Klassekampen.no
Lørdag 24. januar 2015
Når teksten går i svart.
Sladdeføre

Knappe to veker etter at terroristar slakta ned nesten heile Charlie Hebdo-redaksjonen, kjem det eit grelt eksempel på knebling av ytringsfridommen frå ein heilt annan kant. Tysdag kom det ut ei bok på norsk som er full av svarte strekar. Strekane skjuler namn og dekker over skildringar av amerikanske avhøyrsmetodar utanfor det amerikanske rettssystemet. Men sladden er det amerikanske styresmakter som står for. Alle som ikkje har erfaring med sensur kan no få det demonstrert, svart på kvitt, om dei les dagboka til Guantánamo-fangen Mohamedou Ouid Slahi.

Boka kjem ut utan at forfattaren sjølv har fått godkjenne det endelege produktet. Han sit innesperra på Guantánamo på trettande året, saman med 121 andre. Redaktøren av boka, den amerikanske forfattaren og menneskerettsforkjemparen Larry Siems, fekk avslag på søknadane om å besøke Slahi. Dagboka har vore hemmelegstempla sidan 2005. Korleis kan det da ha seg at den no kjem ut i 18 land? Mange rettssakar og fleire års arbeid frå Siems og frivillige advokatar har gjort det unike dokumentet tilgjengeleg. Og ein skal ikkje ha lese mange sider før ein skjønar kvifor det sat langt inne å gi slepp på det.

Det manglar ikkje dokumentasjon om kva som har gått føre seg innafor murane på Guantánamo. Militærbasen har ikkje berre vore ein skamplett for amerikansk politikk, men også ein verkande byll bak den vestlege verdas sivilisatoriske og demokratiske ferniss. Forsvarsminister Donald Rumsfeld signerte i desember 2002 eit notat som godkjende forsterka avhøyrsmetodar. Dagboka er dokumentasjon frå ein av dei som fekk føle denne signaturen på kroppen. Slahi, som etter to års avhøyr ikkje hadde komme med nyttig informasjon, blei sommaren 2003 utsett for ein «spesialavhøyrsplan». Eit torturhelvete som forutan slag, spark og seksuell trakassering, gjekk ut på å bli halden vaken 70 døgn i strekk. Det er når vi kjem til skildringa av avhøyra i denne perioden, at teksten reint faktisk går i svart. Eit par stadar er heile sider strokne over. Larry Siems har redigert boka slik at han i notar nedst på sida prøver å forklare eller resonnere seg fram til kva dei svarte strekane skjuler.

Det er tungt å lese denne delen av dagboka, sjølv om det grovaste er sladda. Ein treng ikkje ha god fantasi for å skjøne kva som skjer. Men det verste er likevel å ta inn over seg dumskapen og desperasjonen til dei som utfører avhøyra og mishandlinga. Og det er her Mohamedou Slahi viser seg som ein forfattar av format. Han framstiller dei som oppfører seg menneskeleg som menneske, og dei som er dumme og valdelege som dumme og valdelege.

I eit system som går ut på å avhumanisere både dei som er offer for torturen og dei som utfører den, står Slahi for ei omvendt rørsle. Han humaniserer tilbake, ikkje berre seg sjølv og sine medfangar, han gjer det same for vaktarane og forhøyrsleiarane.

Han menneskeleggjer dei verste av dei verste: «Hvordan kunne en mann som var så smart som han på noen mulig måte takke ja til en så fornedrende jobb, som helt sikkert kommer til å hjemsøke ham så lenge han lever?» Og dei som ikkje var fullt så ille: «Du blir kanskje overrasket hvis jeg forteller deg at ___ har mange gode egenskaper som person. Selv om jeg hatet det ___ gjorde, må jeg være rettferdig, real og ærlig.» Ikkje berre er Slahi medmenneske i denne utanforverda, hans eksempel demonstrerer også kor kontraproduktivt tortur er – noko den mykje omtalte «Senate Intelligence Committee Report on Torture» som blei lagt fram i desember også viser. Rapporten slår fast at tortur har vore vanleg på ei rekke basar under amerikanarane sin kamp mot terror, at rundt ein fjerdedel av fangane som blei torturerte var uskuldige, og at torturen ikkje gav nokon nyttig informasjon.

Ingen av dei som har hundsa Slahi sidan han først blei brakt inn i oktober 2001, har vore i stand til å binde saman dei tynne og lause trådane som knyter den unge og velutdanna mannen frå Mauritania til dei forskjellige brotsverka han er blitt tiltalt for. Men no når dagboka hans er ute, så vil dei som les den sjå at dei svarte sladdane ikkje dekker over, men snarare framhevar, det som er ròte i den amerikanske staten. Det er når ein les ei forteljing der ord og setningar stadig glir over til svarte strekar, ein forstår kor viktig kampen om ordet er.

bbildoen@gmail.com

Skribentane Karin Moe, Bent Sofus Tranøy, Brit Bildøen og Mímir Kristjánsson analyserer og kommenterer dagsaktuelle tema og politiske fenomen laurdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 27. januar 2015 kl. 12.11