Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kirgisistan er eit ungt demokrati under sterkt ytre og indre press.

Eit blafrande lys i aust

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

«Det gjekk lang tid før eg forstod kvifor far min slo av tv-en kvar gong Mikhail Gorbatsjov dukka opp på skjermen», fortel den kirgisiske guiden vår, Aiko, mens vi ristar av garde i minibussen som skal ta oss ut av hovudstaden Bisjkek. På bussdøra står det «Vi sikrer velvære og tryghed». Byen er full av gamle, importerte bilar, noko lungene våre har merka etter berre korte opphald i gatene. No skal vi sjå korleis folk lever på landsbygda, og gler oss til å komme ut av konferansesalen og opp i fjella som lokkar i det fjerne.