Mandag 16. november 2015
ØNSKER DEBATT OM VÅPEN OG ISLAM: Justispolitisk talsperson Ulf Leirstein i Framstegspartiet meiner politiet må ha våpen og at islam må svara for terroråttak. Foto: Berit Roald, NTB SCANPIX
Regjeringa ber om ny trusselvurdering etter terrorangrepa i Paris på fredag:
Frp krev politi med våpen
Undersak

Ut mot islam

Frps justispolitiske talsperson Ulf Leirstein vil stilla islam til ansvar.

– Islam har mykje å svara for. Det er i desse miljøa terror blir avla fram. Når ein dagleg har folk som sprengjer seg i lufta i islams namn, bør nokon stilla spørsmål ved denne religionen, seier Leirstein.

– No skjedde det i Paris, men dette skjer omtrent dagleg i verda.

Han ser ikkje høgre­ekstremisme som trussel.

– Eg trur alle ser at det ikkje er frå høgre det er eit problem, seier han.

SV-leiar Audun Lysbakken åtvarar mot å gradera ulike typar terroristar.

– Dette er ein utruleg ting å seia fire år etter 22. juli og nokre veker etter skuledrapet i Trollhättan. Eg trur alle har eit ansvar for at hat og frykt ikkje får spreia seg, seier han.

– Terroren i Paris viser at faren for terror i Europa er reell og må takast på alvor. Det gjeld både faren for islamistisk terror og for høgreekstrem terror.

Også nestleiar i Ap Hadia Tajik reagerer på Ulfstein kritikk av islam.

«Der er politisk, militant islamisme som står til ansvar. Der er ein farleg ideologi. Det er ikkje fruktbart å setja likskaps­teikn mellom denne valdelege ideologien og islam som såleis. Der er som å gjera norsk kultur ansvarleg for alle høgreekstreme. Det er lovleg å gjera, men spesielt nyttig er det ikkje», kommenterer Tajik.

VÅPEN: Frp vil trossa fagmyndigheitene dersom avgjera om å avslutta den mellombelse politivæpninga ikkje blir omgjort.

TERROR

Frå i morgon skal norsk politi legga vekk våpena, etter eitt år med våpen i beltet. Dette skjer rett etter terrorangrepa i Paris fredag kveld, der væpna terroristar slo til mot seks ulike stadar.

Regjeringa har bedt Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet om å vurdere trusselbildet etter terroren i Paris. Så langt er ikkje trusselvurderinga som låg til grunn for å blesa av den mellombelse politivæpninga, endra.

Justispolitisk talsperson i Frp Ulf Leirstein seier han reknar med at konklusjonen blir at ei mellombels væpning held fram.

– Når du får den type aksjonar så nære Norge og me veit at me har miljø som også hyller den type handlingar, så reknar eg med at det er naturleg å halda fram med mellombels væpning.

– Viss fagmyndigheitene meiner ein ikkje bør gjera det, bør ein frå politisk hald køyra over det?

– Viss fagmyndigheitene kjem til ein anna konklusjon så vil eg stilla spørsmål om kva slags vurderingar som blir gjort og at me får ein open debatt kring det.

Frp er i utgangspunktet for generell væpning av politiet, men det er det ikkje fleirtal for på Stortinget og Frp har derfor latt den debatten ligga. Leirstein seier at dersom PST og Politidirektoratet meiner det ikkje er grunn til å vidareføra ei mellombels væpning, kan det likevel bli debatt i Stortinget.

Fakta

Politivæpning:

• Den mellombelse politivæpninga starta 25. november i fjor og har vore forlengd sju gongar.

• Fredag sa Politidirektoratet at politivæpninga er over. Tysdag tar den mellombelse politivæpninga slutt.

• Det er PST som står for trusselvurderinga og Politidirektoratet som vurderer verkemiddel.

• Hittil har alle parti meint at fagmyndigheitene må vurdera behovet for mellombels politivæpning. Kjelde: NPK

– Eg vil i tilfelle stilla meg spørjande til det og då er det kanskje naturleg at Frp fremjar sitt forslag om generell væpning.

– Men ville væpna politi gjort noko frå eller til i ein slik situasjon som i Paris?

– Ja, viss dei hadde stått på det hjørnet kunne dei gjort noko. Det gjorde dei ikkje. Mykje er tilfeldig.

Stoler på politiet

Nestleiar i Arbeidarpartiet Hadia Tajik er leiar for justiskomiteen på Stortinget. Ho meiner PST og Politidirektoratet (POD) må vurdera trusselbildet og om det er behov for ei vidareføring av den mellombelse væpninga eller ikkje.

– Eg registrerer at så langt held PST oppe si trusselvurdering frå oktober og Politidirektoratet held oppe si til­råding om å ikkje væpna politiet, seier Tajik.

– Samstundes merker me også at trusselbildet kan endra seg og at det då kan vera behov for at me ser på gamle tiltak med nye auge.

Tajik reagerer på at Frp ønsker ein våpendebatt på bakgrunn av terroren i Paris. Ho peiker på at det nasjonale politiet i Frankrike alt er væpna og understreker at for å hindra terror trengst det eit langt meir heilskapleg arbeid.

Ho minner også om at Stortinget, inkludert Frp, før sommaren stemte mot ei generell væpning.

Tajik trur det kjem ein større debatt i heile Europa om korleis tryggingstenestene kan førebygga og avverga den type koordinerte åtak som det i Paris blei råka av på ein betre måte og at det vil vera stemmer som trekk opp væpning.

Ser til Danmark

Tajik meiner det er grunn til å trekka lærdom frå Danmark. Der har politiet og kommune eit særleg tett samarbeid for å førebygga radikalisering av ungdom i Århus.

– I Norge har kommune og politi eit tett samarbeidd gjennom SLT-råd knytt til å førebygga ungdomskriminalitet. Me meiner ressursane bør styrkast og mandatet utvidast til også å gjelda førebygging av ekstreme miljø.

anneh@klassekampen.no

Tirsdag 19. november 2019
HEKTA: Ni av ti tiåringer har smarttelefon. Nå ber digitaliseringsministeren foreldre gå sammen om å nekte ungene smarttelefoner.
Mandag 18. november 2019
LANGSIKTIG: ­Opposisjonen har kritisert regjeringens ABE-reform for å være en «brutal ostehøvel». Finansminister Siv Jensen (Frp) tror reformen er kommet for å bli.
Lørdag 16. november 2019
2021: Fellesforbundets leder Jørn Eggum mener han ser nye takter fra MDG etter et konstruktivt møte. En sluttdato for olja er ikke regjerings­ultimatum, sier MDG.
Fredag 15. november 2019
STRID: Ansatte ved politihøgskolen mener at styret må trekke seg dersom regjeringen tvinger gjennom studentkuttet ved politiutdanningen i Oslo.
Torsdag 14. november 2019
NY TID: Linn Herning har lenge vært bekymret for utviklingen av offentlig sektor. Først etter at hun ble alvorlig sjuk, ble hun ordentlig redd for at velferdsstaten ikke alltid kommer til å redde henne.
Onsdag 13. november 2019
KJØRER PÅ: Frp har abdisert som bilistenes parti, mener Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum. Han tar gjerne over tittelen.
Tirsdag 12. november 2019
MOT SKATT: En omfattende lobbykampanje i regi av sjømatnæringen ble sjøsatt for å hindre at norske oppdrettsselskaper skal bli ilagt grunnrenteskatt.
Mandag 11. november 2019
REDSKAP: Flere rødgrønne partier vil ta større kontroll over Oljefondet for å nå klimamål. SV åpner for å klimainvestere deler av fondet i Norge.
Lørdag 9. november 2019
SNAKKER: Flere LO-topper steilet da sentrale Ap-profiler åpnet for å ta med MDG i regjering. Nå har MDG gått i dialog med fagbevegelsen med mål om tettere samarbeid.
Fredag 8. november 2019
PRESSET: Trygderetten drukner i saker og har doblet saksbehandlingstida de siste årene. Nå må de forberede seg på en formidabel jobb om feilaktige Nav-saker skal behandles på nytt.