Onsdag 19. august 2015
I FØRARSETET: Stian Berger Røsland har god grunn til å smile. Viss dagens måling blir valresultatet, vil Høgre nok ein gong ha makta i hovudstaden.
• Ny måling viser borgarleg fleirtal i Oslo • Ap går tilbake seks prosentpeng
Sola skin på Høgre
Trykk for større versjon
NEDTUR: Om dagens måling blir valresultatet, vil venstresida nok ein gong tape valet i hovudstaden. Høgre går kraftig fram og er igjen byens største parti.

15. januar 2017 kan Oslos byrådsleiar Stian Berger Røsland feire at Høgre har hatt makta i hovudstaden i 20 år samanhengande – i alle fall om dagens måling blir valresultatet. Arbeidarpartiet går tilbake heile 6,4 prosentpoeng til 30,2 prosent.

Dermed er Høgre igjen byens største parti. Med 4,5 prosentpoengs framgang til 34,9 prosent har dei blå i augneblinket overtaket i kampen om hovudstaden. Stian Berger Røsland er naturleg nok godt nøgd med tala.

– Eg liker særleg godt at alle dei fire borgarlege partia har framgang. Dette er inspirerande for våre folk som står ute på stand og bankar på dører, seier Oslos byrådsleiar.

Fakta

Ny Oslo-måling:

• Sentio Reseerarch Norge AS har utført ei kommuneval­måling i Oslo på oppdrag frå Klassekampen. 1000 personar er intervjua i perioden 10. til 13. august, 792 oppgav partipreferanse.

• Feilmarginane varierer mellom 0,4 og 3,3 prosent, størst for dei største partia.

• Valet er i Oslo 13. og 14. september, men førehandsrøystinga er open no.

Like sterkt ønskt

Sjølv om endringane for Venstre, KrF og Frp er innanfor feilmarginen (sjå grafikk), viser målinga at fleirtalet i Oslo ligg på borgarleg side. Til saman får dei fire partia 31 av 59 plassar i bystyret. KrF er inne med to mandat på denne målinga.

Klassekampen har også fått utført ei måling om kven som er mest ønskt som byrådsleiar. Her er det i praksis daudt løp, med 34,2 prosent til Høgres Røsland og 35,4 til Arbeidarpartiets Raymond Johansen.

– Det viser at valet avgjerast av politikken, ikkje av personane, seier Røsland.

Sjølv går han til val på tre hovudsaker: Kunnskap i skulen, ein tryggare by og eit grønt skifte i Oslo.

– Men de vil byggje ut ny E 18 vestover?

– Ja. Dette vil gje byutvikling i Asker og Sandvika og gjere det lettare for kollektivtransport og syklande å ta seg fram. Men vi må sørgje for at utbygginga ikkje gjev fleire bilar i Oslo sentrum.

MDG-veljarane heiar på Ap

Valets store joker i Oslo er Miljøpartiet Dei Grøne. På denne målinga får MDG 7,5 prosent, men er ikkje lenger på vippen. Eit slikt resultat vil likevel gje ei femdobling av bystyregruppa. Partiet har gjort eit viktig poeng ut av å ikkje velje blokk i Oslo-politikken.

Bakgrunnstala i byrådsleiarundersøkinga syner at heile 48,7 prosent av veljarane til Miljøpartiet vil ha Raymond Johansen, medan berre 6,6 prosent vil ha Stian Berger Røsland.

– Det fortel ein del om kor dei strengt tatt står. Vi samarbeider gjerne med Dei Grøne i saker der vi har felles syn, men eg har vanskeleg for å sjå at MDG ikkje vil lande på venstresida, meiner han.

I dag sit Høgre saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre i byråd i Oslo. Røsland seier at Høgre går til val på at denne konstellasjonen skal halde fram.

– Kvifor går de ikkje til val på eit byråd som også inkluderer Frp, som de sat saman med i fleire år?

– Vi har hatt eit samarbeid mellom dei fire partia i mange år. Eg er oppteken av at alle skal få utteljing i budsjettavtalane og at vi skal drive fram reformer for byen saman, seier byrådsleiaren.

Frp gjekk ut av byrådssamarbeidet i 2011 etter ein strid om nytt Munch-museum i Bjørvika.

– Men kvifor ikkje fire parti i byråd?

– No sit vi i byråd med Venstre og KrF. Då er det naturleg nok det vi går til val på.

Valkamp om innvandring

Carl I. Hagen er Frps fyrstekandidat i Oslo. Han meiner innvandring må bli valkampens hovudsak.

– Eg er kjent med byrådsleiarens syn når det gjeld nytt byråd. Vi har sagt at vi vil vente på valresultatet. Om det endrar stillinga på borgarleg side, kan det hende vi vil forhandle om ein byrådsplattform, sjølv om det blir ei formidla oppgåve, seier Hagen.

Han kallar meiningsmålingar i valkampen «ein uting».

– Dei går opp og ned som ein jojo. De journalistar bør heller spørje om valkampens hovudsak.

– Ja, kva er valkampens hovudsak?

– Det er folkeveksten i Oslo. Både Raymond og Stian seier at Oslo har Europas raskaste folkevekst. Men det er ikkje vekst, det er innvandring. Statistisk sentralbyrå seier at Oslo skal vekse med over 170.000 innbyggjarar mot 2030. 120.000 av desse vil kome frå Afrika og Asia, 35.000 vil kome frå Aust-Europa og 10.000 vil kome frå Vest-Europa. Berre 10.000 er folkevekst, seier Hagen.

Arbeiderpartiets Raymond Johansen takka nei til å bli intervjua om målinga, men har via sin pressesekretær sendt følgjande sitat:

«Valgkampen er så vidt i gang og min jobb blir å vise velgerne hvordan vi vil investere i fremtiden ved å sikre alle barn en barnehageplass, sørge for en verdig og trygg eldreomsorg til de som bygget landet og sikre at Oslo blir en grønnere by med boliger til alle […] Målingene viser litt ulike ting, men det at det ser så jevnt ut i Oslo inspirere meg til om mulig å gjøre en enda sterkere innsats frem mot valgdagen.»

politikk@klassekampen.no

Mandag 21. januar 2019
NY VEG: Regjeringa ventar på Statens vegvesen si eiga vurdering av kva oppgåver private kan få. – Me har ei oppleving om at Vegvesenet blir riven i bitar, seier tillitsvald Alf Edvard Masternes.
Lørdag 19. januar 2019
BYENS MANN: Eliten er ikke vegetarianere som sykler til jobb i Oslo, men rikinger som påvirker regjeringen, sier SV-leder Audun Lysbakken i sitt svar til Trygve Slagsvold Vedum.
Fredag 18. januar 2019
NEDTUR: Bare 4 prosent av de ansatte i politiet mener de er mer tilgjengelige for folk nå enn før nær­politireformen.
Torsdag 17. januar 2019
FÅ FØDSLER: Barn av innvandrere har lavere fruktbarhet enn øvrig befolkning, viser ferske tall. Norsk­pakistanske Umar Ashraf opplever ikke barnepress.
Onsdag 16. januar 2019
UNNGÅR: Høyesterett viser politisk motvilje mot å behandle Svalbard-trakten, mener forsvarer Hallvard Østgård.
Tirsdag 15. januar 2019
DØVE: Alle miljøfaglege råd som er gitt før utlysing av nye oljeblokker dei fem siste åra, er ignorerte. Det viser ein gjennomgang frå Naturvernforbundet.
Mandag 14. januar 2019
TO ONDER: Øystein Dørum i NHO mener videre oppløsnings­tendenser i EU vil være verre for norsk økonomi enn brexit.
Lørdag 12. januar 2019
ØKER MEST: – Vi snur ikke kappa etter vinden. Det er vinden som har snudd, sier Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum.
Fredag 11. januar 2019
FALL: For ti år siden var Finnmark landets mest fruktbare fylke. Nå føder kvinnene der nesten like få barn som i Oslo.
Torsdag 10. januar 2019
BARN: Verken flyktninger eller arbeidsinnvandrere løser utfordringene som følger av lave fødselstall, konkluderer to av Norges ledende forskere.