien peikar på at det ikkje er sjølvsagt at Norge no har 7000 milliardar kroner på bok. Forfedrane til dagens Frp-politikarar ville selje oljerettane for småpengar. I staden vart det lagt høg skatt på oljeutvinning, og Statoil og oljefondet vart oppretta. Forfattarane har to hovudpoeng: Når oljen tar slutt, skal vi leva av dei andre naturressursane. Da må vi ikkje privatisere dei, eller selje dei ut av landet.
Arvesølvet
Leder