Tirsdag 24. juni 2014
KJØNNSDEBATT: Artist og låtskrivar Frida Ånnevik vil ha fleire kvinner på festivalscenane i sommar. Foto: André Løyning
Musikar Frida Ånnevik tek eit oppgjer med arrangørane og mangelen på kvinnelege artistar på festivalane:
– Bakstreverske festivalar
Det er mangel på vilje hos festivalarrangørane som gir så dårleg kjønnsbalanse, meiner artist Frida Ånnevik.

Musikk

– Det er merkeleg at kvinnene forsvinn frå musikklivet med ein gang sommaren kjem, seier Frida Ånnevik.

Ho sit i panelet i debatten «Redde for bredde?» på Kulturhuset i Oslo i ettermiddag. Det er ikkje første gong debatten om kjønn i musikklivet vert teken opp; den er nesten blitt ein tradisjon idet festivalsommaren går i gang.

– Det er noko feil med haldningane eller kunnskapen til festivalarrangørane når ein ser på festivalplakatar med nesten berre mannlege namn, seier Ånnevik.

I år er det berre 33 prosent kvinnelege artistar på Øyafestivalen, som er mellom dei med høgast andel. På scena til Stavernfestivalen er 13 prosent kvinner, medan på danske Roskilde er det 15 prosent, ifølgje ein kronikk av bookingagent Anita Halmøy Wisløff i Klassekampen i går. Tala imponerer ikkje Ånnevik.

Fakta

Kvinner i musikken:

• Norske festivalar får kritikk for å ha for få kvinnelege artistar.

• Kongsberg jazzfestival har til dømes har 19 prosent kvinner, Øyafestivalen i Oslo har 33 prosent, skreiv agent Anita Halmøy Wisløff i ein kronikk i Klassekampen i går.

• Fond for utøvende kunstnere melder om 50-50 kvinner og menn blant dei som søkjer middel.

• I kveld held Musikkmagasinet debatten «Redde for bredde?» på Kulturhuset i Oslo.

Ikkje mangel på artistar

– Kvinnene er jo godt representert på tv, i prisutdelingar og utgjevingar elles i året, så kvifor får dei ikkje spelejobbar i sommarmånadene når det skal vere høgsesong for å få stå på scenar rundtom i landet? spør Ånnevik.

For samstundes med at kvinnene slit med å få speletid på festivalane, tek imot Fond for utøvende kunstnere like mange søknader om stønad frå kvinner som frå menn, noko som bør gje ein peikepinn på at det ikkje er artistar det er mangel på.

– Det er ei breidde i musikklivet som ikkje vert gjenspegla i festivalplakatane, seier Ånnevik.

– Heng festivalarrangørane etter resten av bransjen?

– Ja. Dei er litt bakstreverske og bør ta innover seg endringa me har sett dei siste åra.

Ånnevik meiner mange arrangørar har laga seg eit bilete av kva som er ein god festivalkonsert, som kanskje ikkje stemmer heilt med kva publikum eigentleg vil ha.

Nokre er flinke

– Det er jo nokre som er flinkare, sjå til dømes på Månefestivalen i Fredrikstad, som i år berre har kvinnelege artistar. Og den er utseld ein månad før den startar.

Sjølv har ho ikkje så mange festivaljobbar som ho skulle ynskt i sommar.

– Det er jo veldig vanskeleg å verte personleg i denne saka, for det er lett å tenkje at ein ikkje er god nok. Men eg har gjeve ut ei plate til gode kritikkar og fått ein spellemannspris i løpet av det siste året, så eg skulle jo sjølvsagt ynskje meg fleire spelejobbar.

Tunnellsyn

Kvinner som tek opp problemet med kjønnsbalanse, vert ofte skulda for å syte.

– Dei fleste tenkjer rett nok ikkje slik. Men det er ein kunnskapsmangel og eit tunnellsyn som må endrast, seier Ånnevik.

Ho fortel at ho stort sett kvar veke opplever små hendingar som gjer at ein heile tida vert gjort merksam på at ein er kvinne.

– Når arrangøren til dømes berre helser på ein av mine mannlege medmusikarar, eller lydteknikarane vil hjelpe meg å kople til mikrofonen min. Eg veit sjølvsagt ikkje, men eg trur ikkje ein mann ville opplevd det, seier ho.

Idet kvinnedebatten igjen rullar opp, har ho bestemt seg for å vere ein av dei som tek del, sjølv om det er eit tøft val i ein mannsdominert bransje.

– Å stikke hovudet fram er jo livsfarleg, og å snakke om kjønn er som å gå berrbeint i eit minefelt. Det er jo ikkje eit poeng for oss å syte eller klage, me vil berre gjere bransjen betre, seier Ånnevik.

For målet er enkelt:

– Eg håpar å sleppe alltid måtte ha ordet kvinneleg framfor artist når eg vert presentert.

maria.svaasand@klassekampen.no

Onsdag 19. desember 2018
Nasjonalmuseet gikk glipp av inntil 90 millioner kroner til kunstnerisk utsmykking. Finansdepartementet satte foten ned for samarbeid mellom museet og Kunst i offentlige rom.
Tirsdag 18. desember 2018
Svenske og danske historikere er ikke overrasket over temperaturen i Michelet-debatten. – Det handler om den klassiske friksjonen mellom journalister og historikere, sier Lars M. Andersson.
Mandag 17. desember 2018
Endringer i åndsverkloven gjør at flere kunstner­grupper må dele på samme vederlagspott. – Våre medlemmer vil sitte igjen med mindre, sier Jørgen Karlstrøm i Komponistforeningen.
Lørdag 15. desember 2018
Mens netthandel på bøker har tatt av i Sverige, foretrekker nordmenn fremdeles å handle bøker over disk.
Fredag 14. desember 2018
160 millioner kroner har det kostet å totalrenovere «Hestmanden». Nå må museumsskipet legge til kai fordi Kulturdepartementet ikke vil gi fem millioner kroner i økt støtte.
Torsdag 13. desember 2018
Mange var sikre på at Amazon ville etablere seg i Sverige denne høsten. Men satsingen lar vente på seg.
Onsdag 12. desember 2018
Finnmark fylkeskommune vil erstatte skolebibliotekarene med elevvakter og chatte­tjenester. Nå frykter Bibliotekforeningen at dette er starten på en ny trend.
Tirsdag 11. desember 2018
I medienes dekning av selvmord blir helsevesenet ofte utpekt som syndebukker, mener psykiatrisk sykepleier Rita Småvik. Hun frykter at det kan gjøre forebygging vanskeligere.
Mandag 10. desember 2018
MDG-politiker og forfatter Eivind Trædal har fått politiske motstandere på døra. Han mener grensa for aktivisme, også den kunstneriske, går ved dørstokken til folks privatliv.
Lørdag 8. desember 2018
Tilhengerne kaller det en revolusjon. Eks-statsråd Gudmund Hernes kaller det tøv. Hva handler moteordet «dybdelæring» om – dypest sett?