Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Aleinegang er rota til alt vondt.

Ute eller inne

Da eg i sjette klasse på barneskolen skulle svare på det som må ha vore ei av dei første mobbeundersøkingane her til lands (dette var tidleg 70-tal), kryssa eg av i «nei»-rubrikken på spørsmålet om eg hadde opplevd mobbing. Eg burde heilt klart ha kryssa av for eit «ja». Men med mitt raude hår og frekner og ein rar dialekt, tenkte eg at litt erting og plaging ikkje var meir enn eg måtte rekne med. Dessutan hadde eg venninner. Og eg hadde lærarar som såg meg, og som viste at dei såg meg utan å blande seg for mykje. Eg var einsam i periodar, men ikkje heile tida. Og dette er vesentleg. Utestenginga varte aldri så lenge at det fekk definere meg. Noko heilt anna er det når aleinegang blir ein del av kvardagen, ein del av det som er deg.