Klassekampen.no
Lørdag 29. november 2014
8Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Fuglar forsvinn i hopetal, men det er ei som alltid klarer seg.
Ein song for kråka

Dei er som oftast der. I nærleiken, trippande, hoppande, i ferd med å undersøke eit eller anna. Eller dei sit der berre, med hovudet på skakke. Observerer. Eg har alltid hatt ei kjensle av at dei veit meir om meg enn eg veit om dei. Heilt til eg kom over den vakre, vesle boka «Kråker. Et portrett» av biologen og filosofen Cord Riechelmann. No veit eg mykje meir om kråker, skjorer og ramnar. Skjorene som oppheld seg rundt huset vårt er nesten som ein del av familien. Kva dei tenker om meg får eg aldri vite, men no veit eg i det minste at dei stammar frå ei «urkråke» som levde i regnskogen, og som for kanskje så lenge som tjueåtte millionar år sidan delte seg i ulike artar og begynte å spreie seg utover jordkloden. Som menneska finst dei overalt – unntatt på polane. Som oss er dei altetande. Og dei er smarte.

Det er ikkje innbilling når eg føler at skjorene i hagen vår veit kven eg er og følgjer med på kva eg gjer. Kråkefuglane er like intelligente som sju år gamle barn. Og like leikne, det veit alle som har sett kråker erte ein katt eller leike med blanke gjenstandar. Kråkene er i stand til å kjenne att ansikt. Dei er i stand til å lage og bruke enkle verktøy. Dei deler viktig informasjon med kvarandre, og overleverer kunnskap frå generasjon til generasjon. Eg helser alltid på skjorene når eg kjem ut om morgonen. Dei helser aldri tilbake. Men dei ser meg. Dei kjenner meg.

I dag er det 421 millionar færre fuglar i Europa enn det var for tretti år sidan. Det er først og fremst dei vanlegaste småfuglane som opplever reduksjon i bestanden. Mange av habitata deira er øydelagde, og landbruket blir stadig meir intensivt. Men fuglane er viktige nettopp for landbruket. Småfuglar fyller ikkje berre skogane og markene med song, dei gjer ein viktig jobb med å spreie frø. Meldingar om alvorleg nedgang i fuglebestanden får gjerne folk på min alder til å tenke på «Den tause våren». Med romanen frå 1962 skapte den amerikanske forfattaren Rachel Carson eit lite jordskjelv. Boka var eit angrep på sprøytemiddelindustrien, og aktiviserte alt frå hageeigarar til fugletittarar og jegerar. Ei ny, politisk miljørørsle såg dagens lys. Ti år etter at boka kom ut, vedtok USA ein lov mot bruken av DDT, og ei rekke land følgde etter.

Sjølv om vi kanskje er kvitt dei verste miljøgiftene, er det på ingen måte slutt på sprøytinga av mat. Sidan 1962 har produksjonen av kjemiske sprøytemiddel auka med 400 prosent. Og det vi gjer mot småfuglane, gjer vi også mot oss sjølve. Mens det for seksti år sidan kunne vere 6–7 forskjellige skadelege stoff i menneskekroppen, finn ein no mellom 200 og 400. Rachel Carsons bok viste oss at fuglane, desse daglegdagse men likevel gåtefulle skapningane, bur her saman med oss. Vi lever side om side. Vi deler skjebne.

Ved sidan av «Den tause våren», er ein av dei mest kjende litterære verka om fuglar den engelske poeten Ted Hughes’ «Kråke: utdrag av Kråkes liv og sanger», gjendikta til norsk av Arne Ruste. I diktet «Kråke svartere enn noen gang» lar han fuglen vere eit bindeledd mellom mennesket og Gud.

Da Gud, kvalm av mannen

vendte seg mot himmelen.

Og mannen, kvalm av Gud,

vendte seg mot Eva,

så alt ut til å falle fra hverandre.

Men Kråke Kråke

Kråke spikret dem sammen,

spikret himmel og jord sammen –

(…)

Kråkene har alltid vore med oss, og vi får nok behalde dei ei stund til. Dei er flinke til å tilpasse seg, og meistrar godt det urbane livet. Cord Riechelmann illustrerer dette med ei historie om kråkene i Tokyo. Byrådet ønskte å få ned bestanden. Først bad dei folk vente med å setje ut søpla til rett før renovasjonsverket kom, slik at ikkje kråkene skulle få tid til å hakke hol i søppelposane. Kråkene måtte pønske ut andre måtar å skaffe mat på. Så dei begynte å sleppe nøtter ned i vegbanen. Når trafikklysa skiftar og bilane står stille, kan ein sjå kråker komme trippande ut i gata for å plukke opp innhaldet i nøttene bildekka har knust.

Byrådet prøvde ein ny taktikk, dei begynte å spyle kråkereir med vasskanonar. Det resulterte i at kråkene forsterka reira sine med ståltrådhengarar som dei stal frå balkongar og utanfor butikkar. Etter det har kråkene i Tokyo stort sett fått leve i fred.

bbildoen@gmail.com

Skribentane Karin Moe, Bent Sofus Tranøy, Brit Bildøen og Mímir Kristjánsson analyserer og kommenterer dagsaktuelle tema og politiske fenomen laurdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 1. desember 2014 kl. 16.19