Klassekampen.no
Lørdag 19. desember 2015
88illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Finst det ein kur for dystre tankar?
Ei ny jerntid

Folk snakkar om at det er mørke tider, og dei meiner ikkje berre desembermørket. Folkevandringar, nedgangstider, terrorangrep, aukande krigsretorikk og galopperande klimaendringar – det er mange nok ting å vere bekymra for, og lett å gi seg over til frykt og framtidspessimisme. Sjølv er eg ikkje av dei som så lett slepper taket i optimismen og trua på mennesket, og heller ikkje tilliten til det demokratiske systemet eg er så heldig å vere ein del av. Men eg kjenner også på frykta, og lar meg iblant smitte av misantropien der ute. Når tankane blir for mørke, må eg aktivt ut på leit etter glimt av lys og håp.

Ein av desse dystre dagane kom eg over ei sak om biblioterapi. School of Life i London tilbyr kurs for å hjelpe folk til å takle dei kjenslemessige utfordringane livet byr på, og som eitt av tilboda kan du få time med ein biblioterapeut. Som forfattar og tidlegare bibliotekar har eg tru på at det finst kraft og trøyst å hente i litteraturen.

Så eg bestilte boka «The Novel Cure» av biblioterapeutane Susan Elderkin og Ella Berthoud, spent på om det finst bokanbefalingar mot dei plagene eg slit mest med for tida: framtidsangst, klimafrykt og politikarforakt. For ikkje å snakke om angst for dei som har angst. Og angst for det hatet som ser ut til å ramme dei som har mest angst.

Det finst mange tips om bøker mot frykt i «The Novel Cure». Frykt for å fly. Frykt for døden. Frykt for å begynne og avslutte ting. Der finst til og med ei bokanbefaling mot frykt for science fiction. Og eit lesetips for dei som er redde for å gå i middagsselskap, som eg skal ta med meg. Men det ser ikkje ut til at biblioterapeutane har funne, eller tenkt på behovet for, bøker som kan hjelpe mot frykt for framtida. Dei anbefaler Hermann Hesses «Siddharta» mot eksistensiell angst, og Milan Kunderas «Tilværelsens uutholdelige letthet» mot depresjon. Mot pessimisme tilrår dei å lese «Robinson Crusoe» av Daniel Defoe. Det er elegant nok. Men mi aukande uro over klimaendringane finn eg ingen romankur for.

Det same gjeld politikarforakta. Eller skal eg heller seie politikarangsten? Det er ikkje akkurat varme og nestekjærleik som strøymer ut frå regjeringskontora i desse dagar. Eg blei frosen langt inn i margen da dei nyleg ville servere oss kampflypeparkaker. Heldigvis var det mange andre som reagerte med avsky, og dei krigerske peparkakene forsvann fort frå regjeringas nettsider. Men denne blunderen fekk oss til å forstå at Jern-Erna fortsatt er der, romsterande bak den godslege statsministerfasaden. Nyordet «godhetstyranni» stammar frå ein av Ernas statsrådar, ho som no er gitt ansvaret for skjebnen til tusenvis av flyktningar.

Eg har ikkje gitt opp «The Novel Cure», og slår opp på «tap av håp». Der blir eg tilrådd å lese «Om mus og menn» av John Steinbeck. Eg såg nyleg filmen, og det er ikkje heilt opplagt for meg at romanen vil kvikke meg opp. Men under «tap av tru» finn eg ei bok som verkar lovande. Det er «Harold Frys utrolige pilegrimsferd» av Rachel Joyce. Harold Fry er ein pensjonist som står på dårleg fot med kona og har mista kontakten sonen. Ein dag får han eit brev frå ei gammal venninne som fortel at ho har fått kreft og kjem til å døy. Harold skriv eit kort til henne, og går for å poste det. På vegen tenker han på ein tilfeldig samtale han har hatt med jenta som fyller bensin, og når han kjem til postboksen går han forbi. Han held fram med å gå, heile vegen frå sør til langt nord i England.

Mens han går, blir han fylt av ei overtyding om at så lenge han berre går, med kurs for venninna si, så vil ho halde seg i live. Harold blir landskjent som «pilegrimen», alle vil sjå og snakke med den vandrande mannen, og kona fattar ny interesse for han.

«I dystre tider,» skriv biblioterapeuten, «når du har mista trua på livet, Gud, kjærleiken, andre menneske eller deg sjølv, så bruk desse romanane til å finne tilbake til nokon fundamentale sanningar». «The Novel Cure» er inspirerande og morosam lesing, sjølv om terapeutane ikkje har mykje å stille opp med mot angst knytt til den politiske utviklinga i verda. Men viss ein slit med ein partnar som ikkje les bøker, hatar nasen sin eller har hikke eller hemoroidar, så er det godt å vite at det finst bøker som kan hjelpe ein til å sjå lysare på situasjonen.

bbildoen@gmail.com

Skribentane Karin Moe, Bent Sofus Tranøy, Brit Bildøen, Tommy Sørbø og Warsan Ismail analyserer og kommenterer dagsaktuelle tema og politiske fenomen laurdagar.

Artikkelen er oppdatert: 23. desember 2015 kl. 12.52