Klassekampen.no
Lørdag 1. november 2014
8Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
I tråd med eigen politikk bør Høgre hyre inn Lakkegata skolekorps til julebordet.
Kulturamatørane

Da eg gjekk på ungdomsskulen, drog klassen min ein gong i året – det var sikkert like før jul – ut til Aukra alders- og sjukeheim for å underhalde dei eldre med song og dans. Sidan eg var litt over middels flink til å skrive og synge, fekk eg i oppdrag å dikte ein song. Av rein nervøsitet framførte eg mitt opus «Kruttegutten» i eit tempo som ikkje gav dei gamle ein sjanse til å få med seg teksten. Noko som kanskje var like godt. Dette besøket skapte heilt sikkert liv i stova, men ei stor kulturoppleving var det neppe.

Dei siste sju åra har det eksistert ei ordning under namnet Den kulturelle spaserstokken, eit offentleg tilbod om profesjonell underhaldning på alders- og sjukeheimar. For litt over ei veke sidan brakk denne spaserstokken så det gav gjenlyd i heile kongeriket, da det blei klart at desse midlane ikkje var med i regjeringas forslag til statsbudsjett for neste år.

Dei siste dagane har politikarar frå regjeringspartia gjennom ei rekke utspel prøvd å rette opp i bildet som er skapt av at det heretter er helsepersonellet sjølv som skal underhalde pasientane. Utspela legg vekt på musikkterapi i eldreomsorga, og ingen av dei har klart å korrigere mi oppfatning av at ein tar frå dei eldre eit profesjonelt og breitt kulturtilbod. Musikkterapi bør absolutt inngå i eldreomsorga, men terapi er verken underhaldning eller kunst­oppleving.

Når regjeringa skal flytte eller fjerne pengar, er mantraet alltid det same: Det er snakk om å fjerne støtta for å gjere tilbodet betre. Dette prøver dei gong på gong å forklare tungnæme journalistar og opposisjonspolitikarar, for ikkje å snakke om kulturfolket som har fått for seg at regjeringas kulturpolitikk er lik kuttpolitikk.

I tilfellet med Den kulturelle spaserstokken er tanken at pengane skal gå til dei enkelte kommunane, som så skal gi pengar til kulturskolar, korps og kor, som i sin tur skal gi innbyggarane i kommunen gode felles­opplevingar. Dette er ei varsla utvikling. Da Thorhild Widvey blei utnemnt til kulturminister, var ho raskt ute med å seie at det ho mest av alt brenn for er kulturen på grasrotplan; korps, kor, det frivillige kulturlivet. Derfor er det ikkje uventa at ho tar frå dei profesjonelle for å gi til amatørar. Ho er sjølv ein amatør på kultur.

Men er det ikkje tradisjonelt sett venstresida som har vore interessert i amatørar, i korps, kor og spreiing av midlar og makt? Det hevdar Hans Fredrik Dahl, medforfattar av boka «To knurrende løver: Kulturpolitikkens historie 1814–1914», i eit intervju i Vårt Land 8. oktober, og legg til: «Høyresiden har hatt en større tilbøyelighet til å satse på profesjonell kultur, og til å mene at det er som konsumenter vi opplever det geniale i kunsten, heller enn at vi selv skal gnukke på fela.»

Sånn var nok det historiske Høgre, men i ei regjering med Framstegspartiet blir det ikkje satsa på «det geniale i kunsten». Det vi no ser gro fram, er amatørsamfunnet, der vi faktisk sjølve skal gnukke på fela.

Ikkje berre har vi fått inn fleire amatørpolitikarar i regjering – kva i all verda kvalifiserer Solveig Horne til å styre familiepolitikken? Vi ser amatørismen vekse fram på mange felt. Profesjonelle journalistar og kritikarar blir erstatta av amatørbloggarar, og no står kunstnargruppene for tur. Amatørsongarar og amatørdiktarar er frå neste år av eit bra nok kulturtilbod for dei gamle som bur på institusjon. Snart er det kanskje bra nok for resten av befolkninga også. Ikkje berre vil dette spare staten for masse pengar, ein må da nesten tru at all denne kulturterapien vil gjere oss til gladare og meir harmoniske menneske.

Og kvifor da nøye seg med kulturen? Kan vi tenke oss amatør­ingeniørar, amatørrørleggarar og amatørsjukepleiarar?

I motsetnad til dei fleste sjukeheimar, er regjeringa så heldig å ha ein proff operasongar i sine rekkjer. Med statssekretær i Kulturdepartementet Bjørgulv Vinje Borgundvåg burde derfor underhaldninga på årets julebord vere sikra. Om nokon meiner det blir litt snautt, går det an å hyre inn Lakkegata skoles musikkorps, som held til eit par kvartal unna. Når dei kjem marsjerande inn, blir det garantert liv i stova.

Så kan ein etterpå måle den terapeutiske verknaden, eksempelvis ved å sjå på om akevittinntaket har gått ned.

bbildoen@gmail.com

Skribentane Karin Moe, Bent Sofus Tranøy, Brit Bildøen og Mímir Kristjánsson analyserer og kommenterer dagsaktuelle tema og politiske fenomen laurdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 1. desember 2014 kl. 16.19