Klassekampen.no
Onsdag 14. januar 2015
Har kontroll: Konduktøren.
Korleis har konduktøren, brumlebassen og galimatias kome til oss?
Franske historier

Her kjem tre små franske ordhistorier, som også er norske historier: konduktør, galimatias og brumlebasse.

Konduktør veit alle kva er. Det er han som kontrollerer billettane. NSB-konduktørane er forresten ei yrkesgruppe som eg vil ropa hurra for. Så hermed gjort: hurra! Men ordet? Det tyder ikkje ein som kontrollerer. På fransk er ordet velkjent – som førar, sjåfør, ein som køyrer. Substantivet er conducteur, verbet er conduire, å føra.

På vegen frå fransk til norsk har det altså skjedd ei vesentleg innhaldsforskyving; i utgangspunktet var det eit ord for han som førte ei postvogn, men så vart det hos oss noko temmeleg anna. Det franske – og norske – konduite er same ord, eit finare uttrykk for oppførsel, med andre ord å føra seg.

Galimatias ville mange seia er ein galen fyr, ein ‘gal matias’. Så feil kan ein ta; det er ikkje snakk om Matias, og det er ikkje snakk om galen. Det slår Bokmålsorda (2005) fast. Ho skriv det er frå fransk, at rett skrivemåte er med i, altså galimatias, at tydinga er vrøvl, og at opphavet er uvisst.

Det siste kan me hjelpa med, for ordet har vore i bruk sidan 1500-talet. Meininga er og har vore meiningslaust snakk, til og med obskøn song. Første leddet kan vera latin gallus, som tyder ‘hane’, andre leddet truleg eit gresk ord for ‘lærdom’. Komedieforfattaren Molière bidrog sterkt til utbreiinga ved å bruka det om legevrøvl i eit av stykka sine.

Brumlebasse er ukomplisert, ifølgje norske ordbøker. Det er ‘brumle’, som me òg har i lydordet brumma, og ‘basse’ som er eit ord for fyr eller kar, jamfør spradebasse. Ja, sei det? Fransk har branle-bas, som ein gong tydde (henge) køye, slikt me fann om bord på seglskuter. At fransk har lånt det frå skandinavisk, er usannsynleg. Verbet branler tyder å ‘svinga, rista’ og bas ‘ned, nede’. Det vart ein god del sjau når hengekøyene skulle takast ned for natta. Ordet finst stadig i fransk, i dag blant anna med overført tyding: ‘ståk; uro’ eller til og med ‘kampførebuing’ (i marinen).

Viss dette held vatn, og det meiner eg fortener vurdering, så har brumlebasse kome til oss sjøvegen, slik tilfellet er med så mange norske ord.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Så feil kan ein ta; det er ikkje snakk om Matias, og det er ikkje snakk om galen»

Artikkelen er oppdatert: 9. februar 2015 kl. 09.50