Mandag 4. januar 2016
Av scena: Det er kvinner både i salen, hos arrangørane og blant dei andre som arbeider med festivalen.
Konservative kjønnsroller brytast: Utfordringar og moglegheiter i spelet om kvinnedom og manndom i black metal.
Englar og demonar?
På scena: Blant artistane er mennene i klart fleirtal – som Gaahl (som rett nok har med ei kvinne på scena under ein av låtane).
Nyanserar: Jenny Colleen McInnis og Ester Segarra.
Blekkmetal-festivalen: Forhandlingar om identitet er i hjartet av black metal.

reportasje

Ei verd utan kvinner er ein misogyn fantasi som er grunnleggjande i metal-sjangeren, ifølgje forskar Robert Walser. Men metal-miljøet er langt frå kvinnefritt. Merk at eg sa miljøet, for black metal-scena er langt på veg ei kvinnefri sfære.

Ein våt fredag den 13. november fell eg i gangtog med ei svartkledd gruppe som valfartar over Nordneshalvøya gjennom isande Bergensregn. På kleda forstår eg at dei også er på veg mot Blekkmetal, ein tredagars black metal-festival med konsertar og tatoveringskonvensjon på Verftet i Puddefjorden. I gruppa er både menn og kvinner i uniform. Dei har svarte skinn- eller dongeribukser og band-patches på jakkene. Eg, som har på meg lysegrått skjørt og kvit silkeskjorte, veit at eg er synleg utanforståande.

Trass familiær stemning i flokken er det å gå ned bakken til Verftet litt som å stige ned i ein sørgjedal. Gråvêret kastar på seg uti fjorden og den svarte mengda av fans som ventar ved inngangen kunne sjå ut som eit gravferdsfølgje. Når eg kjem nære legg eg merke til fine detaljar i alt det svarte: blonder, netting, naglar, lakka skinn, gotiske smykke, black work-tatoveringar, piercingar, og opp-ned kors bore som talismanar mot konformiteten.

Fakta

Blekkmetal:

• Tattoo convention og metalfestival, arrangert på Verftet i Bergen, 12.-15. november i fjor.

• Blant initiativtakarane var Ivar S. Peersen fra Enslaved og tatovør/designer Jannicke Wiese-Hansen.

• Artikkelforfattaren er musikar, NMH-doktorgradsstipendiat innan musikk og identitet og skriv om black metal.

Under huda på liksminka

I subkultur er stil ein kapital, skriv Dick Hebdige i «Subculture: The Meaning of Style» – det handlar både om å synleggjere avstand frå massesamfunnet og forhold til gruppa. Black metal-stilen har i løpet av tjue år blitt meir nyansert og inspirert av forskjellige estetiske uttrykk. Sjangeren er kjend for den karakteristiske liksminka som mange artistar har på scena. Mens av scena er det kvinnene som her framvisar det største estetiske mangfaldet. Dei er kledde for anledninga og umiskjenneleg black metal.

Som einaste lyskledde i festivalkafeen set eg meg ned for å snakke med Simon Füllemann, artist agent og entreprenør. Eg undrar på stilen til metalheads i dagleglivet, og Füllemann forklarar at medan enkelte berre bruker vanlege klede er det andre som er black metal 24 timar i døgnet. Sminke og klede kan ein ta av, men tatoveringar og piercings er permanente. Kulturen kjem, bokstaveleg talt, under huda på ein. Å vere black metal er noko anna enn å like black metal, og det påverkar livet på grunnleggjande måtar. Som regel er det kvinner som endrar utsjåande mest, observerer Füllemann. Han trur også at utsjåandet til jentene i miljøet understrekar deira posisjon som passive tilhøyrarar.

Füllemann beskriv det som ein subtil sexisme, og ofte ikkje meir enn ei kjensle av at kvinner er andrerangs. Han trur nokre kvinner likar rolla som «heit dame på arma», medan kvinner som vil bli artistar må arbeide hardare og vere dobbelt så gode for å vinne respekt. Det er forventa at dei skal vere svært sexy i tillegg. Vi ser konservative kjønnsroller som liknar 50-talet, seier Füllemann. Men han legg til at det ikkje er like ille i Noreg som andre stader.

Trine Grimm bekreftar mykje av det Füllemann fortel. Ho er tatovør og har vore i miljøet sidan ho var tenåring. Eg finn ho i ei av tattoo-båsane i lokalet der tatoveringskonvensjonen held fram. Med grå genser, subtil sminke og langt blondt hår ser ho ikkje spesielt «black metal» ut, bortsett frå alle tatoveringane. Ho fortel at ho har slutta å gå med «uniform» fordi ho var lei av å bli sett i bås. Ho vil heller bli spurt kva ho likar, seier ho. Hennar erfaring er at jenter ofte blir sett som objekt og groupies. Som kvinne er det ikkje lett å få respekt, men no er det eit større miljø og dermed fleire jenter som held saman. Det finst altså søsterskap i metal-miljøet.

Handlar om livet ein lever

– Black metal er ikkje berre maskulin, men har både kvinnelege og mannlege sider, forklarar Kjetil Tvedte Grutle, vokalist og bassist i Enslaved.

Eg intervjuar han medan han får Bathory-geita, symbolet for det svenske bandet, tatovert på høgre underarm. Saman med Motörhead, illustrert på venstre arm, var Bathory tidleg inspirasjon for han. Grutle fortel at black metal-musikken har med balanse å gjere – ein høyrer både melodiske parti og blast beats – det reflekterer livet ein faktisk lever. Det handlar ikkje om kjønn, men om det menneskelege. Han held fram med å beskrive miljøet som «kanskje det minst sexistiske miljøet du finn.»

Og kanskje han har eit poeng. Samanlikna med til dømes hiphop (eller pop for den saks skuld) er kvinner i black metal sjeldan framstilt som sexobjekt. Problemet er nettopp at dei sjeldan er framstilt i det heile.

– La folk vera folk, og ikkje ver kjip, seier Grutle, og påpeiker at ein også kan seie at menn blir objektifisert.

Nettopp det er eit av poenga til Walser: Gjennom metal blir gutar til menn, meiner han. I utgangspunktet er det ein tenåringskultur som fostrar manndom. Den svarar eit behov for gutar som opplever at mannsidealet ikkje let seg realisera i liva deira. Dette dreier seg om sosial mobilitet, ideologi og frigjering. Kort forklåra: det er vanskeleg å etablera sin manndom når ein bur heime hjå foreldre og får middagen servert av mor si. Ein del av tenåra er lausriving frå mora si omsorg. Fordi ho, og såleis alle kvinner, representerer relasjonsband som forankrar til heimen, er kvinner utskrivne frå metal. Metal representerer nemleg det motsette, mannleg sjølvrealisering og sjølvstende, skriv Walser.

Denne kjønnsdikotomien kjem ikkje frå metal, men er synleg der som elles i samfunnet. Musikken mektiggjer og er ein form for overførbar valuta i den subkulturelle arenaen – artistar har mest slik valuta, og i black metal er dei stort sett menn. Men undergrunnskulturar er nettopp stader for smak og individualitet som går på tvers av normer, og difor kan dei setja kjønnsroller i spel.

Når manndomen er trua

Den danske artisten Amalie Bruun, kjend som Myrkur, er ei av særs få kvinnelege frontfigurar i black metal og har opplevd ein storm av hat nettopp fordi ho er kvinne. I ein nyleg artikkel i DR beskriv ho kritikken frå kvite amerikanske menn som trur dei eig black metal. Dette underbyggjer Walser si hypotese og syner at enkelte nok kjenner manndomen trua av ein kvinneleg metal-artist. Myrkur bryt forventningar om at black metal-musikken skal vere kvinnefri, men gjer skuffande lite for å bryta ned konservative kvinneroller når Bruun i ein musikkvideo lettkledd visar seg fram i typisk popstil.

For Kristian Espedal, kjend som Gaahl, er kjønn sekundært i møte med menneske:

– Sånn som no, når du sit framfor meg, er det ikkje fyrst og fremst at du er kvinne eg legg merke til, seier han til meg backstage etter konserten.

Sjølv er han særs klar på at seksualitet er skapt av forventningar, og han beskriv seg sjølv som aseksuell. Eg ser spørjande på han, og han legg til:

– Ja, eg er homofil, men det er ikkje det same som seksualitet. Det handlar berre om kva eller kven ein er tiltrekt av.

Han ser ikkje kvinner i black metal som spesielt seksualisert, men fortel at han mange gonger blir introdusert for «dama til» den eller den.

– Når ein ikkje lengre er «dama til», kven er ein då?

Kva med søsterskapet?

Jannicke Wiese-Hansen er ei av eldsjelene som organiserer festivalen. Ho har vore i miljøet sidan 80-talet og fortel at det har endra seg. I starten var det nesten ingen jenter i med. Det handla den gong mest om at ein likte metal og fann kompisar som likte den same musikken. No er det fleire babe-fakter i miljøet enn før, observerer ho, jenter som nyttar utsjåande i staden for seg sjølv. Ho skulle gjerne sett fleire kvinner på scena.

Under festivalen er det berre ei, Lindy Fay, som er med på ei låt saman med Gaahl. Men, påpeiker Wiese-Hansen, arrangørane er like mange kvinner og menn. Eg spør kor ofte ho i black metal-miljø erfarer at ei kvinne er den viktigaste personen i rommet.

– Aldri, svarar ho, idet ho må springe tilbake til festivalsjefoppgåvene.

Kvinner er i høg grad viktige for det som skjer rundt, og det er mogleg det berre er eit spørsmål om tid før vi ser fleire kvinner på scena.

Viktoria Moldekleiv vonar i alle fall at det er tilfelle. Ho er frivillig på festivalen og sit bak merch-bordet. Til vanleg arbeider ho i AKKS, organisasjonen som arbeider med å integrere kvinner i norsk musikkliv. Moldekleiv meiner det absolutt er rom for kvinner i black metal og lister mange døme eg aldri har høyrt om. Ho sender meg difor si Spotify-liste over kvinnelege metalband, medan eg undrar på om musikken vil høyre annleis ut og om kvinneartistar vil utvikle nye black metal-uttrykk.

Håp i viktige nettverk

Ofte har metal-musikk og tekstar ekskludert eller fornedra kvinner. Når eg spør Jenny Colleen McInnis og Ester Segarra kva dei syns om songtitlar som «Voldtekt» og «Hennes kalde skamlepper» (begge av bandet Taake som spelar på festivalen) svarar McInnis at det er problematisk, medan Segarra meiner at slike tekstar berre er provokasjon og ikkje reflekterer eit kvinnesyn i miljøet. Segarra er fotograf, ei av dei aller beste i miljøet, og arbeider blant anna for bladet Metal Hammer. Ho står i fotograva framfor scena under konsertane, og akkurat der er kvinner i fleirtal, med linsene retta mot idola ovanfor.

Dette minner meg om eit av dei mest interessante poenga til Walser: kritikarar har hatt ein tendens til å avskrive kvinnelege fans som groupies og passive beundrarar. Til dømes vart kvinnelege Elvis-fans i si tid skildra som hysteriske og sex-gale ved synet av dei virtuose hoftebevegelsane hans. Det kritikarane ikkje såg var at kvinner faktisk utnytta Elvis i deira seksuelle frigjering og for å etablere sosiale nett utanfor dei tradisjonelle. Mellom black metal-kvinnene eg møter, deira vener og kollegaer, eksisterer sterke nettverk som er viktige i deira sosiale og profesjonelle liv.

musikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 6. januar 2016 kl. 10.06
Mandag 11. februar 2019
Mens strømmetallene stiger i India og Latin-Amerika, mister USA og England jerngrepet om globale hitlister.