Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20191101/ARTICLE/191109995

Superprofitten har ført til krav om ekstraskatt:

Vil skatte storfiskane

Av Gunnar Wiederstrøm, Bergen

Publiseringsdato: Fredag 1. november 2019

Seksjon: Innenriks

HÅVAR INN PÅ LAKSEN: Kvar fisk representerer 10 millionar kroner omsetnad i 2018. Dei blå fiskane representer profitten. KJELDE: PROFF OG ILAKS

SKATTEKAMP: Dei mest lønsame oppdrettsselskapa sitt att med 50 øre i overskot på kvar krone dei sel laks for. No vil dei stogge ein ekstraskatt på profitten.

Oppdrett

Norsk havbruk går så det grin. Det syner tal Klassekampen og iLaks.no har henta inn. Dei minste verksemdene har dei største prosentvise overskota. Den samla omsetnaden for desse selskapa var 16,9 milliardar kroner, medan overskotet før skatt var på 5,7 milliardar kroner. Dei mest lønsame henta ut 50 øre i overskot per krone i omsetnad. Også dei største selskapet hentar ut store profittar.

Ellingsen Seafood AS på Skrova fekk eit overskot på 285 millionar kroner av ein omsetnad på 731 millionar i fjor. Dagleg leiar i familieverksemda, Line Ellingsen, seier at oppdrettsnæringa er syklisk med store variasjonar i dei økonomiske resultata.

– Seinast i år mista vi store mengder fisk som følgje av algeangrep. Dette fører til store tap i år og i 2020. I haust har også prisen på laksen variert mellom 40 og 60 kroner noko som også påverkar det økonomiske resultatet, seier ho.

FAKTA

Lakseskatt:

• Finansdepartementet har set ned eit utval som skal vurdere ekstra skattlegging av havbruksnæringa. Utgreiinga kjem måndag.

• Dei ti største oppdrettsselskapa hadde i 2018 eit overskot på 16 milliardar kroner, syner tal Klassekampen har henta inn.

• Utvalet skal vurdere to ulike alternativ: grunnrenteskattlegging og produksjonsavgift.

• Grunnrenteskatt er i praksis ei skattlegging av den ekstraprofitten næringa hentar ut ved å kunne utnytte retten til å bruke sjøareal til oppdrett. Produksjonsavgift vil vere ei avgift per produsert eining.

Vurderer ekstraskatt

Det er dei store overskota Finansdepartementet vil ha vurdert om kan skattleggjast ekstra lik vasskraft- og oljeverksemdene. Eit utval kjem med framlegg til skattlegging måndag. Skatt på grunnrenta er eit verkemiddel.

Professor Mads Greaker ved OsloMet har rekna ut grunnrenta, det vil seie ekstraprofitten i havbruk dei siste tre åra. Han kom fram til 20 milliardar kroner årleg. Greaker opplyser til Klassekampen at det i utrekninga av grunnrenta er trekt frå ei normalavkastning.

Aftenposten rekna i mars ut storleiken på ekstraskatten ut frå skattesatsen på 34,3 prosent som gjeld for kraftbransjen. Avisa kom til ei årlege ekstra skatteinntekt til staten på 6,86 milliardar kroner.

Næringa betaler i dag 22 prosent skatt av overskotet. I tillegg kjem eigedomsskatt til kommunane. Oppdrettsnæringa må også betale for å få auke produksjonen. 80 prosent av desse ekstrainntektene vert fordelt gjennom Havbruksfondet til kommunar og fylkeskommunar. I år utgjorde denne fordelinga 450 millionar kroner, medan tala i fjor var heile 2,7 milliardar kroner.

Staten tek alt

– Det vi fryktar er eit framlegg om å innføre grunnrenteskatt der overskotet frå havbruk vert pløyd inn i ei statleg skattlegging. Det vil vere til disfavør av kommunane, slik vi såg det i framlegget frå kraftskatteutvalet, seier administrerande direktør i Norsk Sjømat, Geir Ove Ystmark.

Han meiner havbruk ikkje er grunnrente og argumenterer med at verksemdene produserer smolten, fôrar han opp og fraktar oppdrettsfisken til marknaden.

– Alle innsatsfaktorar vert produserte av næringa. Vi låner areal frå kommunane. Difor er det viktig at vi har ordningar som gjev noko att til kommunane, slik Havbruksfondet fungerer.

Sjømat Norge meiner dei store overskota dei aller siste åra ikkje er eit argument for ein ekstra skatt.

– Vi har lagt bak oss nokre år med særs høg avkastning. Det skuldast ei svak krone og tak på produksjonen i Chile og Noreg, noko som har sikra høg pris. Vi kan ikkje tufta nivået på skattlegginga av ei næring på nokre gode år. Det har trass alt vore store svingingar opp gjennom åra, seier Ystmark.

Han peiker på at næringa skal gjennom store investeringar i åra som kjem. Det gjeld

• utvikling av fôr av algar, plankton, tang og tare,

• nye stader for oppdrett som gjer dei meir berekraftige.

• landstraum til oppdrettsanlegga og

• meir klimavenlege transport- og kjøleløysingar til erstatning for transport på veg.

– Dersom det kjem ekstra skattlegging av næringa er sjansane store investeringar vert flytte frå Noreg til nye anlegg nær marknaden slik vi alt ser i Florida, Polen, Kina og Sør-Afrika. Medan vi burde ha utnytta det vi har kompetanse til og investert i hav og teknologi her i landet, seier Ystmark.

– Så de vil ikkje ha ekstra skattlegging av overskota?

– Vi må ikkje gløyma at desse overskota i stor grad vert reinvestert i andre kystnæringar. Det sikraste for å halde oppe høg aktivitet og redusere sentraliseringa er å hindre at staten får hand om desse overskota gjennom ei omlegging av skattesystemet.

gunnarw@klassekampen.no