Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20191105/ARTICLE/191109985

Fleirtalet i lakseskattutvalet vil ha ­skatt på næringas profitt, men LO seier nei:

LO forsvarer superprofitt

Av Gunnar Wiederstrøm, Bergen

Publiseringsdato: Tirsdag 5. november 2019

NÆRINGA TIL LAGS: LO, NHO og kommunane seier nei til innføring av grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa. På oppdrettsselskapet Grieg Seafoods slakteri i Hammerfest blir store mengder laks slakta dagleg. FOTO: OLE MAGNUS RAPP

SLAKTA: Havbruksnæringa hentar ut ein ekstraprofitt på 20 milliardar kroner i året. LO meiner det trengst for å halde på og ut­vikle arbeidsplassar i Noreg.

Lakseskatt

Driftsmarginane i oppdrettsnæringa har dei siste ti åra i gjennomsnitt vore nær fem gonger høgre enn i industrien. Likevel vil LO-representanten i lakseskatteutvalet, Grethe Fossli, ikkje ha ei ekstraskattlegging slik fleirtalet i utvalet ønskjer.

– Næringa møter utfordringar som lakselus og klima. For å løyse dette må ny teknologi utviklast, som havmerdar og oppdrett på land. Til det trengst både kompetente arbeidarar og økonomiske musklar. Vi vil at næringa skal ha nok musklar til å utvikle seg, og då må ho ha gode inntekter.

Fossli utgjer saman med representantane frå NHO og KS mindretalet. Fleirtalet vil innføre ei skattlegging av grunnrenta på 40 prosent, om lag slik kraftverka har i dag. Det vil kunne gje staten ekstra skatteinntekter på sju milliardar kroner i året om overskota held seg på dagens nivå.

FAKTA

Lakseskatt:

• Lakseskattutvalet gjev framlegg om å innføre grunnrenteskatt for havbruksnæringa.

• Grunngjevinga er mellom anna at næringa får nytte naturressursar som fellesskapen eig, noko som i ti år har sikra havbruket ein superprofitt.

• Næringa seier nei. Det same gjer oppdrettskommunane, NHO, LO og eit fleirtal av partia på Stortinget.

• Utgreiinga er no sendt ut på høyring med ein høyringsfrist på tre månader.

Våre naturressursar

Under pressekonferansen i går grunngav utvalsleiar Karen Helene Ulltveit-Moe dette med at næringa nyttar fellesskapets naturressursar.

– Kombinasjonen av bruk av naturressursane og at styremaktene regulerer uttaket av desse, gjev grunnlaget for grunnrente, seier ho.

Grunnrenteskatten vil gå til staten. I tillegg gjev utvalet framlegg om å:

• Avvikle eigedomsskatt og anna særskattlegging av oppdrettsnæringa.

• Innføre ei produksjonsavgift på all produksjon av laks. Avgifta skal fordelast mellom kommunane ut frå produksjonen i den einskilde kommunen og gje stabile årlege inntekter til oppdrettskommunane.

• Halde fram med å selje nye konsesjonar på auksjon, men inntektene vert ikkje lenger fordelt via havbruksfondet til kommunar og fylke.

Gullkanta næring

Utvalsleiar Ulltveit-Moe teikna eit bilete av ei næring i stor endring. Aksjeverdien har tidobla seg på få år. Fem av dei 25 største selskapa på Oslo Børs er oppdrettsselskap. Det har skjedd ein eigarkonsentrasjon. Halvparten av all lakseproduksjon er eigd av dei fire største selskapa. Den utanlandske eigardelen i næringa er på 35 prosent.

Mindretalet i utvalet vil ikkje ha grunnrenteskatt. LO-representant Fossli seier til Klassekampen at Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) og Fellesforbundet stiller seg bak.

– Tilseier ikkje overskota meir skatt for næringa?

– Havbruksnæringa bidreg til fellesskapen allereie. Ho sikrar arbeidsplassar langs kysten som betaler skatt. Det gjer verksemdene også. Vi snakkar ikkje berre innan havbruk, men også i næringsmiddelindustrien og leverandørindustrien, seier Fossli.

Mindretalet vil at næringa framleis skal betale for nye konsesjonar. 70 prosent av desse inntektene skal gå til kommunane og ti prosent til fylka som i dag. I år gav det kommunane 450 millionar kroner, i fjor 2,7 milliardar.

– Dersom svingingane vert store, ber vi i mindretalet politikarane vurdere å innføre ei produksjonsavgift.

Utvalsleiar Ulltveit-Moe sa på pressekonferansen at ho ikkje trur innføringa av grunnrente fører til reduserte investeringar og viste til olje- og kraftbransjen.

– Var det slik, ville vi ikkje hatt ein så sterk olje- og kraftindustri som vi har i dag.

Til dette svarer Fossli:

– Ho er økonom, eg er næringspolitikar. Det mindre­talet seier, er det næringa seier. Utvalsleiaren er meir teoretisk i tilnærminga. Vi er også opptekne av skatteinntekter, men det er viktig for oss at næringa blir i landet.

gunnarw@klassekampen.no