Tirsdag 20. januar 2015
Ebola: Pengane som legemiddelselskap har brukt i kampen mot ebola, er ein brøkdel av selskapas lobbyutgifter, viser Oxfam. Her får ei kvinne i Liberia vite at mannen hennar kan døy av viruset. foto: Pascal Guyot, Afp/NTB scanpix
Neste år vil éin prosent av jordas befolkning eige halve verdas rikdom:
Verdas rikaste stikk ifrå
Dei mektige møtest: Formann i Verdas økonomiske forum, Klaus Schwab, er klar for ein ny konferanse. Foto: Reuters/NTB Scanpix
Oxfam: Ein Oxfam-aktivist demonstrerer mot kullselskapa før eit EU-toppmøte i Brussel i oktober 2014. Foto: AFP/NTB Scanpix
EKSTREMT: Den internasjonale hjelpeorganisasjonen Oxfam ber verdas leiarar rette merksemda mot det dei kallar ein ulikskapseksplosjon.

Ulikskap

Den ferske rapporten frå Oxfam vart lansert i forkant av Verdas økonomiske forum som går av stabelen i Davos i Sveits denne veka. På forumet er over 2500 av verdas mektigaste leiarar frå næringsliv, politikk og akademia samla for å diskutere dei viktigaste urfordringane verda står overfor.

Oxfam oppmodar i rapporten sin leiarane til å ta tak i problemet med dei kolossale skilnadene i rikdom blant verdas befolkning. Organisasjonen meiner det er ein ulikskapseksplosjon som går føre seg, og at verdas leiarar må sette i gang tiltak for å minke skilnaden.

– Sidan 2010 har vi sett ein kraftig vekst i ulikskapen. I 2010 hadde dei 388 rikaste personane i verda like mykje rikdom som den fattigaste halvparten av verdas befolkning.

I 2014 måtte det berre 80 av verdas milliardærar til for å eige like mykje som den halvparten som eig minst. Altså er formuen til 80 personar like stor som det 3,5 milliardar menneske eig til saman, skriv Oxfam i rapporten.

– Den globale rikdommen blir i stadig aukande grad konsentrert i hendene på ein rik liten elite, skriv organisasjonen, som også har publisert ei liste med råd til verdas regjeringar, institusjonar og organisasjonar om kva dei må gjere for å få bukt med denne utviklinga.

Fakta

Ulikskap i verda:

• Den ekstreme ulikskapen i verda veks, viser den internasjonale hjelpeorganisasjonen Oxfam i ein ny rapport.

• Med dagens utvikling vil 1 prosent av befolkninga i 2016 eige halvparten av rikdommen i verda.

• Denne veka blir Verdas økonomiske forum arrangert i Davos. Der møtest mange av verdas mektigaste leiarar for å diskutere dei største utfordringane verda står overfor.

Sterk lobbymakt

Eitt av råda er å gjere offentleg kjent den lobbyaktiviteten som går føre seg i stor skala og gir mektige selskap direkte tilgang til lovgivingsmakta i Brussel og Washington.

– Mektige selskap innan nokre få økonomiske sektorar slik som finans- og investeringssektoren og legemiddel- sektoren, brukar millionar av dollar kvart år på lobbyverksemd for å skape eit politisk klima som vernar interessene deira og betrar situasjonen deira ytterlegare, skriv Oxfam på nettsidene sine.

Dei rapporterer at i 2013 brukte selskap frå finans- og investeringssektoren 550 millionar dollar på lobbyverksemd overfor politikarar i Brussel og Washington. 20 prosent av dei 1645 personane som er lista opp på Forbes sin oversikt over verdas dollarmilliardærar, har interessene sine innanfor nettopp finans- og forsikringssektoren.

Dei Forbes-milliardærane som har opplevd den sterkaste auken i formuen sin den siste tida, er ifølge Oxfam personar som driv innan legemiddel- og helsesektoren. Desse milliardærane sin samla rikdom auka med 47 prosent mellom 2013 og 2014. Også legemiddelselskap brukar store ressursar på lobbyverksemd.

Oxfam har i rapporten funne at dei tre legemiddelselskapa som har bidratt mest med pengar og medisinar til offera for ebola-krisa, bidrog med til saman tre millionar dollar.

Dette kan jo sjå fint ut, men Oxfam har samanlikna talet med dei 18 millionar dollarane som desse tre selskapa brukte på lobbyverksemd i 2013 for å styrke sine eigne interesser, og då blir ikkje tre millionar til ebola-krisa så imponerande likevel, meiner Oxfam.

– Det er mogleg å snu

Oxfam brukar data frå Credit Suisse i rapporten sin og finn at 2010 markerer eit vendepunkt når det gjeld kor mykje av rikdommen i verda som er i hendene på den rikaste prosenten av befolkninga.

Mellom 2000 og 2009 gjekk delen av verdas rikdom hos denne gruppa ned frå 48 til 44 prosent. Men frå 2010 har denne prosenten auka, og i 2014 eigde 1 prosent av befolkninga igjen 48 prosent av rikdommen. Då står 99 prosent av verdas befolkning att med berre 52 prosent av rikdommen. Ifølge organisasjonen vil utviklinga føre til at 1 prosent av verdas befolkning i 2016 vil eige over halvparten av rikdommen i verda.

Men Oxfam meiner likevel at det er mogleg å snu utviklinga dersom regjeringar og institusjonar rundt om i verda sett i verk dei rette tiltaka.

I tillegg til å oppmode til å sjå på den sterke lobbymakta til dei mektige selskapa innan finans- og legemiddelsektoren, ønsker Oxfam mellom anna at verdas land forpliktar seg til å utrydde ekstrem ulikskap innan 2030 gjennom å opprette eigne kommisjonar for dette.

Oxfam framhevar spesielt at det er viktig at desse forpliktingane inneheld verkemiddel for å jamne ut dei økonomiske forskjellane mellom kvinner og menn. Eit anna viktig tiltak er å skyve skattebyrda frå arbeid og over til rikdom og kapital.

Verdas økonomiske forum har også sett den ekstreme ulikskapen høgt på dagsorden for årets konferanse, og meiner at ulikskapen, saman med klimaendringane, utgjer dei viktigaste utfordringane i 2015.

– Dette er det året vi må stake ut ein kurs for handling for ei betre og meir rettvis verd, står det på forumet si heimeside.

Forumet meiner det viktigaste verkemiddelet for å snu dagens utvikling er ein internasjonal skattereform.

– I 2015 må verdas leiarar endre det globale skattesystemet. I dag er dette eit system utgått på dato, der dei rikaste kan snike seg unna samfunnspliktene sine, medan dei fattigaste må betale rekninga, skriv dei.

solveigl@klassekampen.no

Lørdag 17. november 2018
VERRE: Theresa May mener hun har oppnådd en bedre avtale med EU enn det Norge har. Men brexit-avtalen ville vært grunnlovsstridig i Norge, fastslår Nupi-direktør Ulf Sverdrup.
Fredag 16. november 2018
NÆR STUPET: Ministerflukt og mistillit sender Theresa Mays brexit-plan nærmere nederlag i parlamentet, sier britiske eksperter til Klassekampen.
Torsdag 15. november 2018
STOPP: Theresa Mays utmeldingsavtale med EU møter motbør fra høyre og venstre. Mays partifelle Peter Lilley tror ikke avtalen overlever i parlamentet.
Onsdag 14. november 2018
ØST OG VEST: Ledere fra ulike deler av Libya møttes i Italia, men strides ennå om hvem som skal ha ansvar for landets væpnede styrker.
Tirsdag 13. november 2018
ADVART: Allerede for ti år siden visste forskerne at klimaendringene ville gi flere og større skogbranner. Nå har det begynt å skje.
Mandag 12. november 2018
PÅ MARSJ: Migrantkaravanen fra Honduras fortsetter mot nord. Mange velger å bli i Mexico framfor et usikkert møte med den amerikanske grensa.
Lørdag 10. november 2018
SANKSJONER: EU vil gi Italia bøter om ikke regjeringen strammer inn statsbudsjettet. – Italia står overfor et fryktelig dilemma, sier professor emeritus Steinar Stjernø.
Fredag 9. november 2018
I KLINSJ: Jeff Sessions føyer seg til den lange lista av politikere Donald Trump har avsatt. Men presidenten kan ha skapt en større en brann enn den han ønsket å slukke.
Torsdag 8. november 2018
DELSEIER: På tross av at Donald Trump er mislikt av et flertall i USA, klarte presidenten å sikre en delseier i mellomvalget. Nå venter Russland-etterforskningen.
Onsdag 7. november 2018
PÅSKUDD: USA og Russland anklager hverandre for å bryte INF-avtalen, men er egentlig ikke interesserte i å beholde den. Det sier Nupi-forsker Sverre Lodgaard.