Mandag 1. desember 2014
Frank Meyer er ny sjef for arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek med kritikk mot det Wikipedia skriv om venstresida:
Skal rydde i Wikipedia
Undersak

Wikimedia i Noreg: – Ja, takk til dugnad

Prosjektleiar i Wikimedia Noreg, Astrid Carlsen, tar imot utspelet frå Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek med glede.

– Det er viktig at alle dei flinke fagfolka rundt om, både kvinner og menn, tar del i skrivinga for Wikipedia og deler av kunnskapen sin med andre. Og kven er betre skikka enn dei tilsette ved Arbark, til å kvalitetssikra artiklane om arbeidarrørsla og Arbeidarpartiet?

Carlsen deler Frank Meyers kritikk av at fleire artiklar er for tynne, eller treng fleire referansar, for «Wikipedia er eit æveprosjekt».

– Det er viktige artiklar, som det ofte blir slått opp på, som treng å bli betre.

Ho er derimot ikkje samd i at Wikipedia er dominert av eit borgarleg historiesyn.

– Ei slik generell slutning kan ein ikkje dra. Den mest aktive gruppa, på om lag 50 til 60 folk, har flest redigeringar, men det er ikkje slik at deira redigeringar speglar deira politiske ståstad, seier Carlsen, det bryt med prinsippet om nøytralitet på Wikipedia.

Astrid Carlsen har ansvar for Wikimedia Noregs kontakt og samarbeid med norske arkiv, bibliotek og museum (ABM-sektoren), deriblant også Arbark. Ho oppmodar arbeidarrørslearkivet til å koma sterkare på banen:

– Arbark har blant anna eit svært interessant bildearkiv. Eg skulle gjerne sett at dei hadde delt meir av denne viktige kulturarven under fri lisens. Her er det ein sjanse til ikkje berre å dela vår kulturarv med nordmenn, men å gjera han kjend for heile verda.

Fleire store institusjonar arbeider målretta med å skriva for og kvalitetssikra Wikipedia. Til dømes har Riksantikvaren ei eiga tilsettegruppe, som har jamlege møte for å redigere på Wikipedia og drøfta arbeidet med det opne nettleksikonet.

Carlsen har no arbeidd med ABM-sektoren i eitt år, og er positivt overraska over kor mange som er interesserte i å bidra.

– Fleire institusjonar, som Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet har også ein eigen «huswikipedianar», som er tilsett på engasjement for å arbeida med innføringar i leksikonet, både tekst og bilde­arkiv.

Nettleksikonet Wikipedia har borgarleg slagside, meiner historikar og arkivsjef Frank Meyer. No vil han ha dugnad for å retta på det.

leksikon

Frank Meyer, leiar av Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark), er uroa over den politiske profilen på det opne nettleksikonet Wikipedia.

– Det er for lite og for høgrevridd informasjon om norsk venstreside på norsk Wikipedia, seier han.

Fakta

Wikipedia-kritikk:

• Wikipedia har vorte ei hovudkjelde til faktakunnskap for nordmenn.

• Det er eit problem, sidan norsk Wikipedia er dominert av eit borgarleg samfunnssyn, hevdar Frank Meyer, leiar for Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

• Han vil no organisera ein dugnad i arbeidarrørsla for å retta opp det han meiner er ei politisk slagside i leksikonet.

Hovudkjelde for mange

Meyer meiner informasjonsmangelen er eit stort problem, sidan Wikipedia er hovudkjelda til fakta for dei fleste barn, ungdommar og vaksne i Noreg.

– Ofte er det også den einaste kjelda. Det vil seia at det brukarane får vita om venstresida, ikkje er godt nok, slår Meyer fast.

Til dømes er artiklane om dei aller fleste LO-forbunda og om Arbeidarpartiets historie alle skrinne.

Nyleg uttalte Meyer til nettmagasinet Fri fagbevegelse at Wikipedia er prega av eit borgarleg samfunnssyn.

– Kva grunngjev du denne påstanden med?

– Alle leksikon har eit politisk grunnsyn, jamvel om det kan vera meir eller mindre skjult. Tenk på utvalet og, ikkje minst, kven som skriv om kva.

Meyers kritikk av Wikipedia handlar generelt om kor mykje og kva som blir skrive om menn og kvinner i arbeidarrørsla, kor mykje og kor korrekt det er, det som står om arbeidslivet eller velferdsstaten og andre fellesskapsprosjekt, som arbeidarrørsla har kjempa for.

– For å ta eit hårreisande døme, så stod det feilaktig om ein av dei fremste leiarane i Arbeidarpartiet, at han hadde sona ein dom for pedofili. Slikt er heldigvis sjeldan, og vil nok ofte bli sletta av redaksjonen i Wikipedia. Mykje meir utbreidd er mangelen på informasjon som er viktig for oss på venstresida. Slå opp på tariffavtale. Det står til dømes ingenting om fordelane arbeidsgjevarane har av å inngå tariffavtalar: At ein definerer rammer for arbeidslivet ei tid framover og at arbeidsgjevarane slepp forhandlingar, konfliktar og streik, at produksjonen kan gå uforstyrra og bedrifta tena pengar. Slikt bør koma fram i Wikipedia, så alle og ein kvar kan forstå det.

– Bruk sunn fornuft

Meyer oppmodar alle til sunn, kritisk fornuft, også når dei brukar Wikipedia.

– Wikipedia har også to viktige reiskapar: Ei side med debatt knytt til kvar artikkel, der kampen om sanninga bokstaveleg tala er dokumentert – og ei side med historikk, der du kan gå gjennom korleis ein artikkel har vorte til. Mistenkjer du at nokon har spesielle agendaer, kan du dessutan sjå kva dei elles har skrive på Wikipedia.

Wikipedia Noregs eigen statistikk listar 355 personar som aktive redigerarar av nettleksikonet. Av dei er berre 58 personar svært aktive. Ifølgje Fri fagbevegelse er talet på aktive redigerarar fallande og meir enn halvert sidan toppåret 2009.

Bør bli arbeidarleksikon

Meyer minner om at arbeidarrørsla tidlegare har gjeve ut to eigne leksikon, for å bøta på «vridinga i oppslagsverka»: Arbeidernes leksikon kom i åra rundt 1930, og om lag 40 år seinare kom Pax-leksikon.

– No har det gått nye 40 år, og arbeidarrørsla – i vid forstand – bør gjera Wikipedia til vår tids Arbeidernes leksikon, seier Meyer.

Å byggja opp noko alternativ til Wikipedia meiner Meyer er uaktuelt i dag.

– Statistikken er eintydig på at Wikipedia er staden folk går for å få kunnskap.

Tid for dugnad

– Wikipedia er ope, nyttar Arbark ressursar på å oppdatera leksikonet?

– Nei, per i dag gjer vi ikkje det.

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek kan heller ikkje ta på seg å driva fortløpande oppdatering av Wikipedia på alle emne som er viktige for venstresida, seier Meyer.

– Det vi kan og skal freista å få til – i samarbeid med alle andre gode krefter – er å dra i gang ein dugnad for å gjera Wikipedia til ein betre nettstad.

Når det er slik at Wikipedia er brukarstyrt, vil det ifølgje Meyer vera riktig og viktig å samla kreftene for å løfte leksikonet «til det nivå der det bør vera».

– Ein dugnad treng nokon som stiller reiskapar til rådvelde og som seier kva som bør gjerast, når det bør gjerast og dels korleis det bør gjerast. Kanskje det er det vi i Arbark kan bidra med.

guri.kulaas@klassekampen.no

Onsdag 12. desember 2018
Finnmark fylkeskommune vil erstatte skolebibliotekarene med elevvakter og chatte­tjenester. Nå frykter Bibliotekforeningen at dette er starten på en ny trend.
Tirsdag 11. desember 2018
I medienes dekning av selvmord blir helsevesenet ofte utpekt som syndebukker, mener psykiatrisk sykepleier Rita Småvik. Hun frykter at det kan gjøre forebygging vanskeligere.
Mandag 10. desember 2018
MDG-politiker og forfatter Eivind Trædal har fått politiske motstandere på døra. Han mener grensa for aktivisme, også den kunstneriske, går ved dørstokken til folks privatliv.
Lørdag 8. desember 2018
Tilhengerne kaller det en revolusjon. Eks-statsråd Gudmund Hernes kaller det tøv. Hva handler moteordet «dybdelæring» om – dypest sett?
Fredag 7. desember 2018
TV 2 har innført ny instruks for omtale av selvmord. – Vi i mediene har medvirket til å skape tabuet rundt selvmord, sier nyhetsredaktør.
Torsdag 6. desember 2018
Regjeringens ønske om å lage stadig større museumsenheter kan svekke det lokale engasjementet ved småmuseene. Det frykter styreleder ved veterantoget Tertitten i Sørumsand.
Onsdag 5. desember 2018
Mannlige kunstnere står for hele 94 prosent av salgsinntektene i det norske andrehåndsmarkedet. Kunstner Lotte Konow Lund mener Nasjonalmuseet må ta sin del av ansvaret.
Tirsdag 4. desember 2018
Forrige runde med sammenslå­inger førte til opprør i Museums-­Norge. Nå varsler kulturminister Trine Skei Grande (V) en ny reform, hvor antallet museer skal ned fra 60 til 25–30.
Mandag 3. desember 2018
For to uker siden fikk de ansatte i Morgenbladet beskjed om at redaksjonssjefen slutter på dagen. I et brev til styret uttrykker klubben dyp bekymring for avisas framtid.
Lørdag 1. desember 2018
Demian Vitanzas bok om en fremmed­kriger skulle kanskje ikke vært gitt ut som en roman, mener Ane Farsethås.