Klassekampen.no
Tirsdag 3. mars 2015
Konsert: Igor Trapitsin (i midten med gitaren) syng i Brønnøysund på ein konsert i mai 1945. Fotoet er Trapitsins eiget.
Ny dokumentar om sovjetisk krigsfange blir vist under filmfestivalen Kosmorama i Trondheim:
Han berga seg med song
Undersak

Legen som varsla om krigsfangane

Filmen «Sangen reddet mitt liv» opnar med autentiske opptak frå ein leir for sovjetiske krigsfangar i Saltdal. Bilda er henta frå den rundt ti minutt lange, unike filmen som vart tatt opp av major Leiv Kreyberg, mannen som fekk hovudansvaret for vakthald, mat og legetilsyn til sovjetiske krigsfangar i Nord-Noreg.

I tillegg til mykje meir var Kreyberg ein ivrig amatørfilmar og fotograf. Han kom til Nord-Noreg samstundes med den tyske kapitulasjonen, 8. mai. Ifølgje den nye boka til Bjørn Westlie, «Fangene som forsvant» (omtalt i Klassekampen laurdag), var Kreyberg «rett mann på rett sted – og til rett tid».

Leiv Kreyberg (1896–1984) var ein internasjonalt kjend lege, medisinsk forskar, og sanitetslege for allierte styrkar på fleire frontavsnitt under krigen. Ifølgje Westlie var han den einaste i den norske eksilforvaltninga i London som forstod utfordringane som venta heime, med omsyn til dei utanlandske krigsfangane. Alt tidleg hausten 1944 slo Kreyberg alarm i eit brev til forsvarsminister Oscar Torp, utan å få respons. Kreyberg var også ein av få som ante kor stort omfanget av utanlandske krigsfangar i Noreg var – og at dei var sette til omfattande tvangsarbeid. At det kunne vera så mange som 80.000, kunne ikkje London-regjeringa tru. Det skulle som kjent visa seg å vera nærare 100.000 sovjetarar, i tillegg til om lag 40.000 andre.

Kreyberg freista i januar 1945 å førebu sosialminister Sverre Støstad på den medisinske innsatsen som trongst, straks krigen var over, utan å lukkast. Den 7. mai vart Leiv Kreyberg så beordra av forsvarssjef kronprins Olav til Vesterålen, for å driva «antisabotasje». Sidan krigshandlingane alt var over, fall oppgåva med krigsfangane på han.

Møte i Moskva: Morten Conradi møtte farens gamle ven frå 1945, Igor Trapitsin. Foto: Morten Conradi/frå filmen
Konsentrasjons­leir, tvangsarbeid og venskap med den seinare spionen Gunvor Galtung Haavik er berre nokre av opplevingane Igor Trapitsin omskapte til song.

I maidagane 1945 var opp mot tre og eit halvt år med slavearbeid over for sovjetiske krigsfangar i Noreg. Blant dei mange som vakla avmagra ut i fridomen, var den 27-årige Igor Trapitsin. Ein mann som framleis blir hugsa på Helgelandskysten.

Trapitsin hadde vore i tvangsarbeid ved eit kystfort på Ylvingen, isolert frå fastlandet. Men før heimreisa til Sovjet heldt han ein konsert på kaia i Brønnøysund. Den gløymer ikkje dei som var til stades.

Fakta:

«Sangen redda mitt liv»:

• Dokumentarfilm av regissør Morten Conradi.

• Portretterer Igor Trapitsin, ein av dei nær 100.000 sovjetiske krigsfangane i Noreg under andre verdskrig.

• Filmen blir vist under Kosmorama Internasjonale Filmfestival i Trondheim onsdag, torsdag og fredag denne veka.

• Klassekampen har dei siste dagane skrive om korleis sovjetiske krigsfangar vart brukt til å byggje jarnbane og vegar i Noreg.

Familiehistorie

«Sangen redda mitt liv», heiter Morten Conradis filmportrett av Igor Trapitsin, og det er slett ikkje berre ein poetisk filmtittel, men blodig realitet. Det kunne faren til filmskaparen, Lasse Conradi, ha stadfesta. Lasse Conradi var blant dei norske motstandsmennene som organiserte heimreisa for sovjetiske krigsfangar i Nord-Noreg. Filmarbeidet har slik også vore ei gransking av familiehistoria til regissøren.

– Far fortalde så lite om krigsopplevingane sine at mykje av dette var ukjend for meg. Men når det av og til kom eit julekort frå Sovjet, vart jo vi barna nyfikne, seier Morten Conradi til Klassekampen.

Igor Trapitsin og Lasse Conradi rakk å bli gode vener i løpet av nokre hektiske veker fredssommaren 1945. Trapitsin var tillitsmann for fangane og følgde Conradi i ein skranglete lastebil for å registrera sovjetarar – kor mange som var kvar og kva helsetilstand dei var i.

– Far hadde sjølv sete i krigsfangenskap i fire år. Han forstod kva det innebar og kva behov fangane hadde. Det gjorde at han og Igor straks var på bølgjelengde.

Møte i Moskva

Sovjetarane vart sende heim i ekspressfart, og dei to mennene tok det dei trudde var farvel – heilt til Lasse Conradi nokre år seinare gjekk seg på Igor Trapitsin på metroen i Moskva.

– Mor godtok aldri at dette var «tilfeldig», ho var viss på at KGB stod bak, men i dag er det ikkje noko som tyder på at møtet var arrangert.

Conradi sette Trapitsin i kontakt med August Lange, kulturattaché ved den norske ambassaden, og sjølv tidlegare motstandsmann og krigsfange. Dei helt alle tre kontakten livet ut.

Trapitsin vende seinare tilbake til Noreg fleire gonger gjennom Sambandet Sovjetunionen-Norge.

Nokre norske historikarar har skrive om Trapitsins opplevingar, men det store bildet vart likevel ikkje klart for Morten Conradi, før for få år sidan. Da fekk han ved eit tilfelle greie på at mannen framleis levde og budde i Moskva. Det vart grunnlaget for filmen, som no blir vist ved Kosmorama filmfestival i Trondheim.

– Dette var midt på 2000-talet, og då eg tok kontakt, ønskte Igor meg velkommen, men eg måtte skunda meg, sa han, for han var 90. Vi trefte kvarandre fleire gonger, før han døydde i fjor vår 96 år gamal.

Songen om livet

Gjennom melankolske songar og intervju fortel Igor Trapitsin livshistoria si for kamera, medan Conradi bildelegg forteljinga med unike arkivfoto og filmklipp, i tillegg til dramatiserte sekvensar, som rekonstruerer viktige episodar i historia.

– Han syng dels tradisjonelle viser, det russarane kallar «kuskesongar» og sigøynarsongar, men Igor har også dikta vidare på ein del av melodiane.

Igor Trapitsin vart foreldrelaus alt som seksåring då faren, som var prest, vart arrestert under den tidlege Stalin-epoken. Alt som barn song Igor for pengar på tog og torg. Songkunsten skulle seinare berga han fleire gonger etter at han i 1942, som raudearmesoldat, vart tatt til fange i Kviterussland og ført til Polen.

– Igor sat i ti ulike leirar i løpet av andre verdskrig. Fleire gongar var han på nippet til å bli drepen, men han underheldt med song og revyinnslag overalt han var, og både medfangar og vaktar fekk godhug for han, nokre tok jamvel foto av han, som han gøymde i skoa og fekk med seg krigen igjennom.

På leit etter kjærleiken

Etter ein dramatisk fangetransport over Austersjøen, der skipet forliste, kom Trapitsin til Nord-Noreg via Finland. Her byrja opphaldet, som til sist førte han saman med familien Conradi.

– Han heldt ut i von om å møta att kjærasten, Tamara, som han hadde reist ifrå. Medan han leita etter henne i Moskva, møtte han ei norsk kvinne i same ærend: Å finna russaren ho forelska seg i, medan ho var sjukepleiar i Nord-Noreg. Det var Gunvor Galtung Haavik. Igor hadde møtt henne tidlegare, då ho arbeidde som tolk for sovjetfangane i Noreg.

Kjærleiken enda dårleg for dei begge, Haavik vart driven til spionasje, medan Trapitsins Tamara hadde lidd ein grufull lagnad i Leningrad under blokaden.

– Igor gifta seg seinare, men fortalde ikkje om heile livet sitt før etter oppløysinga av Sovjetunionen. I dag finst Igor Trapitsins arkiv ved Falstadsenteret og rapportane til Lasse Conradi i Riksarkivet, men eg vonar filmen kan læra fleire om denne nære historia, som også er ein del av norsk mentalitetshistorie, seier Morten Conradi.

guri.kulaas@klassekampen.no