Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20191130/ARTICLE/191139997

Fleire av dei største byane i landet ønskjer minsteløn for å gje skjenkjeløyve:

Vil sikre tappetariffen

Av Martin Årseth (tekst og foto), Bergen

Publiseringsdato: Lørdag 30. november 2019

Seksjon: Innenriks

BETALER MEIR ENN NOK: Bareigar Tor Olav Dale Tessem på Apollon Platebar AS fryktar ikkje nye reglar, men er usikker på korleis ein skal handheve lønskrav i skjenkekontrollane.

Skål: Pilsen kan bli dyrare over store delar av landet. Trøysta er at dei som tappar han skal få betre råd til pils sjølve.

Arbeidsliv

Fleire av dei største kommunane i landet vil no krevje at tilsette får betalt allmenngjort minsteløn før serveringsstadane får skjenkeløyve.

– Det bør ikkje vere så veldig radikalt å stille krav om at serveringsstadar følgjer norsk lov, seier Ragna Vorkinnslien i Raudt som føreslo dette i Trondheim i mars.

Då vedtok eit samrøystes bystyre å ta kravet inn i skjenkereglementet som no skal opp til rullering, slik skjenkereglane må kvart fjerde år. Fleire byar har følgt i spora hennar.

FAKTA

Skjenkeløyve:

• Kommunane kan bestemme ein del av alkoholpolitikken sjølve.

• Kvart fjerde år oppdaterer dei skjenkereglementet og serveringsstadane må fornye skjenkeløyva.

• Bergen, Trondheim, Stavanger og Fredrikstad har intensjonsvedtak om minsteløn som krav for skjenkeløyve. Oslo og Tromsø er avventande.

• Det er omstridd juridisk. Helsedirektoratet forvaltar alkohollova og kjem med tolkinga si i vinter.

Har papira klare

Bak disken i den populære platebaren Apollon i Bergen, står dagleg leiar og medeigar Tor Olav Dale Tessem. Han lèt seg ikkje skremme av eit slikt krav, men ser utfordringane.

– Eg håpar dei har tenkt gjennom korleis desse 19 år gamle jusstudentane skal handtere det. For det er dei som kjem og kontrollerer, ein ser dei på lang veg, seier han.

Men om nokon kjem og spør, viser han gledeleg fram at papira er heilt i orden.

– Det er berre å vise kontrollørar kontrakten, så ser dei kva dei tilsette tener. Kontraktane skal liggje tilgjengeleg for andre styresmakter uansett, seier bareigaren.

Etter framlegg frå Raudt har Bergen vedteke kravet.

– Den største utfordringa er at ein må gje tilsette tilgang til dokument dei ikkje skal ha tilgang til, seier Tessem.

Lik konkurranse

– Vi meiner det er eit viktig tiltak for å gje minsteløn til tilsette i serveringsbransjen og ønskjer å få det inn i dei alkoholpolitiske vedtektene, seier helsebyråd i Bergen Beate Husa (KrF).

I Stavanger er kravet felt ned i den nye fleirtalsplattforma, og Fredrikstad vedtok det i sommar.

– Eg ønskjer like konkurranseforhold og å ta omsyn til arbeidstakarane, spesielt dei unge og sårbare. Men vi får sjå kva handlingsrommet er, seier Victor Kristiansen (Ap) i Fredrikstad.

50 prosent under minsteløn

Allmenngjort minsteløn i bransjen er for tida 167,90 kroner i timen. Då Sommarpatruljen i LO besøkte arbeidsplassar i utelivet i Oslo, fann dei at over 50 prosent hadde under minsteløn.

– Dette var første gong vi sjekka ein eigen bransje, og det er oppsiktsvekkjande mykje høgare i den bransjen enn i resten av det vi besøkjer, seier ungdomsrådgjevar i LO, Bjarne Lagesen.

Han trur ikkje det er vond vilje frå arbeidsgjevarar, og seier mange veit ikkje at minsteløna er allmenngjort.

– Vi treng at tillitsvalde følgjer opp, og det er vanskeleg i ein relativt uorganisert bransje, seier Lagesen.

Arbeidstilsynet har frå 2017 til no gjort 2500 tilsyn i overnatting- og serveringsbransjen og gjeve 7500 reaksjonar. Av dei er 3500 reaksjonar for brot på avtalt arbeidstid og arbeidsavtalar.

Einige, men …

Oslo og Tromsø har ikkje gjort vedtak om å innføre dette i skjenkereglane, men det er av meir praktiske grunnar.

– Det er noko vi har sett på og vurdert. Men vurderingane vi får frå juristane i kommunen, er at det ikkje er mogleg å ta det inn i skjenkereglementet, seier Frode Jacobsen i Oslo Arbeidarparti.

Oslo følgjer det dei kallar Oslomodellen, at kommunen bruker innkjøpsmakta til å fremje betre arbeidsvilkår. Jacobsen seier dei vil vurdere saka på nytt om det viser seg å vere innanfor lovverket.

Bergen fekk ei fagleg vurdering frå administrasjonen då saka var oppe i bystyret, som tilsa at det var mogleg.

– Andre parti kan så klart fremje lovlegheitskontroll når dette vert sett ut i live i konkrete vedtak. Men eg trur dette er innanfor handlingsrommet vårt, seier Husa.

Tromsø følgjer Oslomodellen, men byen har ikkje gjort vedtak om krav om minsteløn.

– Det var eit tema i valkampen, og vi tok kontakt med Fellesforbundet som tilrådde oss å ikkje gjere det, seier leiar i helse- og sosialutvalet Gunhild Johansen (SV).

Ho vil fremje saka på nytt om fagrørsla støttar ideen.

martina@klassekampen.no

UNDERSAK

Viser til anna lov

I Bergen har Høgre-politikarar bede Fylkesmannen vurdere om det er lovleg å krevje at tilsette får betalt allmenngjort minsteløn før serveringsstadane får skjenkeløyve. Førespurnaden er førebels avvist.

Utvalsleiar for helse i Bergen bystyre, Hilde Onarheim, var blant dei som stod bak førespurnaden. Ho skriv i ei tekstmelding at dei sjølvsagt er opptekne av ordna arbeidstilhøve, men at det skal ein bruke arbeidsmiljølova og Arbeidstilsynet til.

– Alkohollova har eit føremål, nemleg å avgrense skadeverknadane av alkoholbruk. Det er etter vår meining ikkje tillate og veldig uheldig at ein dreg inn alle andre gode omsyn som vilkår for å få skjenkeløyve, seier advokat og direktør for arbeidslivspolitikk i NHO Reiseliv, Magne Kristensen.

Han meiner kommunane og skjenkekontrollørane ikkje har ressursar til å gjere så mange kontrollar.

– Eg må streke under at når allmenngjering har kome, så er det sjølvsagt at alle skal følgje det. Og til å kontrollere det, har vi eit velsmurd Arbeidstilsyn med det som oppgåve, seier Kristensen.

Helsedirektoratet forvaltar alkohollova. Dei er klar over situasjonen, men opplyser til Klassekampen at dei ikkje er ferdige med den juridiske avklaringa.