Lørdag 27. september 2014
Del av krigshistoria: Morfaren til Ida Jackson, Per Pedersen Tjøstland, på Østfronten. Foto: privat
Ei ny fortid
Friskt og viktig: Ida Jackson skriv nyskapande om krigshistorie. Ho tar dristige forteljegrep, men blir for pågåande i bruken av seg sjølv.

Melding

Eit wikipediasøk og du har fått ei ny fortid: Morfar var ikkje berre den varme handa å halde i, han var nazist og frontkjempar. Med eit tastetrykk ramlar du inn i den mørkaste delen av norsk historie og det råkar deg i den mjukaste delen av hjartet. Det slår inn i deg og din nærmaste familie anten du vil eller ei.

Da dette skjedde den nå 27 år gamle forfattaren og bloggaren Ida Jackson for ein del år tilbake, bestemte ho seg for å skrive om det. Utfordringa var ikkje berre å sjå den avdøde og høgt elska morfaren med nye briller, men også mora og resten av familien som hadde lagt eit lokk over det som skjedde under og rett etter krigen. I tillegg har forfattaren vald å angripe seg sjølv på ein nærgåande måte, og ikkje berre som eit ovefladisk forteljegrep.

Frå første side merker vi at det er ein forteljeivrig og ofte ordleikande forfattar. Jackson veit å bruke seg sjølv og sitt granskande blikk dramaturgisk, driven av «politisk raseri og kjærlighet», som ho har sagt i intervju. Erkjennelsesprosessen blir ei spennande og til dels uhyggeleg reise.

Mytene om at nordmenn ikkje tok del i krigsbrotsverk på Austfronten har overlevd i to generasjonar og blir stadig resirkulert. Bestefaren Per Pedersen Tjøstland var frontkjempar i 5. SS Panzer-divisjon Wiking frå 1941–1943, og skreiv for bladet Germaneren. Hans eigne dagbøker og artiklar er ei hovudkjelde, men Jackson skriv at det er umulig å vite nøyaktig kva han var med på. Kanskje seier det sitt at han bruker uttrykket «så rensket vi et jødehull».

Etter fleire bøker med nybrottsarbeid og nyskriving av krigshistoria dei siste åra (Jackson lener seg blant anna på historikar Emberland og forfattar Westlie) er det nå fleire unge som har det som Jackson. Dei får augene opp for nazibøker som alltid har stått der i ei bokhylle, dei spør om bilda som er rivne ut av familiealbum – og dei søkjer på nettet og stiller nye spørsmål. Kva er det som gøymer seg bak tausheit og bortforklaringar? Men dei aller færraste har gode nok kjelder eller tette nok forhold til at dei tar bryet med å leite. Ida Jackson har begge deler, og er energisk og pågåande når ho går i nærdialog med sin døde bestefar. Den unge forfattaren viser at ho er vant til å hamre på tastaturet og bruke ytringsretten. Måten ho bruker seg sjølv i konfrontasjon med mora gir eit ekstra sug i forteljinga. Det er truverdig og overbevisande. Men etter kvart blir Jackson i overkant pågåande i granskinga og psykologiseringa av seg sjølv: Ho leikar med tanken på at ho i grunnen er like ekstrem som bestefaren og pensar lesaren inn på ideen om ein slags nedarva ekstremisme. At bestefar og barnebarn er like i denne lengten etter å meine noko sterkt, at tekstane til den unge SS-mannen ville gått «rett i fletta på Ida, 18 år.» Her skjer det ei avsporing. Jackson fortel om sin eigen ekstremisme med eksempel som at ho meinte 11. september var iscenesett: «at det jeg hadde sett på TV-skjermen var løgn», og at dette blir starten på eit år for «politisk patos, paranoia og bibelreferanser.» Ho melde seg inn i Rød Ungdom, men blei skuffa; det var ikkje ein organisasjon ho syntest «gikk langt nok». Det er mulig at denne perioden med jakt på ekstreme haldningar gjer henne bedre kjent med bestefaren, men det er også like mulig at ei ahistorisk samanlikning kan tåkelegge hans faktiske handlingar og ufarleggjere tankegodset han etterlet seg.

Og med det vi veit om den unge og gamle Per Pedersen Tjøstland trur eg ikkje eit sekund på at «de ville ha forstått hverandre godt» om den unge frontkjemparen hadde fått møte Rød Ungdom-aktivisten Ida. Dette var jo ein mann som ikkje snudde når han såg (eller sjølv var med på?) at uskyldige sivile blei slakta. Bestefaren vedkjente seg at prisen for hans idealstat kan være folkemord.

Ida Jackson er prisverdig ærleg når ho viser fram kor mange forvirrande tankar ho har hatt i oppveksten. Men det skurrar når traume etter valdtekt kan jamførast med traume etter utførte krigsbrotsverk. Den som utfører og den som er offer må vel kjenne nokså ulikt traume, innbiller eg meg? Forteljegrepet til Jackson er dristig, men etter ei stund sprekk det, og eg trur det skjer når ho lar seg friste til irrelevant utlevering og ei samanlikning ute av proporsjonar, noko boka ikkje treng.

Det er likevel ei veksling av det nære og nakne med friske og usentimentale angrep på fleire flankar som gjer «Morfar, Hitler og jeg» til gripande og medrivande lesing. Dette er nyskapande og undersøkjande historieforteljing som viser kor sterkt krigen lever med oss og at dei unge må stille sine eigne spørsmål. Den andre verdskrigen er ikkje ein film med Aksel Hennie i hovudrolla.

Ida Jackson har levert eit viktig og velskrive bidrag til det foranderlege bildet av krigen, ho må lesast – og diskuterast.

Dette er ei bok som tar tak i deg, anten du er sytten eller sytti.

bokmagasinet@klassekampen.no

Fakta

SAKPROSA

Morfar, Hitler og jeg

Aschehoug 2014, 260 sider

Lørdag 17. november 2018
Å vite: Michelets bok er en undersøkelse formulert som en dom.
Lørdag 10. november 2018
Målbærende: I sin nye roman skriver Brit Bildøen fremragende om møtet mellom menneske og system.
Lørdag 3. november 2018
Dybde: Merete Morken Andersens biograficollage bruker Amalie Skrams liv som et prisme for å få fram en hel tidsånd.
Lørdag 27. oktober 2018
Historisk: Tore Skeie lar kildene drysse poetisk stjernestøv over jordnær prosa i sin fortelling om Olav den hellige.
Lørdag 20. oktober 2018
Adjø: Didier Eribon forlot arbeiderklassen, sammen med fransk venstreside.
Lørdag 13. oktober 2018
Sorg: Steffen Kverneland foreviger faren og forsoner seg med livet i sin uvanlig personlige og direkte tegneseriebok.
Lørdag 6. oktober 2018
Ru: I «Menn i min situasjon» fangar Per Petterson oppløysings­tendensar i briljante oppløysingssentensar.
Lørdag 29. september 2018
Eksotisk: Espen Ytreberg forsøker å løfte Roald Amundsens østsibirske døtre ut fra glemselen.
Lørdag 22. september 2018
Status: Helene Uri leverer eit bittertglitrande forsvar for kvifor vi treng å avpaternalisere språket.
Lørdag 15. september 2018
Samfunn: Der noen ber om ros for å kalle en spade for en spade, kaller Göran Therborn en klasse for en klasse.