Tirsdag 4. februar 2014
Vil bli som han: Rasmus Hansson kikar på Ap-leiar Jens Stoltenberg. Får Hansson det som han ønskjer, blir også han partileiar – i Miljøpartiet Dei Grøne. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix
• Hansson på veg inn i Dei grøne-leiinga • Vil vere einaste leiar, ikkje ein av to
Vil ha all makt i MDG
Undersak:

Fallitterklæring å gå for éin leiar

Grøn Ungdom er sterkt imot at MDG skal endre dagens modell med to nasjonale talspersonar. Hallvard Surlien, talsperson for Grøn Ungdom, seier at arbeidsutvalet har skrive ei fråsegn til landsmøtet i ungdomspartiet.

– Ein leiarmodell vil vere ei fallitterklæring mot partiets grunnprinsipp, seier Surlien.

Han viser til at dei grøne suksesspartia i Tyskland og Sverige nyttar talspersonmodellen.

– Er det dumt at Hanna Marcussen ikkje kan stille til val, ifølgje vedtektene?

– Det er uheldig at diskusjonen om seksårsgrensa fell saman med at vi har ein kandidat som møter denne grensa. Eg er positiv til at vi skal ha ei grense for kor lenge ein kan vere talsperson, men meiner ho kan utvidast, til dømes til to stortingsperiodar, seier ungdomspartileiaren.

– Marcussen må få stille likt med dei andre, seier Surlien.

Han er mindre oppteken av å finne yngre kandidatar i år.

– Det er positivt om fleire unge stiller. Samstundes er vi eit ungt parti, og eg trur MDG er tent med meir erfarne kandidatar no.

STRID: Fem personar stiller som leiarkandidat i Miljøpartiet Dei Grøne. Hanna Marcussen vil endre vedtektene for å bli sitjande på toppen.

MDG

Rasmus Hansson, einsam MDG-svale på Stortinget, er allereie på veg inn i partileiinga. Får han det som han vil, blir han leiar aleine.

– Det er tradisjon for talspersonmodellen i grøne parti over heile verda, men eg høyrer til nok ein litt tradisjonell skule og set pris på den klassiske leiarmodellen, seier Hansson.

Det bles opp til full leiarstrid når Dei grøne no førebur sitt fyrste landsmøte som stortingsparti.

Heile fem personar har til no meldt seg som kandidatar til dei to talspersonverva.

Hanna Marcussen har vore talsperson i seks år, og må ifølgje vedtektene gå av på dette landsmøtet. Ho ønskjer å endre vedtektene for å kunne stille vidare.

Fakta

Leiarval i MDG:

• Miljøpartiet Dei Grøne vel ny partileiing på landsmøtet 25.–27. april.

• Hanna Marcussen, Hilde Opoku, Hilde Lengali, Rasmus Hansson og Harald Nissen er førebels kandidatar til leiinga.

• Medan dei andre partia har ein leiar, styrast MDG av to talspersonar, ei kvinne og ein mann.

• Landsmøtet skal ta stilling til om partiet skal gå vekk frå talspersonmodellen, til fordel for modellen med leiar og nestleiarar.

• Partiet skal òg avgjere om talspersonar kan sitje lengre enn seks år, noko vedtektene forbyr. Marcussen har allereie vore talsperson i seks år.

Vil bli leiar – aleine

Rasmus Hansson meiner at partiet skal gå bort frå modellen med to likestilte talspersonar.

– Ein leiarmodell er meir effektiv, og gjev mindre fare for konflikt i leiinga, seier Hansson, som likevel ikkje meiner at dette er noka stor sak for han.

– Det er mykje som taler for at eit partis einaste stortingsrepresentant er ein del av leiinga, seier Rasmus Hansson. Hansson understrekar at han stiller seg til disposisjon for valnemnda fordi medlemer av partiet har bede han om det.

Hansson mot Marcussen

Rasmus Hansson stilte mot Marcussen då MDG skulle velje stortingskandidat frå Oslo. No kan han på ny skuve Hanne Marcussen ut frå eit viktig verv i partiet.

– Eg ønskte ikkje den kampvoteringa då, og eg vil heller ikkje skuve ut Hanna no. Eg meiner det er ein føresetnad at eit politisk talent som Marcussen blir teken vare på i partiet, seier han.

Marcussen har vore talsperson i seks år. På den tida har partiet gått frå 300 til 6000 medlemer.

– Det hadde vore gøy å halde fram, men samstundes er det positivt at vi har fleire gode kandidatar som er motiverte til å ta i eit tak. Det er eit teikn på at utviklinga har vore vellukka i partiet, seier veteranen Marcussen.

Fleire kandidatar

I tillegg til Hansson og Marcussen, stiller dagens talsperson Harald Nissen til gjenval, men kjelder i partiet meiner at han vil trekkje seg til fordel for Rasmus Hanssons kandidatur. Hilde Lengali og Hilde Opoku er nye kandidatar til talspersonvervet.

Hilde Lengali har vore partisekretær, starta MDGs kvinnenettverk og leidd arbeidet med nytt prinsipprogram.

– Eg vil breie ut partiet, og få fram at vi er eit raust parti som ønskjer radikal omfordeling og eit medmenneskeleg perspektiv på politikken, seier Lengali.

Opoku har lang fartstid frå lokalpolitikken i Trondheim.

– Eg trur eg kan bidra med å konkretisere MDGs politikk. Vi har vore flinke til å snakke i overskrifter, no må vi gjere politikken relevant for kvardagen til folk, seier Opoku.

– Korleis?

– Justering av velferdspolitikken. Folk må få større fleksibilitet til å bidra meir innan omsorg for både barn og eldre, men arbeidslina og institusjonalisering av velferda gjer det vanskeleg for dei. Her har vi gode løysingar både for folkehelsa og økonomien, og eg vil bidra til at dei kjem fram.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 19. mars 2019
SKATT: Statsminister Erna Solberg (H) åpner for å se på skattesystemet for å motvirke økt ulikhet. Hun sier fordelingseffekten av grønne skatter er «pervers».
Mandag 18. mars 2019
ULIKT HØYRE: Heidi Nordby Lunde refser eget parti i ulikhets­debatten og mener Høyre må ta et oppgjør om skatte­dogmer.
Lørdag 16. mars 2019
OFFER: – Hun er ikke hardhudet. Det har vært veldig tøft for henne, sier fylkesleder i Oslo Frp Tone Ims Larssen. Hun ser fortsatt på Waras samboer som offer.
Fredag 15. mars 2019
POLITISK: PR-byråene Geelmuyden Kiese, Kruse Larsen, Rud Pedersen og First House har lokalpolitikere fra Høyre, Ap, KrF og Venstre i staben.
Torsdag 14. mars 2019
SKEPTISK: Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum mener PR-bransjen bidrar til å skape en «profesjonalisert ­meningsindustri».
Onsdag 13. mars 2019
SLUTT PÅ NSB: Norsk lokomotiv­manns­forbund sier NSB i praksis har blitt et ­bemanningsselskap. De forstår at ­Norges Statsbaner er et misvisende navn på et ­selskap som verken skal eie skinner eller tog.
Tirsdag 12. mars 2019
OPPGJER: Lønnsoppgjeret er i gang. Dette forventar kokken, helsefag­arbeidaren, ingeniøren, læraren, reinhaldaren, barnevernspedagogen og industrimekanikaren.
Mandag 11. mars 2019
EUROPA: Venstre vil bruke kommunevalget til å hylle EØS. Partiet varsler valgkamp mot Senterpartiet og andre som sår tvil om avtalen.
Lørdag 9. mars 2019
UTRYGGE: Olje­arbeidar Julia Kelmendig vurderer ny utdanning, medan klubbleiarar i oljeindustrien ber politikarane om å unngå uro om oljepolitikken.
Fredag 8. mars 2019
ELLERS TAKK: Det var ikke noe bygdeopprør i Venstre da Granavolden-plattformen ble vedtatt i januar. Tvert imot stemte et verdiliberalt mindretall nei til plattformen.