Lørdag 8. august 2015
TO PÅ TUR: Høgre-leiar Erna Solberg møter valkampen med sterke tal. Her frå ein valkamptur med Oslos byrådsleiar Stian Berger Røsland denne veka. Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix
• Sterkt Høgre i valkampens fyrste måling • Kan stoppe maktskifte i storbyane
Blå, blå vind over Noreg
Undersak

– Ap mot Høgre i storbyane

Kjersti Stenseng, partisekretær i Ap, meiner dagens måling er god for Ap. Med 34,1 prosent ville dette resultatet blitt det beste kommunevalet for Ap sidan 80-talet.

– Dette er gode tal for oss, sjølv om det er ein liten nedgang, seier Stenseng.

– Kan Høgres gode resultat gjere at siger i storbyane kan gleppe?

– Høgre er ein stor utfordrar, mellom anna i byane. Det blir ein valkamp mellom Høgre og Ap her, meiner Stenseng.

Ho håpar Aps bodskap om fleire lærarar, barnehagetilsette og sjukeheimsmedarbeidarar skal gje Ap eit vidare løft i valkampen.

På kommunemålinga får SV fattige 3,3 prosent.

– Fryktar du at Ap skal gjere eit godt val, men at samarbeidspartias svake resultat gjer at de taper makta?

– Det viktigaste for oss er eit godt valresultat for Ap. Så vil vi byggje gode alliansar for dei som står oss nær, seier partisekretæren, som kjenner at valkampen er i gang for alvor.

– Dette er høgtid for oss politikarar.

Trykk på grafikken for større bilde
HELD STAND: Med høge tal for Høgre kan kampen for å vinne dei store byane bli vanskelegare for venstresida. Det viser valkampens aller fyrste kommunemåling.

MÅLING

– Dette er gode tal. Dei ser resultata våre ordførarar over heile landet har fått til, seier Høgre-leiar Erna Solberg.

Ho er på valkampturné i Hedmark når Klassekampen fortel henne om tala over ei sprakete telefonline. Og Høgre-leiaren treng slett ikkje frykte møtet med veljarane:

Med 26,9 prosents oppslutning i lokalvalet kan haustens val bli eit av dei aller beste nokon sinne for partiet.

Sjølv om endringa er innanfor feilmarginen, er nivået høgare enn på lenge for partiet. No snuser dei på rekordresultatet frå 2011. Norfakta har utført både stortingsmåling og kommunemåling for Klassekampen og Nationen. I Stortingsmålinga aukar Høgre heile 4,4 prosent (sjå grafikk).

I dag bur cirka 40 prosent av folket i ein Høgre-styrt kommune, mellom anna på grunn av at partiet har ordføraren og byrådsleiaren i fleire av landets største byar. Partiet går dermed inn i valkampen med mykje å forsvare. Både i Oslo, Bergen og Tromsø kjempar venstresida om å vinne tilbake makta. Solberg trur på fleire blå år.

– Eg trur det er innanfor rekkjevidd å halde posisjonen i storbyane. Men vi vil sikkert tape nokre plassar – slik er det alltid i lokalval.

Tala kjem same veke som Solberg møtte Støre til partileiarduell, ein duell fleire kommentatorar meiner Høgre-leiaren vann klart (sjå notisloft). Dermed er venstresida på defensiven etter valkampens fyrste veke.

Fakta

Nye målingar:

• Norfakta har gjennomført meiningsmålingar om partipreferanse i kommuneval og stortingsval på oppdrag frå Klassekampen og Nationen.

• 1001 nordmenn er intervjua 4. og 5. august. Spørsmåla som blei stilt, er «Hvilket politisk parti ville du stemt på dersom det var kommunestyrevalg idag?» og «Hvilket politisk parti ville du stemt på dersom det var stortingsvalg idag?».

• Feilmarginen varierer mellom 0,6 og 2,9 prosentpoeng i dei to meiningsmålingane, størst for dei største partia.

• I stortingsmålinga svare 15 prosent «veit ikkje». 3 prosent ville ikkje svare eller svarte at dei ikkje vil røyste. Tilsvarande tal for kommunemålinga er høvesvis 20 og 4 prosent.

Borgarleg utfordring

Fleire har påpeika at Høgre har ein tendens til å gå ned i oppslutning i valkampen. Solberg meiner dette biletet er misvisande.

– Det stemmer ikkje – og i alle fall ikkje ved kommuneval. Både i 2007 og 2011 gjekk vi opp på slutten av valkampen. I 2013 henta KrF, Venstre og Frp litt frå oss nært valdagen. Det handla nok om at det blei ein diskusjon om kva parti som skulle inngå i eit regjeringssamarbeid og at folk røysta for å påverke dette utfallet, seier Solberg.

Sjølv om Høgre gjer det skarpt på denne målinga, er ikkje tala like lysteleg lesnad for samarbeidspartia på borgarleg side. Både KrF, Venstre og Høgre har lågare oppslutning enn ved valet i 2011. Frp får rekordlåge 9,6 prosent. Skulle det bli resultatet, vil det vere partiets dårlegaste val sidan 1991.

– Kva skal du gjere for at samarbeidspartia ikkje skal bli for små?

– Vi må snakke om våre eigne saker gjennom valkampen. Og på stortingsmålinga er det framleis borgarleg fleirtal, minner Solberg om.

Tvangsdebatt er «perifer»

– Kommunereforma har blitt ei uventa stor sak så langt i valkampen. Kva tenkjer du om det?

– Den kan nok påverke valet i nokre kommunar. Men den blir ikkje den store saka. Mange stader er dei ikkje komne så langt i prosessen, og då blir det heller ikkje den same debatten.

Denne veka har debatten gått om Aps rolle i kommunereforma. Dei seier no at dei ikkje vil vere med på tvangssamanslåingar av kommunar.

– Er du irritert på at Ap ikkje vil vere med på å gjennomføre reforma?

– Eg har vore litt forundra over Aps haldning når dei eigentleg er for reform. Dei prøvde å konstruere ein konflikt om noko som eigentleg er ganske perifert, men burde heller tenkt på kva dei kan gjere for å få til endringar, seier Solberg.

politikk@klassekampen.no

Torsdag 2. april 2020
BREMS: I morgen legger regjeringen fram en plan for kontantstøtte til korona­rammede bedrifter. SV, Rødt og LO vil ha klare regler som forhindrer at kapitalister beriker seg på ordningen.
Onsdag 1. april 2020
FRITT: Riksadvokaten instruerer politiet om å ikke prioritere saker som handler om besittelse av narkotika under pandemien.
Tirsdag 31. mars 2020
SPREDNING: Flere av dem som har dødd av korona­viruset, bodde på sykehjem. – Deltidskrisa kan ha forsterket korona-krisa, sier Mette Nord.
Mandag 30. mars 2020
DEBATT: Velferdsstatsforkjemper Linn Herning advarer mot å prioritere korona­tiltak over ressurssvake grupper. Hun ber venstresida våkne.
Lørdag 28. mars 2020
MØRKT: Koronakrisa kan gi rekordmange konkurser i år. Nå åpner staten lommeboka og vil gi direkte pengestøtte til bedrifter som er rammet.
Fredag 27. mars 2020
SPOR: FHI lager en app som skal gjøre det lettere å spore koronasmitten i Norge. Men i motsetning til i Sør- Korea blir det frivillig å delta.
Torsdag 26. mars 2020
MØRKT: Trysil ligger øde. Fiske­mottaket i Hasvik er tomt for fisk. I Ullensaker forsvinner jobbene når flyene slutter å gå. Men smelteovnene i Høyanger holder koken.
Tirsdag 24. mars 2020
DEPRESJON: Norge har like høy arbeidsledighet som under depresjonen på 1930-tallet. Økonomene tror de midlertidige smitteverntiltakene får langvarige konsekvenser.
Mandag 23. mars 2020
BEREDSKAP: I fjor importerte Norge 61 prosent av alt matkorn. Samtidig har vi lagt ned beredskapslagrene for korn. Det gjør oss sårbare.
Lørdag 21. mars 2020
SKEPTISK: I dag får justisminister Monica Mæland trolig fullmakt til å overstyre Stortinget. Det skremmer mannen som hadde jobben hennes inntil 2018.