Lørdag 26. juli 2014
AKRVE: Med Israel for fred (Miff) har vore svært aktive i debatten om mediedekkinga av Midtausten-konflikten, etter at Israel gjekk til full krig på Gaza i sommar. Her frå ein demonstrasjon i Oslo tidlegare i år. FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX
Den pro-israelske organisasjonen Med Israel for fred (MIFF) får store pengegåver til omstridde annonsar:
600.000 for reklamehelg
Undersak:

– Media gir feil bilete

Anja Beate Sletteland, doktorgradsstipendiat i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, meiner MIFF ikkje vil overtyde folk med dei med annonsekampanjen.

– Dei kjem ikkje med noko informasjon som endrar bilete av konflikten for folk flest, seier ho.

Men at det genererer fleire medlemmer, er ho ikkje i tvil om.

– Dei når definitivt fram til dei som deler deira syn på saka, og føler at dei ikkje får sleppe til i debatten. Dei kan oppleve annonsen som eit friskt pust.

Sletteland meiner MIFFs utspel òg kan verke styrkjande for dei som sympatiserer med palestinarane.

– «Israel-sida» i Noreg er ikkje så flinke til å kommunisere. Difor vert dei fort oppfatta som hatefulle, seier ho.

Ho peikar på at MIFF brukar to strategiar som slår tilbake på dei sjølve.

– Dei brukar angrep som forsvar, og går hardt ut mot alle som har eit anna syn enn dei sjølve. Det hjelper lite når det er så mykje informasjon tilgjengeleg for alle, seier Sletteland.

Den andre strategien er at dei prøver å endre korleis situasjonen vert snakka om, utan å ta omsyn til rådande oppfatningar: Medan andre snakkar om folkerett og lidinga i Gaza, snur dei det til å handle om sjølvforsvar. Det er det vanskeleg å få sympati for når fleirtalet tenkjer at blokaden som styrkar terroristar og fører til krig og naud.

Sletteland trur den polariserte debatten gjer at mange vert medlemmar av MIFF, av mangel på andre pro Israel-organisasjonar, sjølv om dei ikkje deler alle synspunkta deira.

– MIFF er ganske konservative, og reflekterer ikkje dei ulike syna på korleis ein støttar Israel. Mange tenkjer nok at dei vil velje side, og melder seg inn i MIFF sjølv om dei ikkje er einige i det dei seier.

Private gåver gav avisreklame for Israel på over ein halv million kroner på éi helg. Kampanjen har skapt strid – men også skaffa 700 nye medlemmer.

Medier

Den pro-israelske organisasjonen Med Israel for fred (MIFF) sette sist helg inn heilsides annonsar i Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen.

Måndag og Tysdag gjorde dei det same i VG og Nordlys. Ifølgje avisene sine annonsesatsar har dette kosta over 600.000 kroner. På Facebook og heimesida si, går organisasjonen ut og ber om bidrag til det dei kallar ein «annonsekampanje for Israel».

– Me har fått inn store bidrag til kampanjen, så me reknar med å kunne dekke annonsekostnadene med gåver, seier styreleiar i MIFF, Morten Fjell Rasmussen til Klassekampen.

Organisasjonen har frå før budsjettert med å bruke 250.000 kroner på marknadsføring i aviser, magasin og radio, og 360.000 i spesialmagasin. I budsjettet er det òg ført opp 2,5 millionar i gåveinntekter. Rasmussen seier den omtalte annonsekampanjen kjem i tillegg til dette.

Fakta

Mediekrig om Midtøsten:

• Organisasjonen Med Israel for fred (MIFF) hadde heilsides annonsar i ei rad aviser denne veka.

Fleire redaktørar måtte forsvare seg, då annonsen kom med skuldingar mot Mads Gilbert og Sidsel Wold.

Også Venner av Jerusalem (Al-Quds) har fått trykt ei rad avisannonsar.

Norske journalistar i Gaza har opplevd hets og skuldingar om løgn og partisk dekking både i tradisjonelle og sosiale medium.

Ukjende gjevarar

Styreleiaren fortel om fleire store pengegåver frå einskildpersonar, men organisasjonen vil ikkje gå ut med kven som har bidrege. Eigedomsmagnaten Olav Thon har tidlegare støtta organisasjonen, og står på lista over betydelege bidragsytarar i boka som MIFF gav ut til 60-årsjubileet for opprettinga av staten Israel i 2008. Rasmussen seier han ikkje har oversikt over om Thon har bidrege med pengar i det siste.

Annonsane har skapt debatt. Særskilt fordi MIFF mellom anna skriv at lege Mads Gilbert og journalist Sidsel Wold i NRK kjem med «grove beskyldninger mot Israel som er dokumenterbart feil». MIFFs skarpe kritikk mot journalistane som har vore på Gazastripa for å dekke konflikten, har fått Tv2-reporter Fredrik Græsvik til å gå ut i Dagbladet og seia at organisasjonen ikkje burde få sleppe til i offentlegheita.

Nye medlemmer

MIFF når likevel fram til nye tilhengjarar. Medlemstalet til organisasjonen har gått kraftig opp etter at krigen på Gazastripa blussa opp.

– Me har hatt veldig stor pågang i det siste, og på det meste fekk me 100 nye medlemmer på éin dag. No er medlemstalet passert 7500, seier Rasmussen.

Det er ein auke på over 700 personar sidan mai i år, ifølgje heimesidene deira. Der skriv dei òg at MIFFs føremål er å skape ein djupare og større sympati for det israelske folk gjennom «saklig og allsidig informasjon».

MIFF har vore svært aktive i debatten rundt Midtausten-konflikten, og er særs kritiske til korleis den vert dekt av norske media. Dei forsvarar Israel sin rett til sjølvforsvar, og meiner norske myndigheiter og hjelpearbeidarar støttar Hamas.

Ei rekke av journalistane som har dekt konflikten, har fortalt om personhets og hatmeldingar frå folk som meiner dei ikkje er nøytrale i konflikten, men viser støtte til palestinarane. Dei siste dagane har Fredrik Græsvik bedt om fred, og Sissel Wold har meldt seg ut av Twitter-debatten.

marias@klassekampen.no

Mandag 21. januar 2019
Selvpubliserte bøker finner veien inn til forlagseide nettbokhandler. Kan gjøre det vanskeligere for leserne å navigere på nett, mener Anne Oterholm.
Lørdag 19. januar 2019
Den nye regjeringen vil samle all medie­støtte, også til NRK, i en felles pott. Dermed kan den interne kampen om støttekronene bli tøffere, frykter Lands­laget for lokalaviser.
Fredag 18. januar 2019
Mediebransjen vil ha slutt på at folk bruker medie­arkivet Atekst som alternativ til å kjøpe et avisabonnement. Nå er det ikke lenger mulig å lese dagferske nyheter i arkivet.
Torsdag 17. januar 2019
Støtteordningen som skulle lokke Hollywood til Norge, hadde bare norske mottakere i 2018. – Neppe i tråd med intensjonen, sier økonom som utredet ordningen.
Onsdag 16. januar 2019
Forfattere som klarer å markedsføre seg selv, trenger ikke tradisjonelle forlag, mener Arne Berggren. Nå går han inn i styret til selvpubliseringstjenesten Boldbooks.
Tirsdag 15. januar 2019
Forfatterforbundet håper regjeringen vil gi dem tilgang til midler fra bibliotek­vederlaget. Forslaget møter skepsis fra utvalget som i dag fordeler potten på rundt 110 millioner kroner.
Mandag 14. januar 2019
– Jeg har langt større tro på selvpublisering enn på å eie et mellomstort tradisjonelt forlag, sier Arve Juritzen.
Lørdag 12. januar 2019
Dagbladets to siste grafikere ble oppsagt i fjor sommer. Denne uka havnet saken i tingretten. – Et eklatant brudd på norsk lov, sier LO-advokatene.
Fredag 11. januar 2019
Under andre verdenskrig var hjemstedet til forfatter Bjørnstjerne Bjørnson propagandasentral for nazistene. Det bør Aulestad-museet opplyse om, mener litteraturprofessor Marianne Egeland.
Torsdag 10. januar 2019
Nationaltheatret kan få overta Munch­museets lokaler på Tøyen, forutsatt at nær­miljøet blir inkludert. – Føringene tas imot med åpne armer, sier teater­sjef Hanne Tømta.