Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er forvirrande tider, og mange er forvirra.

Krenketanken

For eit par helger sidan fekk eg sjansen til å besøke Den blå moské i Istanbul. Turistane blei slusa inn i ein ende av moskeen, der eit rekkverk skilte oss frå den delen som var reservert for bøn. Alle hadde dekt til hovudet, dei fleste med sjal. Ein gjeng kinesiske ungdommar hadde tatt på seg tiger- og bjørneluer, noko eg ikkje opplevde som spesielt respektfullt. I den andre delen av moskeen var det tomt, forutan ein far og ein son som bad med ryggen til. Utan blygsel dreiv turistane og tok bilde av dei. Med eit veksande ubehag stod eg og beundra dei blå teglflisene, da eg brått la merke til at faren drog fram ein mobil. Han knipsa seg sjølv på kne på bønematta, før han gav mobilkameraet vidare til sonen som tok fleire bilde av han.