Lørdag 14. februar 2015
PÅ TAKET: Kulturdepartementet var skeptisk til at byråkrat Eivind Tesaker gav intervju på kontoret sitt i arbeidstida, men gav grønt lys til fotografering på taket av departementet.
Byråkrat i Kulturdepartementet går hardt ut mot nettverksbygging, verdileiing og dogmetenking:
Tar oppgjer frå innsida
"Departementet"
KRITIKK: Departementsbyråkrat Eivind ­Tesaker langar ut mot kursen statsforvaltinga har. Leiarar er blitt for opptatt av å reformera i staden for vidareføra og forbetra, meiner byråkraten.

STATEN

– Det la beslag på fleire hundre arbeidstimar.

Eivind Tesaker er byråkrat i Kulturdepartementet, der han har jobba sidan 2001. No vil han ha debatt om retninga i statsforvaltninga. Han meiner staten er blitt unødvendig stor og rolla til statstilsette er i ferd med å endrast på ein måte som kan føra til eit dårlegare byråkrati.

I boka «Departementet – opptegnelser fra et byråkratkontor», tar han eit kraftig oppgjer med både eige departement og statsforvaltinga generelt.

– Det blei sett ned grupper som skulle diskutera forslag til nye verdiar. Eg blei nærast sjokkert. Verdiane i eit departement bør koma frå storting og regjering, ikkje dei tilsette.

Byråkraten fortel om då Kulturdepartementet skulle laga sitt eige verdisett. Det var eit arbeid som tok mykje tid, og som flytta fokuset vekk frå dei grunnleggande fellesverdiane som alle departementa skal styra ut ifrå: demokrati, rettstryggleik, faglegheit og effektivitet.

Resultatet var at Kulturdepartementet fekk ein ny versjon om å vera ein moderne arbeidsplass med motiverte og profesjonelle medarbeidarar. «Rausheit, kvalitet, engasjement og openheit» blei vedtatt som nytt verdisett for departementet, fortel Tesaker.

– Dette fortrenger dei konstitusjonelle verdiane. Det er kjenslebasert styring, og fokus blir retta mot dei som er begeistra, seier han, men understrekar at det sjølvsagt er bra å vera raus og engasjert som person, men at slike personlege verdiar ikkje må fortrenga grunnverdiane i rolla som statstilsett.

Han meiner administrasjonsorienterte leiarar er blitt for opptatte av å reformera i staden for å vidareføra og forbetra kvalitet dei siste åra.

– For stor reformiver kan gi ein ureflektert begeistringsrus, seier han.

Fakta

Eivind Tesaker:

• Har skrive boka «Departementet – opptegnelser fra et byråkratikontor».

• Har sidan 2001 jobba i Kulturdepartementet som avdelingsdirektør med ansvar for etatsstyring, styring av statlege selskap og lovarbeid knytt til ulike fagområde.

Nettverksoppmoding

Einsidig oppmuntring til at statstilsette skal driva nettverksbygging er også er eit alarmerande døme på at statsforvaltinga fjernar seg frå grunnverdiane, meiner Tesaker.

I boka skriv den erfarne byråkraten om då Kulturdepartementet i 2007 fekk ny departementsråd, som – ifølge Tesaker – på eit seminar oppfordra alle leiarar til å gå ut og skaffa seg eigne nettverk. Det var fyrste gong han blei uroa over at noko var gale med rolleforståinga.

– Eg meiner me innanfor staten skal vera forsiktig med eigne nettverk.

Han trur trenden med nettverksbygging, i staden for open meiningsbryting, lett kan bli ei utfordring for staten og dei demokratiske verdiane framover.

– Erkjenner ikkje tidstjuvar

Tesaker meiner dårlege kår for intern kritikk og meiningsbryting i statsbyråkratiet gjer det vanskeleg å fjerna tidstjuvar.

Han peiker blant anna på såkalla risikostyring, og seier at viss statstilsette skal bruka stendig meir tid på å laga rapportar om alt som kan gå gale i forvaltinga, vil sentralbyråkratiet i Noreg veksa meir enn i andre land.

– Me bør heller vurdera om sentralforvaltninga er blitt stor nok. På min arbeidsplass har saksproduksjonen gått ned og talet på tilsette gått opp dei seinare år. Dette er ikkje ei god utvikling i høve til effektivitet og produksjon.

– Det er ei dogmetenking i statsforvaltinga skriv du. Kva meiner du med det?

– Ein del av dei nye styringsreformene blir selt inn som noko som alle skal vera entusiastiske til. Motførestillingar svekkar synergieffektane. Det blir for ofte tabu å stilla kritiske spørsmål eller påpeika forseinkingar, ulemper og auka tidsbruk til internadministrasjon. Dei ivrigaste administrative reformistane får iblant det same forhold til reformene som ein tidlegare hadde til religion. Det blir tabu å stilla spørsmål, seier Tesaker.

Vil ikkje kommentere

Departementsråd Kristin Berge i Kulturdepartementet ynskjer ikkje å kommentera Tesakers ulike synspunkt.

– Vi har heilt sidan hans fyrste kronikk i 2012 held fast ved at vi ikkje ynskjer å føre ein diskusjon med ein tilsett i media. Både noverande og framtidige tilsette skal vera trygge på at slike diskusjonar skal kunne førast internt i departementet, skriv ho i ein e-post, og fortset:

– Når det er sagt, vil eg understreke at vi i Kulturdepartementet legger stor vekt på å lytta til og vurdera medarbeidarars innspel og synspunkt, både gjennom dei formelle strukturane med tillitsvalde og arbeidsmiljøutval, og i dialog med enkeltmedarbeidarar. Engasjerte medarbeidarar er ein viktig føresetnad for at eit departement, som andre verksemder, kan utvikle seg og bli betre i å løyse oppgåvene sine. Eivind Tesaker har som alle andre medarbeidarar fått høve til å diskutera sine synspunkt internt, medrekna med leiinga, skriv ho.

anneh@klassekampen.no

Onsdag 26. februar 2020
IMOT: En lov som hver enkelt står fritt til å tolke, er ikke mye til lov, sier Kjersti Toppe. Hun går mot forslaget om å la kvinner i samråd med lege vurdere abort etter uke tolv.
Tirsdag 25. februar 2020
GÅR FRI: Høyre kan ikke se at regjering­en har gjort noe galt i håndteringen av Nav-skandalen. Frp stiller seg bak konklusjonen når saken i dag avsluttes i Stortingets kontrollkomité.
Mandag 24. februar 2020
BABY-NEKT: Motvillige menn har skylda for at fødselstallene stuper i Norge, ifølge en ny rapport. Folk uten barn overdriver ulempene med å få barn, tror forsker.
Lørdag 22. februar 2020
NORGE RINGER: De tror at et annet system er mulig. I USA. Disse unge nordmennene forteller amerikanere hvorfor de bør ha en sosialist som president.
Fredag 21. februar 2020
OPPMYKNING: Høyesterettsdommer Karin Bruzelius vil fjerne abortnemndene. Hun foreslår at kvinnen skal ta beslutningen sammen med fastlegen.
Torsdag 20. februar 2020
BREDDE: Mette Nord mener hun har oppskriften som vil løfte k­vinnelønna i lønnsoppgjøret.
Onsdag 19. februar 2020
ZERO AVGIFT: Widerøe trenger et solid avgiftskutt for å redde distriktsflyene. Nå får selskapet uventet støtte fra miljøorganisasjonen Zero.
Tirsdag 18. februar 2020
KUTT: Widerøe legger ned ruter over hele Nord-Norge. – Det er sjokkerende, sier direktør Arve Ulriksen i Mo Industripark.
Mandag 17. februar 2020
VRIENT: Å løfte de lavlønte har lenge vært viktig i LOs likelønnspolitikk. En fersk rapport viser at det ikke fungerer for store kvinnedominerte grupper.
Lørdag 15. februar 2020
OPPGJØR: Stats­minister Erna Solberg avviser at klima er relevant for iskant-diskusjonen – stikk i strid med KrF og Venstre.