Torsdag 3. april 2014
PÅ FRIARFOT: Ordførar i Oppdal Ola Røtvei har strekt ut ei hand til nabokommunen renneby. Røtvei trur ikkje vegen vidare for Kommune-Noreg går via kommunesamarbeid.
Interkommunale samarbeid er ikkje berre eit småkommunefenomen, ifølge omfattande rapport:
Store samarbeider meir
Undersak:

Ordførar: Me har fridd til Rennebu, men ventar på svar

– Ein del kommunar har tretti, førti eller femti ulike samarbeid. Eg kan ikkje forstå anna enn at dei har mista styringa over tenestene, seier Ola Røtvei (Ap), ordførar i Oppdal.

Han fryktar tap av demokratisk styring, og vil heller ha kommunesamanslåing enn for mange interkommunale samarbeid.

– Me har vore medvitne på å velja samarbeid som betyr noko for oss, og som kan vere bra for begge partar, seier Røtvei.

Fjellbygda Oppdal står saman med Rennebu om barnevern og plankontor, har felles skattekontor med Sunndal og felles legevakttelefon med Orkdalsregionen.

Røtvei trur minussidene kjem i dét ein kommune har for mange samarbeid:

– Viss du flaggar ut for mykje av tenesteproduksjonen mister du politisk styring. Ansvaret blir plassert i eit styre, og kommunestyret blir sittande og løyva pengar utan å ha reell innverknad, seier Røtvei, som er langt meir positiv til ideen om å slå seg saman med éin eller fleire nabokommunar:

– Me har alt fridd til Rennebu, men me har ikkje høyrt noko ennå, seier Røtvei, som trur det kan ta tid: – Vår utfordring er at me ligg der me ligg, seier Røtvei om ein geografi der kommunane grensar mot fleire fylke, mot høge fjell og djupe dalar. Han frir gjerne til Sunndal i vest, Dovre i sør eller Rennebu mot nord, men trur svaret vil bli nei fordi folk i nabokommunane føler tilhøyrsel mot andre kommunar enn Oppdal. Like fullt vil han gjerne ligga i forkant av ein diskusjon han veit kjem.

– Eg etterlyser klarare signal frå regjeringa. Så lenge regjeringa ikkje foreslår konkrete oppgåver dei nye samanslåtte kommunane skal ta tak i, er situasjonen fastlåst, seier Røtvei, som ikkje er framand for at det kan bli naudsynt med tvang for å få ein ny kommunestruktur på plass.

– Det er mykje betre å ta prosessen lokalt. Men viss ein verkeleg ønsker eit grep for heile landet bør ein nok la Stortinget gjera jobben, seier Røtvei.

FLEST: Store kommunar inngår i fleire interkommunale samarbeid enn småkommunar, ifølge rapport bestilt av Kommunaldepartementet.

KOMMUNAR

– Interkommunalt samarbeid er ikkje berre eit periferi- og småkommunefenomen, seier forskar Arild Gjersten ved Nordlandsforsking.

Gjertsen har vore med i ei brei samansett forskingsgruppe, leia av forskingssenteret IRIS i Stavanger, som har kartlagt og analysert omfanget av interkommunale samarbeid i norske kommunar.

Med konklusjonen som blir trekt rokkar dei ved eit av dei sentrale argumenta for å slå saman små kommunar, nemleg at alle dei interkommunale samarbeida utgjer eit demokratisk problem.

Gjertsen og seks andre forskarar skriv innleiingsvis:

«Det er ikke grunnlag for å hevde at interkommunalt samarbeid er av et slik omfang at det bidrar til uthuling og forvitring av kommunene».

– Me står fast på konklusjonane våre. Me ser utfordringar, men det finst måtar å handtera dei på. Me kan ikkje seia at desse problema er av ei slik karakter at det uthôlar kommunane, seier Gjertsen.

Fakta

Kommunereform:

• Regjeringa sitt ekspertutval for kommunereform la måndag fram sin rapport.

• Utvalet konkluderer med at norske kommunar bør ha minst mellom 15.000 og 20.000 innbyggarar.

• Ekspertutvalet skal lever sin sluttrapport ved utgangen av 2014.

• Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal etter planen legga fram ei stortingsmelding om nye oppgåver til kommunane våren 2015.

Klassekampen i går

– Andre demokratiproblem

Kommunalminister Jan Tore Sanner er blant dei som trekk fram dei demokratiske utfordringane som interkommunale samarbeid medfører, når han argumenterer for samanslåing:

«Jeg mener det er en demokratisk utfordring, fordi man gjennom slike samarbeid flytter ansvaret bort fra kommunen. Vi ønsker mer robuste kommuner som kan løse oppgavene selv. Da trenger man sterke fagmiljøer og større kommuner», sa Sanner til lokalavisa Finnmarken tidlegare i år.

Dette poenget understrekar også det regjeringsnedsatte Ekspertutvalet, som la fram sin fyrste rapport: «Kriterier for en god kommunestruktur» denne veka.

– Det er eit poeng, seier Gjertsen, men held fram:

– Det er ikkje dermed sagt at større kommunar nødvendigvis vil vera den beste løysinga. Det vil føra med seg andre demokratiske problem.

Han legg til at medan nokre kommunar er flinke i samarbeid, opplever andre det som frustrerande.

– Det er eit urealisert potensial for styring gjennom samarbeid. Litt av problemet er at ein er usikker på kva ei slik form for styring inneber, seier Gjertsen, som er statsvitar.

Store samarbeider mest

I den over 300 sider lange rapporten som gjekk i trykken i fjor, kjem det fram at det er store kommunar som inngår i flest samarbeid over kommunegrensene. Kartlegginga viser at:

• Kommunar under 20.000 innbyggarar deltar i gjennomsnitt i 11–12 samarbeid.

At det er dei største kommunane som samarbeider mest vekker oppsikt:

«Dette er et interessant resultat sett ut fra en antakelse om at mindre kommuner har mer behov enn større kommuner for å samarbeide om å utføre tjenesteproduksjonen», heiter det innleiingsvis i rapporten, som er utført på oppdrag frå Kommunaldepartementet, bestilt før regjeringsskiftet.

Forskarane finn at samla sett svarar til det økonomiske omfanget av interkommunalt samarbeid i Noreg om lag ti prosent av kommunane sine driftsutgifter.

Slik interkommunalt samarbeid er definert av forskingsgruppa er estimatet at det finst om lag 850 formelle interkommunale samarbeid. Pluss over 400 uformelle interkommunale samarbeid.

Ekspertutvalet ril regjeringa omtalar denne kartlegginga som Gjertsen og fleire andre forskarar står bak, men kjem fram til at det vil vera ein demokratisk gevinst ved færre interkommunale samarbeid.

anneh@klassekampen.no

Tirsdag 23. juli 2019
NYTT BLIKK: Jeger- og fiskerforbundet, Turistforeningen og Naturvern­forbundet krev ny handsaming av alle vindkraftkonse- sjonar der utbygginga ikkje er starta.
Mandag 22. juli 2019
NY DEBATT: Nei til EU varsler kamp mot EUs fjerde energipakke som de mener vil gi Acer enda mer makt. Miljøorganisasjon er positiv, mens Ap ikke har tatt stilling ennå.
Lørdag 20. juli 2019
VEKK: Truede sopp- og lavarter ofres for å gi plass til vindturbiner som skal stikke nesten en kvart kilometer opp i lufta i Finnskogen i Våler. – Dette er på en måte vårt Alta-Kautokeino-opprør, sier en av demonstrantene.
Fredag 19. juli 2019
KRAV: Frp mener innvandringsforskningen er «ensidig og politisert». Nå vil de stille krav om meningsmangfold i forskningen. – Farlig, svarer Ap.
Torsdag 18. juli 2019
TVANG: FpU ber regjeringen lovpålegge kommunene å konkurranseutsette sykehjem og hjemmetjenester. Forslaget slaktes av forsker.
Onsdag 17. juli 2019
UFORUTSIGBART: Bare en tredel helsefagarbeidere har full stilling. De yngste og de eldste jobber mest deltid. – Vi trenger flere folk på jobb, sier helsefagarbeider Jørgen Aanerud.
Tirsdag 16. juli 2019
MEDISIN: På havbunnen utenfor Bjørnøya har forskere funnet et dyr ikke ulikt en juledekorasjon. Det har molekyler som kan drepe kreft­celler effektivt.
Mandag 15. juli 2019
BYGGER UT: Siden 2000 har antall ­bygninger i strandsonen økt med 20 prosent. Kommunene klarer ikke ­forvalte det nasjonale ansvaret, mener Norsk Friluftsliv.
Lørdag 13. juli 2019
RETUR: Utlendingsnemnda konkluderte at kurdiske Jumaah Hameed ikke var i fare for forfølgelse. Kort tid etter returen til Irak, ble Hameed torturert, hevder han.
Fredag 12. juli 2019
COMEBACK KID: Per Sandberg advarer mot «nasjonalistiske krefter» i Frp og hinter om politisk comeback i et annet parti til valget i 2021.