Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samferdselsministeren vil bygge dobbeltspor på Ofotbana for 20 milliardar kroner før LKAB sporar av:

Har hastverk med ny jernbane

TOGET: Mandag hoppa samferdselminister Ketil Solvik-Olsen av E 6-reisa og reiste med Ofotbana til riksgrensa. Turen frå fjord til fjells er ein av dei mest spetakulære jernbanereisene i verda. © Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket

KJAPT: Ketil Solvik-Olsen er klar til å løfte Ofotbana ut av Nasjonal transportplan og byggje dobbelspor for 20 milliardar kroner. Det skal helst skje på rekordtid, og med privat hjelp.

Om fem år blir Ofotbana slik den ligg i dag ein flaskehals for gruveselskapet LKAB sin planlagde auke i utskiping av jernmalm og pellets over Narvik. Norske og svenske styresmakter blir no sett under press for å finne ei løysing.