Fredag 1. november 2013
PÅGANG: Betzy krisesenter i Drammen har eige butilbod for menn, og dagleg leiar Linda Jakobsen registrerer at pågangen aukar etterkvart som tilbodet blir meir kjent. Foto: Monica Larsen
• Stadig fleire valdsutsette menn søkjer hjelp • Over halvparten har utanlandsk bakgrunn
Strøymer til krisesentra
Undersak:

Redde for å mista retten til barna

Forskar Wenche Jonassen arbeider med å analysera intervju med 18 valdsutsette menn. For eit par år sia gjorde ho ein pilotstudie med spørsmål til dei krisesentra som hadde mest menn.

– I tillegg til dei same problemstillingane som for valdsutsette kvinner, fann eg også homofile forhold med vald. Og unge minoritetsmenn som vart utsette for valdelege reaksjonar frå familien, det gjaldt både tvangsekteskap og reaksjonar på at dei hadde blitt «for norske», seier Jonassen til Klassekampen.

Tove Ingebjørg Fjell, professor ved Universitetet i Bergen, har nyleg gitt ut boka «Den usynliggjorte volden», basert på kvalitative intervju med 11 etnisk norske menn utsette for partnarvald.

– Desse mennene valde i all hovudsak å ikkje sjå på seg sjølve som valdsoffer. Hadde dei blitt slått ned ute på byen, ville det ikkje vore tvil. Men i eigen heim sat det langt inne å erkjenna kva som skjedde, seier ho til Klassekampen.

Den viktigaste skilnaden mellom menns vald mot kvinner og kvinners vald mot menn, slik Fjell ser det, er graden av fysisk skade.

– I nokre tilfelle kunne dei gått til legevakta, men det gjorde dei stort sett ikkje, seier Fjell.

Ein hadde halde ut med vald frå kona i 25 år.

– Det tar ofte lang tid å komma seg ut av slike forhold. Nokre blir kasta ut av kona, og kan bli letta over det, andre vel sjølve å gå, seier forskaren.

Fleire var opptekne av å vera passive i valdssituasjonen, og ikkje slå tilbake.

– Dei var klar over at det lett ville føra til at dei mista retten til barna. Dette er noko eg analyserer inn i konturar av ein ny type maskulinitet, seier Fjell.

VALD: I 2012 budde 117 menn på norske krisesenter, ei tredobling på tre år. Om lag halvparten var utsette for vald frå ektefelle eller sambuar.

KRISESENTER

– Krisesenteret opna ei ny verd for meg, der fekk eg komma til samtalar, og vart møtt med omsorg. Hadde dei hatt butilbod den gong, ville eg ha flytta inn på dagen.

Det fortel Nader frå Iran om erfaringar frå nokre år tilbake, før krisesentertilbodet til menn vart lovpålagt. Av omsyn til familien ønskjer han ikkje å ha etternamnet sitt på trykk.

Fram til han fekk kontakt med krisesenteret hadde han ikkje snakka med nokon om kva han hadde vore utsett for heime.

– Det er stor skam for ein mann å seia høgt at han blir utsett for vald frå kona si, seier han.

Fakta

Menn og krisesenter:

• Kommunane må ha krisesentertilbod til kvinner, barn og menn. Butilbodet til kvinner og til menn skal vera fysisk skilde.

• 40 av 47 krisesenter har no tilbod til menn.

• I 2012 budde 117 på krisesenter, ialt 4664 døgn. 58 prosent hadde utanlandsk bakgrunn.

• 47 prosent var utsette for overgrep frå ektefelle eller sambuar, ni prosent frå tidlegare partnar. 22 prosent utsette for overgrep frå foreldre.

Klassekampen 30. oktober

Ny lov i 2010

Krisesentertilbod til menn kom med den nye krisesenterlova i 2010. Statistikken frå Krisesentersekretariatet viser at 117 menn budde på norske krisesenter i 2012, og 24 prosent hadde med seg barn ved det første opphaldet.

Linda Jakobsen, leiar for krisesenteret Betzy i Drammen, har erfart at det er eit reelt behov for krisesenterplassar for menn.

– Vi trudde at valdsutsette menn først og fremst hadde bruk for nokon å snakka med, men oppdaga raskt at det også var bruk for eit butilbod, seier ho til Klassekampen.

I Drammen er mannsavdelinga på plass i eit nyoppussa hus på hemmeleg adresse eit stykke unna kvinnesenteret. Jakobsen kan visa fram ein romsleg bustad med tre soverom, kjøkken og opphaldsrom. Her er det plass for både leikande barn og vaksne som vil ha ro omkring seg. Sia denne bustaden vart tatt i bruk i august i år, har to menn budd her. I fjor budde ti menn kortare og lengre tid i eim mellombels bustad tilknytta krisesenteret frå påske og ut året.

– Dei mannlege brukarane har ein annan profil enn vi venta. Her kjem menn med norsk og utanlandsk bakgrunn, med ulik sosial status. Her kjem menn med god utdanning som er svært nedbrotne og slitne av vald frå kvinneleg partnar. Andre er offer for det som blir kalla æresrelatert vald ut frå ein annan kulturbakgrunn, forklarer Jakobsen. Den landsdekkjande statistikken fortel at 58 prosent av mennene som bruker krisesentra har utanlandsk bakgrunn.

Kjende seg makteslaus

Nader hadde budd mange år i Noreg da han gifta seg med ei kvinne frå heimlandet. Ekteskapet vart ikkje slik han hadde håpa. Ho begynte tidleg å bruka fysisk vald mot han, noko han ikkje kunne forsvara seg mot, eller snakka om. Han passa på at kleda så langt mogeleg dekte både blåmerke og kloremerke når han gjekk på jobb.

Han fortel at kona hans var vaksen opp i ein familie med mykje vald, ho vart slått av si eiga mor.

– I min familie var det ikkje spor av valdsbruk, eg høyrde aldri foreldra mine krangla. Eg var makteslaus overfor det eg vart utsett for, seier Nader til Klassekampen.

Han heldt ut lenge, vart både fysisk og psykisk utsliten, på det verste vog han berre 40 kilo. Til slutt måtte han gjera noko av omsyn til dottera da ho var om lag fire år. Han hadde skaffa barnehageplass til henne, mellom anna fordi han meinte det var viktig at ho fekk læra norsk.

– Kona mi likte ikkje det og gav meg juling, fortel han.

Nader kontakta barnevernet og fekk tips om krisesenteret. Der fekk han den støtta han trong for at både han og dottera kunne komma ut av dei vonde forholda i heimen.

– Elles møtte eg mange fordommar i det som skulle vera det offentlege hjelpeapparatet. Ein mann som seier han er utsett for vald frå kona, kan ha vondt for å bli trudd, og som ein mann frå tredje verda opplevde eg ei dobbelt diskriminering, seier han.

Pågangen aukar

– Kor mange som kjem, handlar om marknadsføring. Dess meir vi kan få sagt ifrå om at tilbodet finst, dess fleire menn tar kontakt, seier Jakobsen.

Mannsavdelinga ved Betzy krisesenter har ikkje fast bemanning. – Med knappe ressursar må vi heile tida vurdera kva som trengst mest. I akuttsituasjonar må eg rykka ut, seier senterleiaren.

– Det har vore mange diskusjonar om å tilsetja menn på krisesenter. Kva er erfaringa her?

– Vi trudde først at vi skulle tilsetja menn for å møta dei mannlege brukarane. Men det har vi ikkje gjort. Det kan vera eit større tap for ein mann å vedgå overfor ein mann kva han har vore utsett for, medan det fungerer godt med vaksne, trygge kvinner, seier Jakobsen.

magnhild.folkvord@klassekampen.no

Fredag 14. desember 2018
LOV: Nav-kontorene mener innføringen av lovpålagt aktivitetsplikt hjelper ungdommen, men andelen unge på sosialhjelp er like høy som før loven kom.
Torsdag 13. desember 2018
NYTT: I 2017 døde flere rusbrukere av heroin-medisinen metadon, enn heroin, viser nye tall fra Folkehelseinstituttet.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.