Fredag 24. januar 2014
Forsvarer Ytringsfridommen: Jon Fosse stiller seg solidarisk med journalistar som ikkje får skrive på eige språk. – Det er ei krenking av verste slag, seier han.
• Aftenposten omsette intervju med Jon Fosse • Vil at journalistane skal få velje målføre sjølv
Fosse krev språkfridom
Undersak:

Avis bad om orsaking for nynorsk

Stavanger Aftenblad valde å trykkje Fosse-intervjuet på nynorsk, men syntest dei skulda lesarane ei forklaring. På bokmål.

«Vi har valgt å trykke dette intervjuet på nynorsk, fordi Jon Fosse selv bruker nynorsk i sitt kunstneriske uttrykk.»

Setninga vart føydd til heilt på slutten, men før journalistens signatur. At den kom på trykk var ifølgje kulturredaktøren ikkje meininga, men det utløyste likevel reaksjonar hos lesarane. «Må ein vera nynorskskrivande, verdskjend forfattar for å bli omtala på nynorsk i Aftenbladet?», skreiv ein av Aftenblad-abonnentane i eit innlegg.

Journalisten var Siri Økland i Bergens Tidende. Generelt synest ho ikkje noko om at ein redaktør føyer til ein merknad til ein artikkel utan at det går fram at det er redaktørens ord, ikkje journalistens.

– Eg trur at dei i media som skjermar lesarane sine for nynorsk, undervurderer ei mangslungen og lesekunnig gruppe blant det norske folket, seier Økland.

Aftenposten valde å omsetje heile intervjuet til bokmål, noko Økland meiner er eit større tap for lesarane enn for henne personleg.

– Dei går glipp av sjansen til å lesa Fosse på den måten han uttrykkjer seg, både skriftleg og munnleg. Altså i ei målform som ikkje er mindre forståeleg enn at han blir rekna som Norges einaste kandidat til Nobelprisen i litteratur, seier journalisten.

Aftenpostens ansvarlege redaktør Espen Egil Hansen forsvarer avgjerda:

– Aftenpostens språk er moderat bokmål. Men av og til slepp vi til eit og anna innlegg på nynorsk. Sist gong var no på tysdag, da vår politiske redaktør Harald Stanghelle skreiv ein kommentar om brannen i Lærdal, som ei subtil hyllest frå ei vestlending til ei hardt prøva vestlandsbygd.

– Så Aftenposten er på gli i nynorskspørsmålet?

– Nei, det har vi ikkje diskutert i løpet av dei femti dagane eg har vore sjefredaktør.

– Jon Fosse kallar det eit overgrep når journalistar i Aftenposten ikkje får skrive på sitt eige språk?

– Eg veit det finst journalistar som jobbar i Aftenposten som har vakse opp på stader der det er naturleg å nytta nynorsk som skriftform. Men å kalla det overgrep er veldig store ord, seier Hansen.

Forfattar Jon Fosse meiner språktvangen for journalistar er eit åtak på grunnleggjande rettar. – Ein openberr krenking av ytringsfridommen, seier Fosse.

SPRÅK

Debatten om journalistar sin rett til å skrive på eige målføre skaut fart i fjor haust da Kjartan Fløgstad skreiv ein kronikk om temaet i Klassekampen. No tek forfattarkollega Jon Fosse bladet frå munnen og gjev si uinnskrenka støtte til journalistane som har nynorsk som fyrsteval.

– Eg meiner det burde vera innlysande. Eg meiner at alle berre kan éin variant av norsk godt nok til at ein kan skriva verkeleg godt. Og den varianten må ein få skriva.

Fakta

Jon Fosse:

• Norsk forfattar og dramatikar frå Strandebarm.

• Debuterte i 1983 med romanen «Raudt, svart». Hans fyrste skodespel «Og aldri skal vi skiljast» kom i 1994. Aktuell med den kritikarroste boka «Kveldsvævd».

Omsett til over 40 språk. Hans skodespel er sett opp på meir enn 900 scener over hele verda. Det gjer Fosse til den mest omtala og spela norske dramatikar etter Henrik Ibsen.

Kilde: NTB

Blei ikkje spurt

Tidlegare denne veka trykte Aftenposten eit lengre intervju med Fosse i samband med utgjevinga av den kritikarroste boka «Kveldsvævd», den siste i «Andvake-trilogien». Intervjuet vart skrive av Bergens Tidende-journalisten Siri Økland og trykt i si opphavlege form på nynorsk i hennar eiga avis. Bergens Tidende og Aftenposten inngår i eit samarbeid om stoffutveksling i regi av eigarselskapet Media Norge.

I eit epostintervju med Klassekampen gjev Fosse uttrykk for at oversetjinga ikkje kom som nokon overrasking.

– Det var ikkje uventa. Slik sett reagerer eg ikkje på dette i det heile teke. Eg har for lengst vendt meg til å leva i eit land der ytringsfridommen dagleg blir krenkt.

– Det er journalistane som ikkje får skrive på eige målføre du tenkjer på?

– Eg tenkjer på journalistar som ikkje får skriva på sitt eige språk.

– Var det ei god omsetjing?

– Eg har ikkje lese intervjuet.

– Ga du dei godkjenning til å omsetje intervjuet?

– Ingen har spurt meg om noko som helst. Men eg hadde ikkje sagt nei til at Aftenposten trykte intervjuet på riksmål. Dei alle fleste intervju i Noreg med meg har vore på bokmål. Dette er eit problem som høyrer heime på eit høgare nivå enn det personlege.

– Kvifor synest du ikkje at det er problematisk?

– Eg ser det heller andre vegen og er glad for at dei andre avisene trykte intervjuet på nynorsk. Det er aviser med både nynorsk og bokmål, som no er det vanlege. Før eller sidan kjem nok óg Aftenposten etter, men det tek berre si tid.

– Kva trur du ville skjedd med ditt forfattarskap om det hadde vorte omsett til bokmål?

– Eg har vorte omsett til bokmål før, det var «Noen kjem til å komme» på Nationaltheatret for nokre år sidan. Og det gjekk fint. Men stykket skifta liksom farge. På nynorsk kjendest det brunt og lilla ut, på bokmål gult og kvitt, for å seia det slik. Det fekk noko meir feminint over seg, liksom. Og eg har sjølv omsett Ibsen til nynorsk.

Boikottar PEN

I dag er det berre nokre få riksaviser som tillét at journalistane får skrive nyhendeartiklar på nynorsk, blant anna Klassekampen og Bergens Tidende. Andre har opna for nynorsk i kommentarar og kronikkar, som Dagsavisen og Dagens Næringsliv. Leiinga i journalistanes interesseorganisasjon Norsk Journalistlag har hittil ikkje ønska å ta stilling til saka, anna enn at dei meiner det må vere opp til kvar enkelt redaktør å avgjere kva slags målform som skal nyttast.

Jon Fosse har lita tru på å styrke nynorskbrukaranes status i lovverket, til dømes ved å utvida retten til å velja si eiga målform også til det private arbeidslivet.

– Eg trur det berre vil føra til at journalistar som skriv nynorsk ikkje får arbeid til dømes i Aftenposten. Eg har meir tru på at dette kjem til å endra seg av seg sjølv. Og det vil det.

Fosse meiner det er viktig at andre kulturarbeidarar syner solidaritet med journalistar som ikkje får skrive på nynorsk og at det er eit så stort overgrep at den norske avdelinga til forfattar- og ytringsfridomsorganisasjonen PEN bør involvere seg.

– Eg synest det er problematisk for Noreg som nasjon og som språksamfunn. Men PEN i Noreg vil tydelegvis ikkje ta tak i problemet, så då får ein vona at PEN i andre land tek tak i denne openberre krenkinga av ytringsfridommen, seier Fosse, som har bestemt seg for å halde seg utafor PEN av same årsak.

– Nokon vil sikkert hevda at du overdriv når du meiner at grunnleggjande rettar som ytringsfridom blir krenkja berre fordi ein ikkje får lov til å skrive på nynorsk. Kva tenkjer du om det?

– Kva er då krenking av ytringsfridommen? Det er ei krenking av verste slag, ei fundamental krenking, nettopp av retten til å ytra seg. Du burde, om du tenkjer slik, bli pålagd å skriva nynorsk resten av di tid som journalist.

jonas.braekke@klassekampen.no

Mandag 9. desember 2019
I dag blir det klart om Cissi Wallin hadde lov til å navngi sin påståtte overgriper til 30.000 følgere. Advokat Jon Wessel-Aas råder kvinner til å begrense hvor mange de betror seg til.
Lørdag 7. desember 2019
Kulturminister Trine Skei Grande (V) overlater ansvaret for mediepolitikken til et byråkratisk utvalg som ikke må stå til ansvar for velgerne, mener Arbeiderpartiets Trond Giske.
Fredag 6. desember 2019
Neste år kommer to bredt anlagte true crime-serier om skandinaviske båtkatastrofer. De pårørende ønsker dem velkommen.
Torsdag 5. desember 2019
Forfatter og tidligere politileder Hanne Kristin Roh­de mener Baneheia-podkasten til TV?2 aldri burde vært kringkastet.
Onsdag 4. desember 2019
Denne uka presenteres 40 skjønn­litterære debutanter på Litteratur­huset i Oslo. Åtte av dem har ikke fått en eneste anmeldelse i riks­avisene.
Tirsdag 3. desember 2019
SV anklager regjeringen for å ofre breddekultur og frivillighet når overskuddet fra Norsk Tipping blir fordelt. Nå krever partiet opprydding.
Mandag 2. desember 2019
Tradisjonell satire kjem til kort mot Jair Bolsonaro, meiner opposisjonell filmskapar.
Lørdag 30. november 2019
Kan endeløse Facebook-diskusjoner ødelegge for den offentlige samtalen om litteratur? Det frykter kritikerne Henning Hagerup og Bernhard Ellefsen.
Fredag 29. november 2019
I Sverige vil flere høyrepartier nå krympe budsjettene til landets allmennkringkastere. – Også NRKs virksomhet kunne med fordel vært innskrenket, sier Morten Wold i Frp.
Torsdag 28. november 2019
Bokhandlerprisen går «alltid» til best­selgende forfattere. Nå etterlyser ­uavhengige bokhandlere innsyn i ­stemmegivningen.