Klassekampen.no
Lørdag 11. april 2015
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Kva tid blei inspirasjon eit tilsetningsstoff?
Skinke med bismak

Da eg handla inn til påske, leita eg meg fram til ein pakke skinke som såg fristande ut. Men reklameteksten på pakken var noko underleg: «Tilsatt inspirasjon fra Italia». Kva tid blei inspirasjon eit tilsetningsstoff, tenkte eg surt, men putta likevel pakken i handlekorga. Like etter kom eg over tomaten med det eksotiske namnet «Juanita fra Ryfylke».

Ikkje noko å irritere seg over? Med jamne mellomrom spør Språkrådet folk kva dei irriterer seg mest over av politikarspråk, byråkratspråk, reklamespråk og akademikarspråk. I fjor passerte reklamespråket for første gong politikarspråket som irritasjonsmoment.

For seks-sju år sidan kom det ut ei bok i Japan om språk, som ikkje berre selde i utrulege 65.000 eksemplar, men også utløyste ein rasande internettaksjon der gode meldingar av boka systematisk blei sletta. No er boka omsett til engelsk med tittelen «The Fall of Language in the Age of English».

Eg blei kjent med forfattaren Minae Mizumura på eit internasjonalt skriveprogram i Iowa for elleve år sidan, og sidan det var nettopp opphaldet i Iowa som inspirerte henne til å skrive boka, har eg sett fram til at den skulle bli tilgjengeleg på engelsk. Eit universalspråk som ifølgje Mizumura no i internettalderen er i ferd med å bli så dominerande at det kan bli ståande att som det einaste universalspråket.

Sjølv om forfattaren er kritisk til den sterke engelskdominansen, har ikkje boka vekt den same harmen blant engelskspråklege som den gjorde i Japan i 2008. Eit av poenga til Mizumura er da også at når ein høyrer til eit dominerande språk som engelsk, så treng ein ikkje reflektere så mykje over språklege utfordringar som resten av verdas befolkning må gjere.

Det at vi har nokre få universalspråk i verda, skaper eit slags hovudåresystem som ved hjelp av omsetjingar gir ei brei spreiing av også den litteraturen og kunnskapen som er utvikla i mindre språkområde. Men dersom engelsk blir den einaste hovudåra, kan det fort fortrenge nasjonalspråket i fleire land, slik det alt har gjort innan akademia. Om språka blir færre og målformene meir einsarta, kva skjer da med dei eineståande tankane, erfaringane og kjenslene som kvart einaste språk, stort eller lite, finn sitt heilt unike uttrykk for? Kva med rytmen og musikken, som er forskjellig i alle språk? I kapittelet som handlar om skriveprogrammet i Iowa, fortel Mizumura kor fascinert ho var over at desse tredvetals forfattarane, som snakka dårleg engelsk når dei møttest i korridoren, alle sat på romma sine og skreiv avansert litteratur på sine eigne språk.

Minae Mizumura skriv også på sitt eige språk. Men ho reflekterer over at dei japanske klassikarane ho elska å lese da ho var ung, i dag er vanskeleg tilgjengelege for vanlege lesarar, mykje på grunn av ei rask og lite gjennomtenkt modernisering som skjedde rett etter krigen. Før dette hadde det japanske språket gått gjennom fleire nødvendige reformasjonar, ved at det gjennom lang tid utvikla seg frå eit skriftspråk som var basert på kinesiske skriftteikn til eit moderne skriftspråk som låg nærare opp til japansk tradisjon og talespråk.

Det som utløyste dei sterke reaksjonane på «The Fall of Language» i Japan, er først og fremst skildringa av korleis det japanske språket har skilt seg frå tradisjonen og slik stilt seg sårbart overfor den engelskspråklege dominansen.

Det er 130 millionar menneske som snakkar japansk, og likevel er det rekna som eit marginalt språk i verdssamanheng. Kor marginalt er da ikkje det norske. Men er vi like sårbare? Norsk er også under sterkt press frå engelsk. Men vi har større sjanse for å overleve det anglofile lågtrykket dersom vi klarer å bruke språket på ein skikkeleg måte. Ein kan gjerne ta med seg litt italiensk inspirasjon når ein lagar norsk skinke, men inspirasjon er ikkje noko ein tilset.

Dårleg språk er ikkje berre ei kjelde til irritasjon, det riv også språket laus frå meininga. Når språket mistar konkret tyding, blir det sårbart for påverknad utanfrå. Reklamefolka stablar lokkeord i vaklande pallar. Politikarane abstraherer språket slik at språket ikkje kan slå tilbake på dei. Byråkratane viklar seg inn i utgreiingar som dei etter kvart ikkje forstår sjølv. Akademikarane må bruke engelsk og gløymer korleis dei formulerer seg på norsk. Og folket irriterer seg.

bbildoen@gmail.com

Skribentane Karin Moe, Bent Sofus Tranøy og Brit Bildøen analyserer og kommenterer dagsaktuelle tema og politiske fenomen laurdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 13. april 2015 kl. 10.35