Onsdag 9. april 2014
Stortinget. Foto: Vegard Grøtt, NTB scanpix
Stortinget har alltid siste ord
På Stortinget og i hovudstadens juridiske andedam er det usemje om grunnlovsforslaga om modernisering av menneskerettane i Grunnlova (Klassekampen 1., 4., 5. og 8. april).

Kronikk Grunnlova

Striden står mellom anna om forslaget til ny § 114 om domstolanes rett og plikt til å prøve om lover strir mot Grunnlova og forslaget til ny § 115 om vilkåra for at Stortinget i lov kan avgrense menneskerettane i Grunnlova.

 

I Noreg er dette ein gammal debatt. Heilt sidan midten av 1800-talet har samfunnsaktørar krangla om Høgsteretts prøving av lover mot Grunnlova er ei krenking av folkestyret og Stortingets funksjon som lovgivar. I utgangspunktet kan dette sjå ut som eit spørsmål om maktfordelinga mellom Stortinget og Høgsterett. Mellom folkevald fleirtalsmakt og ikkje-valde embetsdommarar. Men spørsmålet er djupare enn som så. Det handlar om at heller ikkje Stortinget som lovgivar er heva over Grunnlova.

Alt i 1869 sette dåverande høgsterettsjustitiarius Peder Carl Lasson skapet på plass. Han peikte på det heilt grunnleggjande at Grunnlovas funksjon er å trekke opp grensene for Stortingets lovgivingsmakt. Om Stortinget er usamd i Høgsteretts tolking av Grunnlova, ja så kan Stortinget alltid gå om «den Udvei, Grundloven selv anviser i § 112, nemlig at appellere til Folkesuverainiteten, – det høieste Tribunal, som under en fri Forfatning kan haves, …». Lassons poeng var at det ikkje var Stortinget som lovgivar, men folket som var den øvste makta etter Grunnlova. Akkurat det bør ikkje vere omstridt i dag heller. Det norske konstitusjonelle systemet er innretta slik at Høgsterett kan kontrollere om Stortinget held seg innanfor Grunnlovas grenser. Men Stortinget kan alltid overstyre Høgsterett igjen ved å endre Grunnlova, noko som krev særskilt demokratisk grunnlag i form av to tredels fleirtal og mellomliggande val.

Det inneverande Stortinget skal ta stilling til to grunnlovsforslag som går direkte mot to høgsterettsdommar i 2010, og der Høgsterett meinte at Stortinget gikk utanfor Grunnlovas grenser (§ 97 og § 106). Grunnlovsforslaga viser at systemet fungerer. Det er difor ikkje rett at Stortinget gir frå seg makta til domstolane. Stortinget kan alltid appellere til folkesuvereniteten.

Spørsmålet om den føreslåtte § 115 dreier seg om domstolsprøvingas grenser. Paragrafen inneheld vurderingskriteria for domstolanes tolking av menneskerettane og balanseringa mot Stortingets grunngiving for inngrep. Det kan rettast innvendingar mot måten den føreslåtte paragraf 115 er utforma på. Innvendingane bør likevel ikkje hindre vedtakinga av paragrafen. Alternativet er at Stortinget vedtar ei rekkje nye menneskerettar, men utan å vedta den paragrafen som seier noko om vilkåra for domstolanes kontroll med Stortingets lovvedtak. Menneskerettane i Grunnlova vil då bli ståande nakne og utan atterhald. Då vil det bli opp til Høgsterett sjølv å finne balansen mellom individvern og fleirtalsmakt. Og er det ikkje akkurat det motstandarane av den nye paragraf 115 ønskjer å hindre?

 

I staden bør Stortinget nytte høvet til å seie noko i førearbeida om korleis dei to nye paragrafane skal tolkast, slik Fredrik Sejersted tok til orde for i gårsdagens avis. Det er ingen grunn til at Stortinget som grunnlovsgivande makt skal gå stille i dei konstitusjonelle dørene. Samstundes er det grenser for kva føringar Stortinget i førearbeida kan leggje på Høgsteretts tolking av Grunnlova.

Ved å vedta nye menneskerettar i Grunnlova, set Stortinget grenser for seg sjølv som lovgivande makt. Det er heile poenget med ei grunnlov. Nøyaktig korleis desse grensene kjem til å bli tolka i framtida kan vi derimot ikkje vite sikkert i dag. Det vi veit er at Stortinget kan alltid endre Grunnlova, igjen.

Eirik Holmøyvik er fyrsteamanuensis, Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

eirik.holmoyvik@jur.uib.no

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2014 kl. 14.15
Torsdag 20. februar 2020
• Hvordan blir folk deltakere i demokratiet? Ofte er utgangspunktet en helt konkret sak de engasjerer seg i og organiserer seg for å fremme. Noen samler seg i grupper på sosiale medier, hvor de møter likesinnede og deler informasjon. Slike...
Onsdag 19. februar 2020
• Professor Jørn Rattsø og Geir Vinsand i Nivi Analyse kritiserte i Aftenposten mandag resultatene av kommune- og regionreformen. I Aftenposten framstilles de som «to av Norges fremste eksperter på offentlig styring». I realiteten står de...
Tirsdag 18. februar 2020
• Flyselskapet Widerøe varslet i går kutt i rutetilbudet i Nord-Norge. «Vi kutter dessverre helt nødvendig kollektivtransport i Distrikts-­Norge», sier administrerende direktør Stein Nilsen i en pressemelding. 4000 flyginger på...
Mandag 17. februar 2020
• Vår nye fiskeriminister Geir Inge Sivertsen (H) har hatt god inntekt i vinter. Etter at han først tiltrådte som statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet 4. november i fjor, har han fått betalt både for den jobben og for jobben som...
Lørdag 15. februar 2020
• Styret i Norsk Redaktørforening sa denne uka nei til å ta opp Resetts redaktør Helge Lurås som medlem. Foreningen finner etter en helhetsvurdering at Resett ikke fyller kriteriene for opptak, som blant annet innebærer at mediet forplikter...
Fredag 14. februar 2020
• Da Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus slo seg sammen i 2011, var det en forutsetning at den nye høgskolen skulle ha to studie­steder, et i Pilestredet i Oslo og et på Kjeller i Akershus. I intensjonsavtalen står det også at framtidig...
Torsdag 13. februar 2020
• Joe Biden har vært den amerikanske politiske og økonomiske eliten og det liberale politiske sentrums sikre kort i kampen for å slå Donald Trump i den kommende presidentvalgkampen i november. Denne planen ser nå ut til å gå i vasken. I...
Onsdag 12. februar 2020
• E-tjenesten la mandag fram sin vurdering av aktuelle sikkerhets­utfordringer for Norge. Det nye i analysen er at Kina nå er løftet fram som den største sikkerhets­politiske trusselen mot Norge ved siden av Russland. Som begrunnelse skriver...
Tirsdag 11. februar 2020
• Statskog, som forvalter statens fjell- og skogseiendommer, er Norges suverent største grunneier, men blir stadig mindre. I 2011 begynte statsforetaket å selge unna skog- og utmarkseiendommer, og til nå er 540.000 dekar solgt, viser en...
Mandag 10. februar 2020
• I en reportasje i fredagens A-magasin forteller ti anonyme fastleger historier om sine møter med pasienter. Historiene som gjenfortelles, er riktignok kun om de «problematiske pasientene», de legene mener utnytter systemet, går til legen...