Lørdag 9. mai 2015
FOSSAR FRAM: Ei ny måling viser at KrF kan få ei heilt sentral rolle også i neste stortingsperiode.
Ei ny måling viser at Kristeleg Folkeparti kan få peike ut landets neste statsminister:
KrF på vippen
Undersak

Dagrun Eriksen vil flytte staten ut av Oslo

KrF-nestleiar Dagrun Eriksen tok i sin landsmøtetale til ords for å flytte fleire direktorat ut av hovudstaden i denne stortingsperioden:

– Målet bør vere å få vedteke utflytting av minst tusen arbeidsplassar i denne fireårsperioden, sa Eriksen, og nemnde Utdanningsdirektoratet, Statens landbruksforvaltning, Norges vassdrags- og energidirektorat (hovudkontoret) og Direktoratet for nødkommunikasjon som døme på direktorat ein bør vurdere.

Utdanningsdirektoratet var ikkje nemnt i det utdelte manuset, men kom med i talen etter sterkt ønske frå Dagrun Eriksen personleg, fortel kjelder i partiet.

For nokre veker sidan var Dagrun Eriksen nær ved å bli vraka som KrF-nestleiar. I går heldt ho partileiartalen i Knut Arild Hareides fråvere:

– Vi har ein moderne mann som partileiar, derfor er det fyrste nestleiar som står her i dag, sa Eriksen.

Størst applaus hausta Eriksen då ho snakka om asylbarn og søndagsstengte butikkar. KrF-nestleiaren sa seg nøgd med resultatet av dei krevjande forhandlingane om asylbarna. Neste prøvestein blir søndagshandel:

– Dette er ikkje eit forhandlingsspørsmål for KrF. Vi må få stoppa regjeringas framlegg om søndagsopne butikkar, og vi har storparten av det norske folk med oss, sa Eriksen til jubel frå delegatane.

KONGEMAKAR: Den som vil styre landet etter 2017, kan bli avhengig av KrF. Nestleiar Dagrun Eriksen er open for at dei kan peike på Ap.

– Kan KrF i 2017 prinsipielt samarbeide både til høgre og til venstre, Dagrun Eriksen?

– Ja.

Dermed har KrF-leiinga opna for at dagens samarbeidsavtale kan skrotast ved neste korsveg. På partiets landsmøte i Trondheim går delegat etter delegat på talarstolen med ramsalt kritikk av regjeringa. Erna Solberg og Siv Jensen må finne seg i å vere to særs lite populære kvinner hos kristendemokratane. KrF skil seg dermed tydeleg frå Venstre i dette spørsmålet. Trine Skei Grande sa til Klassekampen i framkant av deira landsmøte at ho meinte Venstre fekk mest att for samarbeid på sentrum-høgre-sida.

I KrF førebur dei seg derimot for ein krevjande debatt om partiets kurs:

– Vi kjem til å ha ein prosess fram mot 2017. Dersom vi opna den debatten no, ville det ikkje bli tid til å drive lokalvalkamp, så det er viktig å gjere dette i rett rekkjefølgje, seier Dagrun Eriksen.

Ho meiner dei raske politiske endringane gjer det uråd å sjå kva som vil vere best for KrF i 2017.

– Sjølv om vi har gode kontaktar oppover, trur eg det ville bli vel mykje av ein spådom å seie noko om kva som er fasit då, ler KrF-nestleiaren.

Eriksen er også tydeleg på at hennar parti har ein annan innfallsvinkel til denne saka enn Venstre, som ho meiner har slått rot på borgarleg side:

– Eg synst Venstre tok det steget før førre val, der dei definerte seg inn i ein borgarleg familie. Der finn du ikkje KrF, meiner Eriksen.

Fakta

Ny måling:

• Norfakta har på oppdrag frå Klassekampen og Nationen utført ei meiningsmåling. Spørsmålet som er stilt, er kva parti ein ville røysta om det var stortingsval i morgon.

• Feilmarginane varierer mellom 0,6 og 2,7, størst for dei største partia.

• Denne helga har KrF landsmøte i Trondheim. Dagrun Eriksen er fungerande partileiar i Knut Arild Hareides fråvære.

KrF kan avgjere

Samstundes minner ho om at den raudgrøne perioden hadde sine utfordringar:

– Det var ikkje heilt soria moria for KrF, for å seie det sånn.

Ei ny måling viser at KrF kan få ei heilt sentral rolle også i neste stortingsperiode. Dersom hadde vore val i morgon, ville partiet fått 5,6 prosent og ti mandat på Stortinget. Høgre, Venstre og Frp får til saman 73 mandat på målinga som er utført av Norfakta for Klassekampen og Nationen.

Ap, SV og Sp får 82 mandat på målinga. Ettersom 85 mandat må til for å skape fleirtal på Stortinget, ville KrFs ti og MDGs tre mandat blitt avgjerande for båe sider. Den einaste endringa ut over feilmarginen står Raudt for, som aukar med 0,9 prosent til 1,7 prosent og får eitt mandat på målinga.

Får Bondevik-støtte

Den tidlegare KrF-statsministeren Kjell Magne Bondevik stør Eriksen.

– Eg har alltid sagt at KrF kan samarbeide båe vegar. Viktige verdispørsmål går ikkje langs høgre-venstre-aksen, til dømes spørsmålet om søndagsopne butikkar.

No seier Bondevik at det har blitt opnare kva retning KrF vil vende seg i 2017, og han åtvarar Erna Solberg mot å ta KrF for gitt. Han seier politikken til regjeringa har provosert KrF kraftig, og i første rekkje gjev han Frp skulda.

– Høgre åleine har ikkje forandra seg så mykje, men kompaniskapet med Frp har gjeve eit tyngdepunkt langt ut i liberalistisk retning.

Samstundes gjev han eit klart svar på kva parti som står KrF nærast:

– No trur eg det er Senterpartiet. Tidlegare sa eg ofte Venstre.

politikk@klassekampen.no

Fredag 3. april 2020
I FELT: Hver kveld siden 15. mars har Mohamed El Morabet gått gatelangs for å hindre bråk, slåsskamper og ­spredning av koronaviruset.
Torsdag 2. april 2020
BREMS: I morgen legger regjeringen fram en plan for kontantstøtte til korona­rammede bedrifter. SV, Rødt og LO vil ha klare regler som forhindrer at kapitalister beriker seg på ordningen.
Onsdag 1. april 2020
FRITT: Riksadvokaten instruerer politiet om å ikke prioritere saker som handler om besittelse av narkotika under pandemien.
Tirsdag 31. mars 2020
SPREDNING: Flere av dem som har dødd av korona­viruset, bodde på sykehjem. – Deltidskrisa kan ha forsterket korona-krisa, sier Mette Nord.
Mandag 30. mars 2020
DEBATT: Velferdsstatsforkjemper Linn Herning advarer mot å prioritere korona­tiltak over ressurssvake grupper. Hun ber venstresida våkne.
Lørdag 28. mars 2020
MØRKT: Koronakrisa kan gi rekordmange konkurser i år. Nå åpner staten lommeboka og vil gi direkte pengestøtte til bedrifter som er rammet.
Fredag 27. mars 2020
SPOR: FHI lager en app som skal gjøre det lettere å spore koronasmitten i Norge. Men i motsetning til i Sør- Korea blir det frivillig å delta.
Torsdag 26. mars 2020
MØRKT: Trysil ligger øde. Fiske­mottaket i Hasvik er tomt for fisk. I Ullensaker forsvinner jobbene når flyene slutter å gå. Men smelteovnene i Høyanger holder koken.
Tirsdag 24. mars 2020
DEPRESJON: Norge har like høy arbeidsledighet som under depresjonen på 1930-tallet. Økonomene tror de midlertidige smitteverntiltakene får langvarige konsekvenser.
Mandag 23. mars 2020
BEREDSKAP: I fjor importerte Norge 61 prosent av alt matkorn. Samtidig har vi lagt ned beredskapslagrene for korn. Det gjør oss sårbare.