Mandag 20. januar 2014
RAUD MANN: Jonas Gahr Støre har fått eit klart råd frå fylkesleiarane om skatteopplegget for neste stortingsperiode: Ikkje høyr på dei blåblå. Foto: Christopher Olssøn
Fylkesleiarane i Ap meiner dei blåblå skattekutta må reverserast. Jonas Gahr Støre er einig:
Ap fredar ingen kutt
KLART RÅD: To av tre fylkesleiarar i Ap meiner dei må gå til val på å auke skattane i 2017. Jonas Gahr Støre meiner vi må betale meir skatt i framtida.

SKATT

Ved nyttår var arveavgifta historie, og både personskatten, selskapsskatten og formueskatten blei kutta. Til saman er skatte- og avgiftskutta i 2014 på åtte milliardar kroner. Og dette er berre starten, skal vi tru regjeringa:

Høgre gjekk til val på å kutte skattane med 25 milliardar kroner i denne stortingsperioden. Frp slo til og lova 100 milliardar kroner i lette.

Dette får landets Ap-toppar til å frykte stramme tider for velferdsstaten. Klassekampen har snakka med 17 av fylkesleiarane i Ap. 11 av dei seier klart at Ap ikkje kan gå til val på å vidareføre det nye og lågare skattenivået dei blåblå har innført. Dei får støtte frå Jonas Gahr Støre, finanspolitisk talsperson i Ap:

– Ingen av dei blå skatte- eller avgiftskutta er freda. Men det ligg heller ingen automatikk i at dei vil bli som før.

– Vil det bli vanskeleg å gå til val på å reverse skattekutt fordi det er upopulært?

– Det å reversere politiske vedtak har ein eigen karakter. Ei anna tilnærming er å tenkje nytt, meiner han.

–I Aps program for denne stortingsperioden går vi ikkje inn for å kutte i skattane. Vi meiner det er riktigare å investere i velferd og produktivitetsfremjande tiltak. Fylkesleiaranes bodskap reflekterer det vi har i vårt program, seier Støre.

Fakta

Ap-Noreg om skatt:

• Ei rundspørjing frå Klassekampen viser at totalt 11 fylkesleiarar i Arbeidarpartiet meiner partiet ikkje kan gå til val på å vidareføre alle dei blåblå skattekutta.

• Dette er fylkesleiarane i Sør-Trøndelag, Finnmark, Vestfold, Nord-Trøndelag, Rogaland, Nordland, Telemark, Vest-Agder, Troms, Hedmark og Møre og Romsdal.

• Fem fylkesleiarar har ikkje konkludert i saka. Dette er leiarane i Akershus, Sogn og Fjordane, Oppland, Østfold og Aust-Agder.

• Éin fylkesleiar, Sveinung Valle i Hordaland, ville ikkje svare.

Skattekutt for oljepengar?

I 2005 gjekk den raudgrøne regjeringa til val på å ikkje auke skattar og avgifter over nivået frå 2004. Mykje tyder på at eit tilsvarande løfte kan sjå ganske annleis ut i 2017, alt ettersom kor store skattekutta dei neste åra blir.

Støre meiner likevel det er for tidleg å seie om skattenivået bør hevast i 2017:

– Vi må sjå budsjetta framover. Før var det formueskatten som måtte kuttast, men no meiner NHO at det er selskapsskatten som er det store problemet. Kuttar dei i denne skatten, vil det føre til kutt i personskatten, meiner Støre. Desse skattane har tradisjonelt vore like høge. Støre er spent på å sjå om regjeringa vidarefører grepet frå årets budsjett med å finansiere skattekutt med oljepengar.

– Skattesystemet må byggje på tre kvalitetar: Det skal finansiere spleiselaget Noreg, det skal vere rettferdig og det skal vere effektivt, seier Ap-toppen. Han peikar på at det er mange land som har lågare skattenivå enn Noreg, utan gjer det betre når det gjeld økonomi, velferd eller omstilling.

– Under den raudgrøne regjeringa var det hundretusenvis som fekk lågare skatt, men det blei òg fleire som betalte. Eg vil dessutan minne om at det var vi som senka selskapsskatten med éin prosent.

– Einfaldig skattedebatt

Støre har ei klar melding til NHO og andre som bruker skattenivåa i andre land som argument for kutt her heime:

– Det er einfaldig å løfte fram éin skatt og seie at den må kuttast fordi satsen er lågare i eit anna land. Til dømes er arbeidsgjevaravgifta langt høgare i Sverige enn i Noreg, minner Støre om.

I romjula sa Civita-sjef Kristin Clemet til Klassekampen at «i framtida må vi nok også være forberedt på å øke skattene».

– Har ho rett?

– Eg skjønnar hennar tilnærming, som står i kontrast til kva hennar regjering, og ikkje minst NHO, seier. Det er mange oppgåver som ventar oss framover: Den sosiale kontrakten, sjølve spleiselaget, må haldast oppe, samstundes som vi får større oppgåver i til dømes omsorgssektoren, seier Støre.

– Desse oppgåvene løyser vi best saman. Forsking peikar på at vår måte å gjere det på er veldig effektiv, ved at den ikkje splittar opp velferden i forsikringssystem som skaper mange taparar. Så ja, det kan vere den vegen det går, at Clemet har rett. Men det er heller ikkje gjeve at vi må betale meir i framtida, meiner Støre.

Klar melding frå Ap-Noreg

Av dei 17 fylka Klassekampen har snakka med, meiner 11 at dei blåblå ikkje kan definere skattenivået framover.

– Ved neste val kjem Ap til å gå til val på eit relativt høgt skattenivå, seier Eva Kristin Hansen, fylkesleiar i Sør-Trøndelag.

– Vi i Ap vel ikkje skattekutt framfor velferd. Det vil sjølvsagt bli ein diskusjon om skattenivået fram mot landsmøtet, men eg meiner vi bør gå til val på å reversere skattekutta, meiner Sonja Mandt, som er leiar i Vestfold.

–Den aller viktigaste måten å drive god fordelingspolitikk på, er gjennom skattepolitikken. Når regjeringa reduserer skattane til dei som har mest frå før, kan eg aldri sjå for meg at vi skal meine at det er greitt å styre på grunnlag av det, meiner Eirik Sund.

Av dei fem som ikkje har ei klar meining om skattenivået etter 2017, er popularitet eit tema som trekkjast fram.

– Eg vil halde begge alternativa opne. Vi bør ideelt sett heve skattenivået igjen, men noko av problemet med høgrepolitikk er at det er nesten umogleg å reversere det. Det er ikkje stor tilslutning til å auke skattenivået, men eg vil heller bruke pengane på velferd enn skattelette, seier Sverre Myrli, leiar i Akershus Ap.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 19. mars 2019
SKATT: Statsminister Erna Solberg (H) åpner for å se på skattesystemet for å motvirke økt ulikhet. Hun sier fordelingseffekten av grønne skatter er «pervers».
Mandag 18. mars 2019
ULIKT HØYRE: Heidi Nordby Lunde refser eget parti i ulikhets­debatten og mener Høyre må ta et oppgjør om skatte­dogmer.
Lørdag 16. mars 2019
OFFER: – Hun er ikke hardhudet. Det har vært veldig tøft for henne, sier fylkesleder i Oslo Frp Tone Ims Larssen. Hun ser fortsatt på Waras samboer som offer.
Fredag 15. mars 2019
POLITISK: PR-byråene Geelmuyden Kiese, Kruse Larsen, Rud Pedersen og First House har lokalpolitikere fra Høyre, Ap, KrF og Venstre i staben.
Torsdag 14. mars 2019
SKEPTISK: Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum mener PR-bransjen bidrar til å skape en «profesjonalisert ­meningsindustri».
Onsdag 13. mars 2019
SLUTT PÅ NSB: Norsk lokomotiv­manns­forbund sier NSB i praksis har blitt et ­bemanningsselskap. De forstår at ­Norges Statsbaner er et misvisende navn på et ­selskap som verken skal eie skinner eller tog.
Tirsdag 12. mars 2019
OPPGJER: Lønnsoppgjeret er i gang. Dette forventar kokken, helsefag­arbeidaren, ingeniøren, læraren, reinhaldaren, barnevernspedagogen og industrimekanikaren.
Mandag 11. mars 2019
EUROPA: Venstre vil bruke kommunevalget til å hylle EØS. Partiet varsler valgkamp mot Senterpartiet og andre som sår tvil om avtalen.
Lørdag 9. mars 2019
UTRYGGE: Olje­arbeidar Julia Kelmendig vurderer ny utdanning, medan klubbleiarar i oljeindustrien ber politikarane om å unngå uro om oljepolitikken.
Fredag 8. mars 2019
ELLERS TAKK: Det var ikke noe bygdeopprør i Venstre da Granavolden-plattformen ble vedtatt i januar. Tvert imot stemte et verdiliberalt mindretall nei til plattformen.