Torsdag 31. oktober 2013
SAVNA: Det er tjue år sidan journalist og forfattar Simen Skjønsberg døde. – Dialog og tvisyn var hans varemerke, skriv Edvard Hoem. ARKIVFOTO: KLASSEKAMPEN
Simen Skjønsberg blir utsett for stor urett i boka «Venstreekstremisme», skriv Edvard Hoem.
Skjønsbergs tvisyn

Simen Skjønsberg (1920–1993) var journalist i Dagbladet og skjønnlitterær forfattar. Eg har alltid visst om han fordi han voks opp i Nordbygda i Øyer, der også mor trødde sine barnesko.

Simen var fire år eldre enn mor og odelsgut, men reiste til Oslo for å studere da krigen kom. Han kom med i illegalt arbeid, og i 1942 vart han arrestert og sendt til Tyskland i krigsfangenskap. Utruleg nok overlevde han.

I 1954 vart han tilsett som journalist i Dagbladet. Frå 1959 til 1978, altså i ein periode på 19 år, var han leiar for kulturavdelinga. Fram til sin avgang i 1990 sette han sitt sterke personlege preg på kultursidene.

Simen var venstremann og liberalar og radikal i gammaldags forstand. Tidleg kom i opposisjon til all oppblåst heltedyrking, norsk Nato-medlemskap og til den primitive antikommunismen og mccarthyismen som også prega debatten i Norge. Han vart pasifist og trudde ikkje på noko væpna oppgjer med totalitære statar. I artiklane sine viste han uvilje mot alle former for fanatisme. Som mange andre på syttitalet var han opprørt over amerikansk støtte til militærregime i ulike verdsdelar. I eit par tilfelle uttrykte han seg slik at det kunne bli misforstått. I artikkelserien «Albanske døgn» frå 1972 brukte han formuleringar som kan misforståast, og som vart brukt mot han for alt dei var verdt av Øystein Sørensen i Dagbladets historie frå 1994: «Utskjelt og utsolgt». Simen vart skulda for å ha opna avisa for totalitære meiningar fordi han sleppte til folk som Espen Haavardsholm og Dag Solstad i spaltene. Det Sørensen unnlét å fortelja, var at ingen av dei to den gongen var medlem av noko politisk parti. Solstads engasjement vart raskt avslutta av Skjønsberg på grunn av litterær usemje. Haavardsholm slutta frivillig fordi han ikkje fekk fast stilling.

Sensur av meiningar var ein så framand tanke for Simen Skjønsberg at han ikkje kom på det ein gong. Somme gonger trykte han artiklar som han var høglytt usamd i. Andre gonger refuserte han glatt når det litterært sett ikkje heldt mål.

I Dagbladets historie er Sørensens artikkel med skuldingane mot Skjønsberg akkompagnert av bilde av underskrivne og Tove Nilsen. Eg må tilstå at da eg las dette for tjue år sidan, drog eg på smilebandet. Kva Tove Nilsen har å gjera med totalitære rørsler, har eg stadig vanskar med å forstå. Da eg sjølv fekk eit vikariat i Dagbladet i 1989, var det Arve Solstad og ikkje Simen Skjønsberg som tilsette meg. Da bør vel også Arve Solstad inn på lista over dei som opna Dagbladet for dei totalitære?

Eg har i tjue år tenkt på påstandane om Simen Skjønsberg som eit stygt feilskjer frå den vyrde professor Sørensen si side. Når han gjentar tøvet i boka «Venstreekstremisme. Ideer og bevegelser» som kom ut i år, kan det ikkje lenger stå uimotsagt.

Bernt Hagtvet bruker i same bok uttrykket «de mortuis nihil nisi bonum»: «Om dei døde skal det ikkje seiast anna enn godt». Om Skjønsberg forlanger eg ikkje noko anna enn at det skal snakkast sant. Han kunne vera kontrær og opprørt over politiske forenklingar. Han hadde tvisyn og kunne stundom bli offer for ikkje så reint lite svartsyn. Kva han hadde vore utsett for og vitne til i Hitlers dødsleirar skreiv han om i «Gudbrandsdølen» i 1945, sidan nemnde han det sjeldan og aldri.

Eg skulle ønske Klassekampen kunne ta fram igjen artiklane hans frå 1945. Da ville Sørensens påstandar koma i sitt rette lys. Dyrebare ungdomsår gjekk tapt for Simen Skjønsberg under nazismens tyranni. Han kom aldri heilt over det. Alt på Lyrikkstemnet i Molde i 1966, da eg første gong møtte han ansikt til ansikt, presenterte han seg som pasifist da han las frå ei utrykt diktsamling: «Det finst ingen sak stor nok å dø for». Eg minnest det som om det var i går.

Saman med Johan Brun hadde vi ei uforgløymeleg reise til Romsdal da eg gav ut boka «Heimlandet Barndom» i 1985. I kjøkkenet på Hoem fekk han også møte igjen mor, som hadde fått barn med ein tysk soldat under krigen. Mange som hadde erfart nazismens brutalitet har, forståeleg nok, hatt problem med å tilgi dei jentene som søkte tysk selskap i krigens tid. Men Simen var like elskverdig som alltid, og han og mor snakka saman den seinsommardagen som om dei nettopp hadde forlate kvarandre i barndomsleiken under Skjønsbergaksla.

Det er ein stor urett Simen Skjønsberg blir utsett for i boka til Sørensen, Hagtvet og Brandal. Eg blir freista til å minne om det Johan Borgen sa om Nordahl Grieg, ein annan som enkelte berre vil hugse som medløpar, sjølv om han døde for Norge: «Så forsvarsløs man er når man er død!»

Simen Skjønsberg overlevde krigen ved eit tilfelle. No er det snart tjue år sidan han døde. Dialog og tvisyn var hans varemerke. Eg tilstår at eg saknar han djupt.

Artikkelen er oppdatert: 18. desember 2013 kl. 15.32
Mandag 19. november 2018
• Klassekampen skriver i dag om vilkårene for fagorganisering i frisørbransjen. Tillitsvalgt Elisabeth Landstad ble sagt opp kort tid etter en konflikt på jobben. Hun mener oppsigelsen var en straff for jobben hun gjorde som tillitsvalgt.
Lørdag 17. november 2018
Astrid Søgnens avgang som direktør for Utdanningsetaten i Oslo kan innvarsle et skolepolitisk regimeskifte. Søgnen har gjennom et par tiår vært den fremste premissleverandør på det utdanningspolitiske feltet.
Lørdag 17. november 2018
• Samtidig som forslaget til brexit-avtale river og sliter i britene, blåser det opp til ny strid om EØS-avtalen i fagbevegelsen her hjemme. I går signerte lederne i Fellesforbundet og Norsk Transportarbeiderforbund en avtale om...
Fredag 16. november 2018
• «Gratulerer! Theresa May har lyktes med å forene en dypt splittet nasjon. Alle er enige om at avtalen hun har kommet opp med er forferdelig», skriver Martin Wolf i Financial Times. Ambrose Evans-Pritchard i The Telegraph sammenlikner den...
Torsdag 15. november 2018
• Osloskolens ubestridte sjef gjennom 18 år, Astrid Søgnen, går 1. desember over i en ny stilling i kommunen. Dermed har høstens intensiverte strid mellom Oslos utdanningsetat og byråd endt slik den kanskje måtte: Skolebyråd Inga Marte...
Onsdag 14. november 2018
• Under markeringen for avslutningen av første verdenskrig i Paris søndag gikk Frankrikes president Emmanuel Macron til kraftig angrep på nasjonalisme. I talen han holdt for de frammøtte, omtalte han nasjonalisme som et svik og «en...
Tirsdag 13. november 2018
• I går skrev avisa Vårt Land om alkoholservering på styresamlinger i de statlige helseforetakene. På tre styresamlinger i Helse Nord drakk de frammøtte alkohol for nesten 60.000 kroner, viser tall avisa har hentet inn. Det er ikke ny...
Mandag 12. november 2018
• Før helga meldte utenriksminister Ine Eriksen Søreide at Norge ikke vil inngå nye avtaler om eksport av forsvarsmateriell til Saudi-Arabia. I en e-post til NTB skrev hun at «[g]runnen for dette tiltaket er en helhetsvurdering av den siste...
Lørdag 10. november 2018
• I den svært EU-positive boka «Vi som elsker Europa» legger forfatteren Stein Inge Jørgensen stor vekt på at EU nå har fått en tyngre sosial profil. Han viser til at det i EU-traktatens artikkel 3 står at EU skal jobbe for sosialt...
Fredag 9. november 2018
• Kort tid etter at nestleder i Kristelig Folkeparti Kjell Ingolf Ropstad hadde etterlyst gjennomslag om abort i regjering, kvitterte statsminister Erna Solberg at KrF i forhandlinger med Høyre må få sette «et verdipreg på en felles...