Klassekampen.no
Onsdag 9. september 2015
Automatisk genert: En uforloste pakken.
Når skal folk skjøne at program ikkje kan handtera språk?
Programforplikta

Eg sat og venta pakke den 11. august. Midt på dagen kom denne e-posten:

«Du har uforloste pakken. Pakken CT8732111173NO kom pa 10/8. Courier var ute av stand til a levere denne pakken til deg. Fa og skriv ut adresselapp og vis det på n?rmeste postkontor. Dersom pakken ikke er mottatt innen 30 virkedager Posten Norge vil ha rett til a kreve erstatning fra deg for det er a holde i mengden av 55 kroner for hver dag a holde.

Du kan finne informasjon om vilkarene i pakken holde i n?rmeste kontor. Dette er automatisk genert melding.

Klikk her for a melde deg ut. Copyright Posten Norge AS 2015.»

Det blir for lettvint å harselera over at eg melde meg ut under lesinga, at det klikka for meg lenge før eg kom til der det stod «klikk her». (Og då klikka eg ikkje.) Dette var verken dårleg spøk eller grov selskapshumor. Behandlar Posten Norge oss verkeleg slik i 2015?

I så fall har det offentleg interesse. Eg bestemde meg for å skriva eit ope brev til Posten Norge. Be om svar på når slikt tull som dette blir stansa, og krevja forsikring om at vaksne menneske i landet vårt, som me likar å betrakta som eit rimeleg sivilisert land, slepp å ta imot slike e-postar når dei skal henta pakke. Vidare ville eg be om at Klassekampen såg til at rette vedkomande måtte forklara seg!

Sjølvsagt skjøna eg at Posten hadde teke i bruk eit program på nett (Google Translate?) for å gjera jobben med å føra ei engelsk tekst over til norsk. (Kor langt tid ville det ha teke for ein oppegåande tilsett i Posten å skriva ei slik standardtekst på norsk?) Sjølvsagt skjøna eg at Posten ville seia at dei ikkje hadde tenkt å basera seg på den slags, teksta vart dessverre ikkje kvalitetssikra, og så vidare ...

Dette var likevel ikkje nok. For dette har ein botnlaus dumskap som fundament, den dumskapen som kjem til uttrykk når personar trur at moderne dataprogram kan handtera språk. Det kan nemleg dataprogram ikkje. Men datateknologar har trudd det like sidan dei første datamaskinene såg dagens lys i USA rundt 1950. Eg har sitat frå 1960 av framståande personar som sa at innan 1980 ville program kunne omsetja. Eg har sitat av framståande personar rundt 1990 som sa at i 2005 ville program kunna omsetja. Etter 2010 er det vanskelegare å finna slike sitat, men dei finst. Men altså – kunne eg lita på at dei ansvarlege for Posten AS ville stilla opp?

Så … datt det ned i meg: dette var sjølvsagt spam. Svindel! Som pussig nok datt inn akkurat den dagen eg venta på melding. Til Posten Norge seier eg: Ta dei!

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Dette har ein botnlaus ­dumskap som fundament»