Torsdag 19. juni 2014
TVANGSRETUR: Statssekretær Himanshu Gulati har nyleg vore i Eritrea for å diskutere returavtale med eritreiske styresmakter. Bileta viser ei uttransportering frå Gardermoen til Pakistan. Foto: Politiets utlendingseining
• Regjeringa vil ha returavtale for eritreiske asylantar • Går på tvers av FN-råd
Forhandlar om Eritrea-retur
Undersak:

NOAS reagerer sterkt

– Dersom Gulati sit på heilt ny informasjon om betring av menneskerettssituasjonen i Eritrea er det viktig at han deler det med verda, seier Ann-Magrit Austenå, generalsekretær i Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS).

Ho fortel at Eritrea i dag er eit av verdas mest lukka land, og at storsamfunnet veit lite om stoda der.

– Det er vanskeleg å få ut sikker informasjon. Vi får rapportar om trygg retur, men òg fengsel, tortur og forsvinningar. Vi veit ikkje kva som fører til det eine eller det andre, meiner Austenå.

I ein FN-rapport frå mai 2013 blei menneskerettssituasjonen i landet karakterisert som «ekstremt elendig».

– Trur du situasjonen kan ha betra seg?

– Eg aner ikkje. Men ifølgje styresmaktene har det aldri skjedd overgrep i landet, seier NOAS-sjefen.

Austenå seier at dei fleste som søkjer asyl i Noreg gjer det fordi dei har nekta verneplikt eller høyrer til opposisjonen i landet.

– Då vil dei bli sett på som forrædarar om dei blir returnert.

RETUR: Dei blåblå er i samtalar med Eritrea om returavtale. Blir det avtale, er Noreg det einaste landet i vesten som returnerer flyktningar til det lukka ­landet.

ASYL

– Eg har hatt fleire møte med styresmaktene i Eritrea om returproblematikken. Eritrearar er for tida den største asylsøkjargruppa til Noreg, og vi har over 500 utreisepliktige eritrearar i norsk asylmottak. Det er viktig med gode mekanismar for å kunne returnere desse, seier Himanshu Gulati til Klassekampen.

Han er statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet med ansvar for asylsaker, og er nyleg komen heim frå reise til Eritrea.

Landet er kjent som eit av verdas mest lukka regime, og det er i dag ingen vestlege land som returnerer asylsøkjarar dit. FN melder om stor fare for fengsling, tortur og forsvinningar for asylsøkjarar som vender tilbake til det afrikanske landet.

Organisasjonen Reporterar utan grenser rangerer Eritrea som nummer 180 – av 180 – på sin pressefridomsindeks.

Fakta

Retur til Eritrea

• Eritrea er i dag eit av verdas mest lukka samfunn, rangert under Nord-Korea på pressefridomsindeksen til Reporterar utan grenser.

• Eritrearar utgjer den største gruppa asylsøkjarar til Noreg. I fjor søkte om lag 3250 om asyl.

• Noreg har i dag ikkje returavtale med Eritrea. Då den raudgrøne regjeringa skreiv under ein tilsvarande avtale med nabolandet Etiopia, måtte dei tåle sterk kritikk frå menneskerettsmiljø.

– Positivt møte

– Korleis opplevde du møtet med eritreiske styresmakter?

– Eg blei godt teken imot, opplevde ei positiv handling og hadde konstruktive samtalar. Vi vil halde fram med nye samtalar i nær framtid, fortel Gulati.

Han seier at det er ein prioritet for regjeringa å oppnå returavtalar med flest mogleg land.

– Har du fått endeleg avslag er det etter ei nøye vurdering av at du ikkje har behov for tryggleik i Noreg. Då er det viktig å sørgje for retur, seier statssekretæren.

I 2013 var det om lag 3250 eritrearar som søkte om asyl i Noreg. Eritrea plasserer seg dermed i toppen av lista over land Noreg får asylsøkjarar frå.

Massivt menneskerettsbrot

Den raudgrøne regjeringa vurderte å etablere returavtale med Eritrea, men la det bort etter ei vurdering av dei omfattande menneskerettsbrota i landa.

– Kva tenkjer du om menneskerettssituasjonen i Eritrea?

– Menneskerettar er viktig for Noreg, og vi tok opp temaet i våre samtalar. Vi må leggje til grunn at når nokon får avslag, er det fordi retur er forsvarleg, meiner han.

– Vårt mål er at alle utan lovleg opphald skal returnerast. Den nye regjeringa returnerer rekordmange. Vårt ambisjonsnivå er å returnere cirka 45 prosent fleire enn den raudgrøne regjeringa, men det er land der vi skulle ønskje det gjekk fortare.

I januar 2012 skreiv Noreg under ein omstridd returavtale med Etiopia. Eitt år seinare hadde berre seks personar returnert til landet, og Frp-nestleiar Per Sandberg omtalte avtalen som «verdilaus».

– Kva er erfaringane frå Etiopia-avtalen?

– Det har vore nokre utsendingar til Etiopia, men vi skulle ønskje det gjekk fortare, seier Gulati i dag.

Aukar budsjettet

Gulati legg vekt på at utsending av asylsøkjarar som har fått avslag er eit prioritert område for regjeringa.

– Vi har auka budsjettmidlane til dette i alle dei tre rundane vi har hatt sjansen til det, seier Gulati.

Han meiner dette er eit problem regjeringa arva frå dei raudgrøne.

– Det finst mange tusen asylsøkjarar som skal sendast ut av landet. Når ein har fått avslag på søknaden har ein plikt til å forlate landet. Diverre er det ikkje alle som gjer dette frivillig.

Justis- og beredskapsdepartementet har tidlegare opplyst at dei driv informasjonskampanjar i land Noreg får mange grunnlause asylsøknader frå.

– Vil Noreg drive informasjonsarbeid for å få ned talet på asylsøkjarar frå Eritrea?

– Det er eit viktig verkemiddel, som vi har teke i bruk fleire stader. Vi vil ta opp fleire verkemiddel i våre vidare samtalar med eritreiske styresmakter, seier Gulati.

SV reagerer sterkt

– Eritrea er eit lukka land og totalitært regime med alvorlege brot på menneskerettane. Difor får ni av ti eritrearar opphald av tryggleiksgrunnar i Noreg, seier Karin Andersen frå SV.

Ho fortel at Amnesty seier det å søkje asyl blir sett på som forræderi og at styresmaktene kan reagere med straffetiltak.

– Dessutan er situasjonen i landet ekstremt utrygg. Noreg stengte ambassaden der i fjor – det seier vel sitt.

FNs spesialrapportør seier at eritreiske asylsøkjarar vanlegvis forsvinn ved retur.

– Med ein så usikker situasjon ved retur, meiner SV at Noreg ikkje kan returnere asylsøkjarar til Eritrea. Utlendingsnemnda seier også sjølv at norske styresmakter ikkje kan følgje eritreiske borgarar fram til heimlandet fordi det er så utrygt om den returnerte vil kunne risikere forfølging dersom eritreiske styresmakter blir kjent med at vedkomande er tvangsreturnert, seier Andersen.

KrF opplyser at dei ikkje har tid til å uttale seg om saka, medan Venstre ikkje ønskjer å uttale seg om ein avtale som framleis ikkje eksisterer.

jens.kihl@klassekampen.no

Mandag 19. november 2018
HÅRDA BUD: Frisør­bransjen sliter med å rekruttere tillits­valgte. Elisabeth Landstad ble sagt opp kort tid etter konflikt med sjefen.
Lørdag 17. november 2018
ANBUD: NSB var best på organisasjon og ledelse, mens SJ var best på kundetilfredsstillelse. Go-Ahead var kun best på pris i anbudskonkurransen om å få drifte Sørlandsbanen.
Fredag 16. november 2018
HEMMELIG: Etterretningstjenesten skal betale kilder svart – og kunne bryte norsk lov uten straff. Det er regjeringens forslag til ny etterretningslov.
Torsdag 15. november 2018
SATSER: Equinor bruker rekordmye penger på lobbyisme i Brussel. Målet er å sikre etterspørselen etter gass i lang tid framover.
Onsdag 14. november 2018
VIND I SEGLA: Produksjonen av kraft frå vindturbinar vert meir enn firedobla innan 2020. Nasjonal ramme for vindkraft skal opne for endå meir, men ikkje på Smøla.
Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Mandag 12. november 2018
IKKE RØR! Stjørdal kommune har for mange barnehager, men på tross av støtte fra et enstemmig bystyre får de ikke lov å kutte antall plasser hos private. Nå drøfter Stortinget lovendring.
Lørdag 10. november 2018
DYRT: Zerokonferansen omtaler seg selv som Norges viktigste møteplass for alle som er opptatt av klima. Men hvis vanlige folk skal med, må prisen ned, sier Natur og Ungdom.
Fredag 9. november 2018
FALL: Gapet mellom nivået på den statlige bostøtten og boutgifter i storbyene har økt dramatisk, viser ny rapport. Byene får en ekstraregning på flere hundre millioner.
Torsdag 8. november 2018
FRAFALL: Ungdom som faller ut av videregående fanges opp for seint, sier Jan Bøhler.