Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20191026/ARTICLE/191029976

SV-leiar Audun Lysbakken vil ha Ap-leiinga på banen etter SV-skroting i Bergen:

Skapar raudgrønt kaos

Av Anne Kari Hinna, Bergen

Publiseringsdato: Lørdag 26. oktober 2019

Seksjon: Politikk

KALD SKULDER: I Bergen har SV fått ei kald skulder av Arbeidarpartiet. SV-leiar Audun Lysbakken, her saman med Ap-leiar Jonas Gahr Støre, er rasande over utfallet av byrådsforhandlingane i Bergen. FOTO: ANNIKEN C. MOHR

SIGNAL: SV-leiar Audun Lysbakken er rasande over at Ap skrota SV for KrF i landets nest største by. SV-sjefen lurer no på om han kan stola på at Ap vil ha raudgrøn regjering i 2021.

VENSTRESIDA

– Arbeidarpartiet har svikta dei raudgrøne veljarane i Bergen, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han bur i dag i Oslo, men er sjølv medlem av lokallaget i Bergen. Etter seks veker med forhandlingar blei det denne veka klart at Ap droppar SV frå byrådet i Bergen, til fordel for KrF.

Lysbakken meiner Aps val i vest sender nasjonale signal og går ut over samarbeidsklimaet mellom dei to partia langt utover Bergens grenser.

– Eg meiner dette reiser spørsmål ved om me kan stola på at Ap faktisk ønsker å prioritera eit raudgrønt samarbeid, seier Lysbakken.

– Svekker dette sjansane for ei raudgrøn regjering i 2021?

– Me er like ivrige på eit raudgrønt samarbeid som før. Men det viser behovet for at Ap-leiinga kjem på banen og forklarar.

FAKTA

Bergenspolitikk:

• Bergen har vore styrt av Arbeidarpartiet, Venstre og KrF dei fire siste åra.

• Alle byrådspartia tapte stemmer i valet og gjekk samla frå 34 til 18 bystyremedlemmar.

• I seks veker har Ap, MDG, SV, Venstre og KrF forhandla om byråd.

• KrF ville ikkje i byråd med SV. Denne veka blei SV skrota til fordel for KrF.

– Ei historisk moglegheit

Forhandlingsleiar for Arbeidarpartiet og sittande byrådsleiar Roger Valhammer har forklart at valet av å inkludera KrF framfor SV med at det var «det beste og eneste mulige alternativet for å ta byen videre i en mer miljøvennlig og rettferdig retning» ut frå den parlamentariske situasjonen.

Frykta var at høgresida skulle danna byråd i Bergen med KrF, med støtte frå Senterpartiet.

– Trur du ikkje på han, at høgresida ville klart å danna eit byråd med KrF, og støtte frå Sp?

– Valhammer sitt problem er at det ikkje var avklart kvar Sp ville gå, seier Lysbakken.

Han meiner det kjem klart fram i fleire artiklar av Bergens Tidende om Senterpartiet i Bergen.

– Det er inga tvil om at det var sterke krefter i Sp som ikkje var interessert i å gå til høgresida. Valhammer må ta ansvar for å ha forspilt ei historisk moglegheit for eit venstresamarbeid i Bergen.

Han er ikkje er nådig med Arbeidarpartiets agering i vestlandshovudstaden:

– Eg er rasande på Ap for den handteringa. Det er også eit nasjonalt spørsmål. Det skapar uvisse om Aps kurs. Eg meiner det er eit stort tilbakeslag for samarbeidsklimaet på venstresida mellom Ap og SV, som jo har vore i forbetring det siste, seier han.

– Er dette alvorleg for samarbeidsklimaet sentralt?

– Ja, det er eit stort tilbakeslag for samarbeidsklimaet. Det reiser spørsmål ved om me kan stola på at Ap meiner alvor med å prioritera eit raudgrønt samarbeid. SV er ein pådrivar for eit raudgrønt samarbeid, men opplever at Ap heller vel KrF i Norges nest største by. Eg meiner Ap-leiinga må på banen å seia kva dei meiner, seier Lysbakken.

– Kvifor er Bergen så viktig?

– Bergen er landets nest største by. Dette er andre gang det skjer. I 2015 opplevde eg at Aps val av sentrumssamarbeid framfor eir raudgrønt samarbeid, hang nøye saman med nasjonale ambisjonar om å fri til sentrum. Difor var mi veldig klare forventing at det var viktig for Ap med eit raudgrønt samarbeid i Bergen denne gangen. I staden får me eitt ny sentrumsbyråd.

Han minnar også om at Ap i valkampen skulda Sp for å vera uklar om raudgrønt samarbeid. Det står i eit pussig lys no, meiner SV-leiaren.

– Kan stola på oss

Partisekretær i Ap Kjersti Stenseng avviser at skrotinga av SV i Bergen er eit signal om at partiet kan ta same sving nasjonalt.

– Det er overhovud ikkje noko signal om at me ikkje ønsker eit raudgrønt samarbeid, seier Stenseng.

Ho seier at gjennom heile valkampen og det siste året har ho vore tydeleg på at ho ønsker flest mogleg raudgrøne kommunar.

Det er ho framleis, men at det likevel er lokale variasjonar har ho respekt for. Landet sett under eitt har likevel gitt fleire raudgrøne samarbeid enn i 2015.

– Eg har stor respekt for at forhandlingane er vanskelege over heile landet. Kva dei enkelte lander på, skal eg ikkje meina noko om. Eg er opptatt av å få mest mogleg Ap-politikk og raudgrøn politikk.

– Er du redd for for at valet i Bergen går ut over samarbeidsklimaet med SV nasjonalt?

– Eg håpar Audun trur på at me er opptatt av at me vil styrka det raudgrøne prosjektet, seier Stenseng.

I ein sms seier Valhammer at han er usamd i Lysbakken sin analyse av det parlamentariske grunnlaget i Bergen.

«Det er ingen tvil om at Senterpartiet er splittet i spørsmålet om de ville velge venstresiden eller høyresiden i bypolitikken. Vurderingen av at det var veldig stor risiko for at vi hadde fått et Høyre-byråd denne uken deles av alt fra aviskommentatorer, andre partier til flere medlemmer i Bergen SV», skriv Valhammer, som seier eit skifte til høgre ville hatt store konsekvensar for Bybanen, arbeidslivspolitikken, byutvikling, klima og miljø, barn og unge og helse- og omsorgstenester.

«Venstresiden har samlet sett 22 mandater i bystyret, og vi behøver 34 for flertall. Da må vi samarbeide med fleire sentrumspartier», skriv han.

annekarih@klassekampen.no