Tirsdag 26. juni 2007
– Naiv Petter Dass-kritikk
Dass-biograf Kåre Hansen har vore kjeldeblind, meiner historikar Einar Niemi. – Refleksjonslaus positivisme, supplerer litteraturvitar Jon Haarberg, om boka som skulle rive Petter Dass ned frå sokkelen.

I fredagens Klassekampen skreiv vi om lektoren i Sandnessjøen Kåre Hansen, som har provosert alle norske Petter Dass-entusiastar ved å publisere ein biografi om Petter Dass, som etter seiande skal knuse mytane om den rause og folkekjære diktarpresten.

– Petter Dass dikta ikkje makt til folket, han dikta i stor grad avmakt, uttalte Kåre Hansen.

Same dag var Hansen i debatt med historieprofessor ved Universitetet i Tromsø, Einar Niemi, under Petter Dass-dagane på Alstahaug.

Niemi har gått grundig gjennom Hansens biografi, og kjøper svært få av konklusjonane. Niemi kallar Hansens bok «dei forspelte moglegheiters bok»:

– Aldri før har nokon gått inn i det samtidige primærmaterialet så breitt som dette. Her kunne vi ha fått ei bok som verkeleg kunne ha gjeve mykje nytt, seier Niemi til Klassekampen.

Kjeldeblind

Når det likevel ikkje har skjedd, er det ifølgje Niemi fordi Hansen ikkje har vore i stand til å fortolke dei kjeldene han har grave fram:

– Han har blitt kjeldeblind. Det er ikkje noko ukjend fenomen innan historikarlauget. Kjeldene må styrast av overordna problemstillingar og vitskapsteoretiske funderingar. Kåre Hansen har funne mykje nytt, han har gått gjennom mange arkiv og mykje materiale og vore maurflittig. Det forspelte ligg i at det ikkje er stilt tilstrekkeleg kritiske spørsmål, og ikkje har vore noka overordna problemstilling. Det kjennest nesten litt sårt at desse moglegheitene er forspelte.

Og Kåre Hansens insistering på at han berre refererer kva som står i kjeldene, blir metodisk naivt, ifølgje Niemi:

– Han er ein positivist, men samanlikna med dei positivistane som stod fram på 1950-talet er han jamvel ein dårleg positivist. Min hovudkritikk er at boka manglar alternative forklaringar, ho blir kolossalt monokausal.

Autoritær

Niemi meiner Dass må forståast ut frå si eiga samtid:

– Dette var ei maktbrunstig og autoritær tid, statsmakta og prestane brukte makta si. Kåre Hansen skriv at prestane sjølvsagt trudde på djevelen, det er ikkje oppsiktsvekkande, og han skriv fint om det. Men så kallar han plutseleg Dass ein svovelpredikant og ein fundamentalist. Det er heilt ahistorisk.

– Men historieprofessor i Oslo, Øystein Rian, kalla boka «oppsiktsvekkende» og «imponerende» i Historisk Tidsskrift?

– Eg har sjølv vore redaktør av Historisk Tidsskrift, og det har neppe vore noka så panegyrisk melding i det tidsskriftet nokon gong. Eg blei så forbløffa og overraska at eg sette meg ned og las boka med ein gong, og eg kom altså til ei heilt anna oppfatning enn Rian. Eg er usamd med Rian i den einsidig positive vurderinga av boka, det er eigentleg berre det å seie, seier Niemi, som prinsipielt ikkje har noko mot Hansens prosjekt om å dekonstruere ein helt:

– Eg har sjølv vore med på dekonstruksjon og å rive ned folk, eg er ikkje ute etter å forsvare posisjonar for posisjonanes skuld, og eg føler meg som ein radikal historikar. Men det finst altså køyrereglar

Naivt

Professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, Jon Haarberg, deltok òg i fredagens debatt. Han er som Niemi både imponert og vonbroten på same tid, over Hansens bok:

– I forhold til den første dygda i historiefaget, om å forhalde seg til primærkjelder, har Kåre Hansen vore veldig god. Gjennom utallege vinterkveldar har han grave fram eit materiale som tidlegare historikarar og biografar ikkje har brydd seg med å finne fram til. Men i forhold til den neste dygda, som handlar om å forsøke å tilstreve ein slags objektivitet eller upartiskheit andsynes desse kjeldene, har han ikkje vore like god, seier Haarberg.

– Prosjektet hans er fyrst og fremst å ta rotta på den tradisjonelle Dass-forståinga, og då har han gått med ønskekvisten sin og late den slå ut på alt som kunne støtte påstandane hans.

Men alle forsøk på å reise slike innvendingar, fall på steingrunn under debattmøtet, fortel Haarberg:

– Når Hansen blir konfrontert med dette, som han blei på fredag, seier han alltid at ein berre kan sende ein e-post til Riksarkivet og be om å få sjå kjeldene og sjå at det han seier stemmer. Men det er sjølvsagt naivt. Det er ikkje der slaget står. Det handlar om å tolke dei kjeldene som faktisk føreligg.

Som Niemi meiner Haarberg å kjenne lukta av god gamaldags positivisme:

– Kåre Hansen er ein positivist: Han er fabelaktig til å grave i kjeldene, han les gotisk handskrift som få andre, men metodisk er han ute etter å vise korleis ting «eigentleg» var. Kombinasjonen av refleksjonslaus positivisme og at han tar med sitt eige sosialdemokratiske velstandstilvære inn i tolkinga av dikta, gjer at dette stundom blir ganske snurrig.

Riven med

– Dette høyrest ut som ei enkel sak, om det ikkje hadde vore for Øystein Rians panegyriske melding?

– Ja, men Øystein Rian har nok et meir nyansert syn på saka når det kjem til stykket. Eg trur kanskje han vart litt riven med av Hansens sjølvframstilling.

– Kva tenkjer du om sjølve prosjektet med å nyansere Dass-bilete?

– Det er flott. Eg har oppmuntra Kåre Hansen undervegs. Hanne Lauvstad har for så vidt gjort noko av det same i ei doktorgradsavhandling frå i fjor der ho viser at Dass bør lesast som ein elitist innan 1600-talslitteraturen, snarare enn innan det nasjonalromantiske Welhaven-biletet han så ofte blir lesen innan.

– Men er det ikkje rart at Hansen har funne såpass mange kjelder som ingen andre har sett på?

– Jo, absolutt, det er underleg, men slik er det. Og ein kan finne mange slike døme i litteraturhistoria. I dei siste to generasjonane har alle litteraturstudiar vore tekstnære, og historikarane har heller ikkje vore opptatt av biografisjangeren.

Dersom nokon skulle skrive ein meir akademisk biografi om Petter Dass, vil Hansens bok og kjeldetilvisingar vere av uvurderleg støtte, meiner Haarberg:

– Dette er eit nybrottsarbeid som det står respekt av, og som han skal ha takk og ære for. Men alt det han skriv er ikkje problemfritt, fordi han er ein naiv tekstfortolkar.

Les skeivt

Førsteamanuensis ved Nordisk institutt ved Universitetet i Tromsø, Nils Magne Knutsen, deltok òg i fredagens debatt. Han har dessutan vore mellom dei mest aktive debattantane i avisdebatten om boka som har pågått i månadsvis i Nord-Noreg.

Han meiner Hansen les Dass skeivt og selektivt:

– Ein kan godt sjå at Dass i einskilde avsnitt opptrer som den myndige presten som refsar allmugen og skildrar allmugen i komiske og latterlege situasjonar. Men det var samtidas måte å skildre allmugen på. Hos Ludvig Holberg er bøndene òg dumme. Det nye med Dass er at han òg heroiserer bonden. Det som skil han frå samtida er at han har lange avsnitt som syner stor forståing for fattigfolk, han heroiserer kampen deira på ein måte ein må fleire hundreår fram i tid for å finne maken til. Så kan ein leggje vekt på anten det eine eller det andre, og Kåre Hansen vel å leggje vekta på det tidstypiske.

Gamaldags

Og Hansens påstand om at Dass hadde «begge føtene godt planta i si eiga fortid», synest Knutsen snarare er betryggande enn sjokkerande:

– Hansen meiner Dass var gamaldags allereie i samtida si, og då vil eg seie heldigvis. Det er ikkje til alle tider best å vere progressiv. I Dass si samtid var ein på veg inn i pietismen med eit veldig sentimentalt kristendomssyn, der menneska var syndige frå vogge til grav, og det å vere kristen var ein gråtkvalt affære. Heldigvis var ikkje Dass slik. Det å vere kristen var å følgje boda, og dessutan var verda full av fantastiske ting som Gud hadde skapt, meinte Dass.

Det tidsutypiske er nettopp det fascinerande ved Dass, ifølgje Knutsen:

– Grunnen til at Dass har overlevd er at han på ulike måtar bryt med si eiga samtid, og dessutan har eit litterært talent. Innimellom er han autoritær og fundamentalistisk, men vi kan ikkje anklage han for at han ikkje avvikla eineveldet.

– Men er ikkje biletet av Dass så forskjønna at det trengst korreksjon?

– Jo, vi har ingenting mot å få vite meir om den verkelege Petter Dass. Petter Dass er blitt ein mytisk figur på linje med midnattssola, men altså med god grunn. Han har formulert nokre bilete om det å bu nordpå som faktisk har overlevd, han har sagt konsise ting som er lette å hugse. Ein må balansere det negative mot det positive, og ein må sjå Dass i lys av samtida. Det var mange større skurkar enn Petter Dass.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.41
Mandag 19. november 2018
Ved å øke sine egeninntekter har de statseide teatrene kompensert for kutt i offentlig støtte. Men de kunstneriske ambisjonene vil snart bli skadelidende, hevder teatersjefer.
Lørdag 17. november 2018
Statlige teatre har økt sine egeninntekter, selv om de får mindre i offentlige tilskudd. Høyre jubler, mens SV mener tallene i rapporten gir et misvisende bilde.
Fredag 16. november 2018
– Det har aldri vært mindre grunn til å rehabilitere Alf Larsen, sier litteratur­forsker Tore Rem. Han reagerer på Forfatterforeningens unnskyldning til den omstridte poeten.
Torsdag 15. november 2018
Det er viktig at den hegemoniske historiefortellingen om jødeforfølgelsen i Norge blir utfordret, mener Irene Levin.
Onsdag 14. november 2018
Er 10.000 kroner i statsstøtte per avisabonnement for mye? Nei, sier sjefredaktøren i Helgelendingen, og får støtte fra KrF og Senterpartiet på Stortinget.
Tirsdag 13. november 2018
25.000 abonnenter kan miste papir­avisa dersom regjeringen går for et kompromissforslag som mediebransjen selv har spilt inn.
Mandag 12. november 2018
Litteraturprofessor Marianne Egeland mener det er vanskelig å se hvem som fører ordet i høstens kjendis­bøker.
Lørdag 10. november 2018
Etter en storstilt digitalisering av skolen er Bærum kommune klar for neste skritt: kutt i skolebibliotek­tjenesten.
Fredag 9. november 2018
Sentrale personer i motstandsbevegelsen ble varslet om deportasjonen av de norske jødene høsten 1942, men varslene ble ignorert. Det viser Marte Michelet i boka «Hva visste hjemmefronten?».
Torsdag 8. november 2018
Stig Aasvik har jobbet som skyggeskriver i 15 år. Likevel synes han det er trist at kjendis­intervjuer i bokform får så høye opplagstall.